lørdag 27. juni 2020

Salme 86,11

Herre, lær meg din veg
          så eg kan ferdast i di sanning!
          Gjev meg eit heilt hjarte, så eg fryktar ditt namn!


David ber om å bli undervist i Guds veg, han ville så gjerne ferdast i hans sanning, vera eit ærleg, godt, heilhjarta og gudfryktig menneske.

Når ein person har slike ønskjer, beviser det at Den Heilage Ande bur i denne personen. For det er berre han som får folk til å ha slike ønskjer. 
Guds veg og Guds sanning er parallelle uttrykk her. Guds veg er den vegen Gud har laga for oss til seg. Denne er smal, seier Jesus, men han fører fram. At han er smal betyr at me må gå i ryggen på Jesus, i hans fotspor, og eit fotspor er jo smalt. Nokre gonger er det nok slik at me vanskeleg kan sjå nokon veg i det heile tatt der Jesus fører oss. Då forstår me at det er Jesus som er vegen.  

Guds veg og Guds sanning er å kjenna Jesus, han som er sann Gud, og som har teke bort syndene våre og fjerna alle hindringar mellom oss og vår Far i himmelen. No får me vera saman med han kvar einaste dag, bada oss i hans godleik og nåde, sola oss i hans lys, og oppleva det fantastiske: at han gjer oss til ærlege, gode, heilhjarta og gudfryktige menneske. 

Kor går Jesus? 
Han fører oss til himmelen, ja. Men på vegen fører han oss innom dei fortapte, fattige, sjuke og forkomne for å gje dei frelse og lækjedom i hans namn, om dei då vil venda om og ta imot. Det er kallet han har gjeve oss. Amen!

          
   
 

søndag 21. juni 2020

Salme 86,6-10

  6 Herre, vend ditt øyre til mi bøn,
          lyd etter når eg bed om nåde!
          
   
  7 Den dagen eg er i naud, ropar eg til deg,
          for du vil svara meg.
          
   
  8 Herre, mellom gudar er ingen som du,
          og ingen gjerningar er som dine.
          
   
  9 Alle folk som du har skapt,
          skal koma og bøya seg for deg, Herre,
          og æra ditt namn.
          
   
 10 For du er stor, og du gjer under.
          Einast du er Gud.


I vers 6 ber David om at Herren må høyra når han ber om nåde. Gud er ikkje tunghøyrd. Han høyrer alt som vert sagt og tenkt her i verda. Men David vil så gjerne at Gud skal høyra på han på ein slik måte at han kjem han i møte og gjev han det han ber om. Og kva ber han om? Han ber om nåde. Og det kan du vera sikker på: Det er ei bøn Gud ikkje kan motstå. Alle som ber om nåde, får nåde. 
Kva er nåde? Det er meir enn tilgjeving for synd, det er Guds ufortente godleik og samfunn. 
Det er ganske påfallande: Nåden eksisterte før synda. Når Bibelen skal beskriva for oss korleis Gud er, står det t.d. i Salme 103 vers 8: "Mild og nådig er Herren, sein til vreide og rik på miskunn. "
Slik ER Gud og slik har han vore får æva av. 
Då ser me her at nåden er opprinneleg. Det var ikkje noko Gud vart etter at Jesus hadde døydd for syndene våre, nei, det var omvendt:  Jesus døydde for syndene våre fordi Gud var, er og blir ein nådig Gud. Det er hans vesen, hans karakter. 
Vers 7 er fullt av tru. David veit at den dagen han er i naud, vil Gud svara han når han ropar. 
Det me skal merka oss her er at Guds barn faktisk kjem i trøbbel. Gud fører oss ikkje utanom vanskelege situasjonar, nei, han fører oss heller inn i dei. Kvifor det? Fordi han vil at me skal læra oss å be, og erfara hans godleik og makt når han hjelper oss. Slik styrkjer han oss i trua, og han gjev oss dessutan noko å vitna om for andre. Det kan føra til at andre også vil tru på ein så stor og god Gud som me har. 
I vers 8 plasserer David Gud i ein særstilling mellom gudar. Korleis skal me forstå dette? Jo, kristendomen er alle andre religionar knusande overlegen. Det kjem av at kristendomen er frå Gud, og alle andre religionar er skapt av menneske som har vore inspirerte av djevelen. 
I vers 9 finn me ein herleg lovnad. Ein dag skal alle verdas menneske forstå at det ikkje finst andre gudar enn Herren, Israels Gud, og dei skal forkasta Muhammed, Buddha og Krishna og koma til Jesus, bøya seg for han og æra hans namn.  Dette samsvarar med det som Paulus skriv til Filipparane i kap 2: "I hans namn skal kvart kne bøya seg, og kvar tunge skal sanna, til Gud vår Fars ære, at Jesus Kristus er Herre!" 
Vers 10 er ein triumferande proklamasjon av det som me har snakka om: Det eksisterer ingen andre gudar enn Bibelens Gud, og han er stor og gjer under. 
Merk deg at verbet her står i presens. Gud GJER under. Det er ikkje berre noko han ein gong gjorde, men han gjer under i dag. Han har ikkje trekt seg attende, og han har ikkje mista si makt, og han er den same gode Gud som han alltid har vore, og du kan trygt rekna med at han gjer under også i ditt liv og din families liv når du treng det og ber om det. Då grip han inn og gjer det som er umogeleg for oss menneske å gjera: han frelser syndarar, lækjer sjuke, reparerer øydelagde relasjonar, attreiser brotne ekteskap og han forsonar fiendar, og ser me i større perspektiv: Han attreiser knuste samfunn og øydelagde økonomiar og forvandlar menneske i sitt bilete. Slik er vår Gud. 

lørdag 20. juni 2020

Salme 86,1-5

Ei bøn av David.
        
          Vend øyret til, Herre, svar meg,
          for eg er hjelpelaus og fattig!
          
   
  2 Vakta meg, for eg er trugen.
          Frels din tenar, du min Gud,
          eg set mi lit til deg.
          
   
  3 Ver meg nådig, Herre,
          eg ropar til deg heile dagen.
          
   
  4 Gjer din tenar glad!
          Eg lyfter mi sjel til deg, Herre.
          
   
  5 For du, Herre, er god, du tilgjev,
          du er rik på miskunn mot alle som kallar på deg.


Denne salma er ei bønesalme.
David er hjelpelaus og fattig.
No var ikkje David fattig materielt. Men han var fattig i ånda. Kva betyr det? Jo, han visste at han pga sine synder hadde ei skuld innfor Gud som han ikkje kunne betala sjølv. 

Alle menneske har det. Men ikkje alle erkjenner det. Dei som erkjenner at det er slik, ber om Gud om frelse og nåde. Dei andre berre turar vidare utan å tenkja på Gud og hans planar.

Bibelens glade bodskap er at Gud lett kan ettergje eit menneske all skuld rett og slett fordi denne alt er betalt av Jesus. Dersom du trur på Jesus, legg Gud alle krav til sides. Ingen fleire rekningar og inkassokrav frå den kanten. Tvert om fyller han opp kontoen din med himmelsk kapital, og han auser sin godleik, si velsigning og sine rikdomar over deg.

Du forstår: Du er elska av Gud, og det er i kjærleik han har laga ein så gunstig ordning for deg.

I vers 4 ber David om at Gud må gjera han glad. Alle ønskjer å vera trygge og glade. Det er menneskeleg. Når me lever saman med Gud i eit fellesskap prega av tillit og ærlegdom, har me 100% tilgjeving for syndene våre, evig liv og barnerett og barnekår hos Gud. Slikt gjer oss glade. 

Denne innsikten fekk David då han "løfta si sjel" til Gud. Å løfta si sjel til Gud er eit uttrykk for inderleg bøn. Alle kan be. Når alle utvegar her på jorda ser ut til å vera stengde, kan me fritt koma fram for Gud. Han sit på nådens trune, les me i Herbrearbrevet, og hos han finn me nåde til hjelp i rette tid.

mandag 15. juni 2020

Salme 85,12-14

 12 Sanning skal spira opp av jorda
          og rettferd sjå ned frå himmelen.
          
   
 13 Herren skal gje det som godt er,
          og landet vårt skal bera si grøde.
          
   
 14 Rettferd går framføre
          når han dreg fram.


Vers 12 indikerer ein situasjon der Gud har kontroll og regjerer både på jorda og i himmelen, og dette korresponderer godt med det Jesus sa i misjonspåbodet: "Eg har fått all makt i himmel og på jord." 

Sanning er to ting: Det er ei korrekt framstilling av røyndomen slik me sansar han, altså det me kallar fakta. Men sanning er også den nye røyndomen som Jesus kom med, den som me kallar for Guds rike, det riket det synd vert tilgjeve, blinde ser og lamme går osv. 

Når det står at sanninga spirer fram frå jorda, altså nedanfrå, så tenkjer eg meg at dette går på det som skjer i den jordiske kyrkjelyden. Det er i denne at Guds sanning, Guds nye røyndom spirer fram. 

Ting er rettferdig når menneska får og tek imot det dei har rett på frå Gud: syndsforlating, Andens gåve og evig liv. Desse tre elementa inneheld alt me treng for å ha eit rett og godt høve til Gud i tid og evighet.

Det er når evangeliet om Jesus blir forkynt at Gud deler ut gåvene sine. Dersom ingen vil fortelja og forkynna om han, går folk glipp av Gud og det evige livet. 

v. 13 er ein herleg lovnad om innhaustning. Sjølvsagt handlar det om jordbruket. Gud bryr seg mykje om det. Men mest handlar det om åndeleg liv og vekking. Ingenting er så godt som når menneska finn Gud og med det blir frelste frå syndene sine.    

v.14 Rettferd her kan også omsetjast med frelse. Før Herren kjem, skal mange som bli frelst.   Han kjem ikkje attende til ei falmande kyrkje, men ei kyrkje som er prega av vekking. Ja, vekking i den betydning at folk kvar dag blir frelst, døypt og lagt til kyrkja blir normalen meir enn unnataket.         

onsdag 10. juni 2020

Salme 85,9-11

Eg vil høyra kva Gud Herren seier.
          For han talar fred til sitt folk,
          til sine trugne,
          – berre dei ikkje vender attende til dårskap!
          
   
 10 Ja, hans frelse er nær for dei som fryktar han,
          så herlegdom skal bu i landet vårt.
          
   
 11 Miskunn og sanning skal møta kvarandre,
          rettferd og fred skal kyssa kvarandre.


Dersom alle menneske hadde hatt den innstillinga at dei ville høyra kva Gud Herren seier, ville dei fleste problem som denne verda strir med vore løyst. For i Bibelen finn me oppskrifta på eit sunt liv både for den enkelte og for fellesskapet.
For Gud talar fred til sitt folk. Fred er shalom på hebraisk, og betyr noko slikt som "himmelsk harmoni". Det Gud talar blir røyndom. Når Gud talar fred til sitt folk, då blir det fred for Guds folk. 
Guds folk er her identisk med "dei trugne", dei som trufast held fast på Gud og hans ord og ikkje vik av frå Herrens vegar. 
Alle som har det rett med Gud, har fred med Gud og fred i Gud. Men det er ingen garanti for at den som har det rett med Gud i dag har det rett med Gud i morgon. Det er alltid ein fare for at truande menneske kan venda attende til dårskap, dvs at dei veljer bort Gud og hans løysingar til fordel for sine eigne. Dårskap er det same som toskeskap, og det er veldig lite lurt å velja bort Gud, for han sit med vår evige lukke i hendene sine. 

v.10. Guds frelse er eit uttrykk for meir enn å berga eit menneske ut or ein fortvila situasjon. Når Gud frelser oss, gjer han hos heile og fullstendige. Denne frelsa er hos dei som fryktar Gud, dvs hos dei som gjev Gud og Guds ord full autoritet over liva sine. Dei som vil overprøva Guds ord, går glipp av Guds frelse. 

Guds herlegdom er eit uttrykk me finn mange plassar i Bibelen. Det er eit uttrykk som samlar i seg alle Guds eigenskapar, hans heilagdom, godleik, kraft, venleik, rettferd og miskunn. Når "herlegdom bur i landet", er det ikkje ei sjel i landet som ikkje forstår at Gud eksisterer, at han er god, at han er tilgjengeleg og at han må hyllast. Det er dei frelste som fryktar Gud som får Guds herlegdom til å slå seg ned i landet. 

I Johannesevangeliet 1,14 les me slik: "Og Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss." Eigentleg står det at Ordet slo opp telt hos oss. I vers 18 skriv Johannes: "Og me såg hans herlegdom, den herlegdomen som ein Son har frå far sin, full av nåde og sanning."

Då forstår me at når "herlegdom bur i landet" er Jesus nær hos oss på ein måte som gjer at dei tinga me les om skjedde i Det nye testamentet også skjer mellom oss i dag. Blinde vil sjå, spedalske blir reinsa, lamme går og evangeliet blir forkynt for dei fattige. Dette kallar me Guds rike. 

Og alt dette blir stadfesta i vers 11 i salma vår. Jesus er full av nåde og sanning, las me i Joh 1. Her i salme 85,11 les me at "miskunn og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre." De skjedde i Jesus. I sitt første brev kap 1 vers 8-9 skriv Johannes: "Dersom me seier om oss sjølve at me ikkje har synd, då lyg me og sanninga er ikkje i oss. Men dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett." 

Når me sannar syndene våre, får me fred med Gud og fred i Gud, og hans herlegdom strøymer inn i oss saman med Jesus. 

Når dette skjer med mange, vil til slutt "herlegdom bu i landet", og folk blir kristne så lett som berre det. Det kallar me kristen vekking. Gud vil at vekking skal vera noko som skjer kontinuerleg til Jesus kjem att for å dømma levande og døde.