tirsdag 24. april 2018

Salme 63,5-7



v. 5. David hadde bestemt seg for å lova Gud heile livet, og løfta hendene i hans namn. Mange veit kva dei vil bruka resten av livet sitt på. Andre er ikkje fullt så sikre. Men David visste. Han ville bruka resten av livet sitt på å lova Herren. Kvifor? Fordi han visste det var rett, ja, men mest av alt fordi han var blitt kjent med Gud som Gud, og det hadde oppslukt han. 
Å løfta hendene er eit uttrykk for "vill begeistring". Det veit alle idrettsentusiastar, og ingen begeistrar oss kristne som Gud, og det mest meiningsfulle for oss er å bruka resten av livet på å lova, æra og velsigna Han, han som skapte oss og som elskar oss og som har frelst oss med sitt dyrebare blod.  Ingen skal få oss inn på eit anna spor enn lovosngssporet.

v.6. Gud dekkar bordet for oss med feite rettar frå sitt ord. I Bibelen kan me frotsa i alle slags godsaker. Me les og studerer, samanliknar og dreg linjer og oppdagar  nye sanningar som strekkjer oss og fører oss stadig vidare på Guds vegar. Guds ord syner oss Gud, og synet av Gud skaper glede og song, og me syng slik at me blir høyrt. Den åndelege beskjedenheten er frå djevelen. 


v.7. Når me er i Guds ord, slepp tanken aldri tak i Gud, og vaknar me om natta, er det Han me tenkjer på og vender oss til i takk og bøn. Det er så naturleg for oss å gjera det. Han er pappaen vår. Tenk på det. Ingenting er større. 

søndag 22. april 2018

Salme 63,4

v.4. Guds miskunn er Guds inderlege medkjensle og godleik som  utløyser uavgrensa med tilgjeving over alle som  kjem til Gud med liva sine i Jesu namn.

Guds miskunn er betre enn livet. Ja, alle som opplever Guds miskunn erfarer at livet vert heilt nytt. Livet med Gud er noko heilt anna enn livet utan Gud, ein får eit nytt syn på det meste, ja, ein kan seia med Paulus: ALT ER BLITT NYTT. 2.Kor,5,17.

Og dessutan formidlar Guds miskunn EVIG LIV til oss. Våre fysiske liv har ei klår avgrensing. Det varer ikkje lenge. Men livet med Gud varer og varer i all æva, ja, like lenge som Guds miskunn, og den tek aldri slutt. 

Og fordi det er slik, er det all grunn til å prisa Gud med leppene. Det skal vera visst. Å prisa Gud er å setja pris på Gud, dvs syna verda Guds enorme verdi slik at dei som ikkje kjenner han får lyst å eiga han, dei også.  Det skjer når me lovar og prisar han. Så lær deg nokre tekstar og melodiar, og gjennomvev dagen din med song. Det fyller hjarta ditt med glede og sjela di med kraft.

torsdag 12. april 2018

Salme 63,1-3

Denne salma er skriven medan David var i Judaørkenen,  i den vanskelege tida då han flykta frå Saul.

v.2. Han starta med å seia at Gud er HANS Gud, og at han tørstar og lengtar etter Gud i det vasslause og tørre landet.
Alle kristne erfarer vasslause og tørre tider då Andens regn uteblir. Elvane (kyrkjelydane) tørkar ut, mange fell bort frå Gud og få vert vunne for Gud, og det er lite glede i flokkane som er att. Då er det godt å kunna reisa seg, løfta røysta og proklamera: Gud, du er MIN Gud. Det gjorde Jesus då han hang på krossen under Guds vreide også, då både Gud og alle menneske hadde vendt seg frå han, han ropte ut "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?" I det store mørkret var det eitt lys att som ikkje kunne sløkkjast: Gud var HANS!
Har du gjeve livet ditt til Gud og teke imot Jesus som frelsar og Herre, er Gud rett og slett DIN, og som me såg i Salme 62, hos HAN er di frelse og ære.

v.3. David hadde sett Gud i heilagdomen, i tabernaklet i Silo. No var han avskoren frå å kunna koma dit. Det var ei stor sorg for han. Tabernaklet, og seinare templet, er bilete på den komande kristne kyrkja, den som ikkje er bygd med steinar, men med levande menneske. Det er ingen tvil: Det er dette fellesskapet Gud vil openberra seg for verda gjennom. Kyrkja er Kristi kropp, og skal me tena Han i verda, må me tena i og gjennom hans kyrkje. Det er eigentleg ikkje plass for "allvitande" solistar i dette bilete, masekoppar som aldri skal høyra på andre, folk som på død og liv skal spela førstefiolin og starta "si eiga teneste". Det er "saman med alle dei heilage" me kan fatta kor høg, lang, djup og brei Kristi kjærleik er, og bli fylte med all Guds fullnad (Efesarbrevet 3,18-20). Då ser me rota til åndsfattigdomen i Noreg vår tid: Folk som bøyer seg for Gud, vil ikkje bøya seg for fellesskapet, vil ikkje overgje seg til familien sin og vil ikkje vaska føtene til sine kristne søsken (Johannes 13).

mandag 9. april 2018

Salme 62

Dette er ei tillitssalme.

v.2. Davids sinn var berre stille då han søkte Gud i bøn. Han hadde mange ballar i lufta, mange oppgåver, stort ansvar og sikkert mange suter. Alt dette fekk han leggja av hos Gud. David var hos Gud, les me, og i dette uttrykket ligg det at han brukte god tid med Gud på tomannshand. Det måtte til om ting skulle roa seg, og slik er det også for oss.

vers 2 er eit omkvede som kjem att i vers 6-7, berre at frelse er byta ut med von. Dei to orda er jo nært i slekt med kvarandre.

Vår frelse kjem frå Gud. HAN er i sin eigen person vår frelse, vårt vern og vårt berg.
Frelse betyr sjølvsagt forlating for syndene og evig liv. Det er ei gåve frå Gud til alle som vil ha henne, men i ordet "frelse" ligg det også berging frå alt anna som trugar oss i liva våre, og ikkje minst: lækjedom for kropp og sjel. Alt dette har me kristne i Jesus og i samfunnet med han.

I vers 4-5 klagar David over fiendar i hans sin eigen krins som vil fella han og ha han vekk, svikefulle personar som velsignar med munnen men forbannar i tankane.  Sjølv opplever han seg som ein lutande vegg, og kjenner at han  vaklar under stort press. Det er som me meir enn anar at me her får eit profetord om den prosessen som førte Jesus til krossen. Det var hans eige folk som avsette og knuste han.

Vers 8 er også ein tilnærma reprise. Det første me les er at "hos Gud er mi frelse". Dette er viktig for oss å vita. Dersom me prøver å leita etter vår frelse hos oss sjølve, vil me ikkje finna henne, for ho er ikkje hos OSS, men hos GUD, og alle som har Gud, har frelse.

Her blir dessutan Gud beskriven som salmistens "ære". I Romarbrevet 3,21 står det at me alle har synda og at Gud ikkje kan æra oss for noko som helst som me har gjort. Skal me ærast av Gud, må me koma til han med vår synd og vanære, bøya oss for Han og ta imot Jesus som har oppfylt alle Guds krav på våre vegne. Då blir Han vår ære.

vers 9: Difor blir me oppfordra til å ausa ut hjarto våre for han, og søkja tilflukt hos han.  DET er vegen å gå for alle folkelsag.

Vers 10 skildrar Bibelens realistiske syn på oss menneske. Me er berre ein pust, og stormenn er ein bløff, dvs. dei trur dei er store, men forstår ikkje at dei er små, og dei forstår heller ikkje at Gud skal vurdera dei på si moralske vektskål, og at dei få vil falle heilt gjennom.

Vers 11 åtvarar menneske mot å gjera seg rike ved hjelp av vald og kriminalitet. Det skjer i vår verd, og me ser at Bibelen er ei bok ikkje berre for dei fromme, men også for dei grove syndarane som gjev ein god dag i kva Gud skulle meina om måten dei lever liva sine på. Dei sigrane dei vinn er berre av midlertidig art. Gud er ein Gud som løner kvar mann etter hans gjerningar.

vers 12 slår grundig fast at "makta tilhøyrer Gud" åleine, og at han helst vil bruka makta si til å syna miskunn, til å fremja det som er godt for folk, til fri dei frå synda, døden og djevelens forferdelege makt.


søndag 8. april 2018

Salme 61

Salme 61 er ei kongesalme (sjå vers 7).

v.2. David ber om at Gud må lytta til han når han ropar. Det er ein fin måte å starta ei bøn på, særleg når me kjenner at me treng eit mirakel, og det er ikkje så sjeldan.

v.3 David ropar frå endane av jorda. Kva som ligg i dette veit eg ikkje heilt, men kanskje er salma skriven medan han var på flukt frå Saul og ikkje kunne omgåast Gud i heilagdomen?  Eller kan det vera at han berre føler at Gud er langt borte. Det er nok ein kombinasjon. Han skriv at "hjartet veiknar", som tyder på at det går nedover med trua og inspirasjonen, og bøna om å bli ført opp på eit høgare fjell, tyder på at han  er avskoren frå gudstenestefellesskapet i Israel.

Men fjellbilete går lenger enn dette. I Salme 31,4 les me at  "Gud er mitt fjell", og denne tanken finn me att i Det nye testamentet der grunnvollen og klippen er Jesus.
Jesus er høgare enn alle, og alle som trur på han, står på trygg grunn. Jmf Salme 40,1-3.
Ingen kan frelsa seg sjølv, Gud må føra oss opp på frelsesfjellet.

Jesus er svaret på fråfallsproblematikken. Når me blir flytta opp på Han, fyllest me av Guds kjærleik og me ser alt i Guds perspektiv, og inspirasjonen kjem raskt attende til oss.

v.4 stadfester denne forståinga. Herren er Davids tilflukt og eit tårn til vern mot fienden.

v.5 er ei bøn om å bli bevart hos Gud, om å få lov å bu under vengjene hans, heilt innved hjarta hans. Det er ei strålande bøn, som Gud med glede svarar positivt på. Å, måtte me alle be slik. Jesus brukte dette verset om seg sjølv då han gret utanfor Jerusalem før krossfestinga: "Kor ofte har eg ikkje vilja samla dykk, slik som ei høne samlar kyllingane under vengjene sine. Men de ville ikkje!"

Det er ingen tvil om kven Jesus er: Han er Herren, Gud.

v.6. Kva lovnader David her snakkar om, veit me ikkje. Men me veit at det er viktig for oss at me held dei lovnadane me gjev Herren.
Dei som fryktar Herrens namn, er dei frelste. Å frykta Gud er ei positiv nemning i Guds ord. Å frykta Gud betyr at me ikkje opponerer mot han, men gjer som han seier fordi me veit at han er Gud og at han er den einaste som veit kva som er bra og rett. Gud er ein Gud som små menneskebarn ikkje bør tulla med og nulla ut. Han er stor og reell.
Ingen kan bestemma seg å frykta Gud. Berre den som har Den Heilage Ande fryktar han rett, for det er Anden som gjev age for Herren (Jesaja 11,1 ff), og Den Heilage Ande er ei gåve frå himmelen gjeven av nåde til dei som audmjukar seg for Gud. Dei som det gjer, får sin arv. Kva arv er dette? Det er Herren sjølv, samfunn med Gud og retten til å leva innved Guds hjarta. Det er den truande sin gylne arv utbetalt før himmelen.

v.7 David nyt denne arven og ber om dagar og år til sitt liv. Livet er godt, og han ønskjer å bidra vidare.
Så løftar  salma seg til messianske høgder. For det er Messias sine år vil ikkje ha nokon ende, det er han vil leva frå slekt til slekt, ikkje David, som me alle veit måtte døy i 80-årsalderen.

v. 8. Den evige kongen, Messias, skal trona evig for Gud, så det står.  Det høver godt på Jesus som fekk all makt i himmel og på jord, og som sit ved Fars høgre hand og styrer verda med miskunn og truskap fram mot endeleg frelse og dom. Miskunn og truskap er nettopp innhaldet i det evangeliet som han har sett si kyrkje til å forkynna for alle menneske. Jesus er truverdig, og den nåden han tilbyr alle menneske, vil vera gyldig for evig for dei som stolar på Han.

I v.9  høyrer eg ekkoet av den frelste kyrkjelyden. Vårt fremste kall og vår største glede er å lovsyngja Herren, og den som har fått nåde og miskunn hos Gud, er eit sprudlande glad og letta menneske som kvar dag ønskjer å oppfylla lovnadane sine til Gud, dvs realisera misjonpåbodet som me alle gjekk inn under då me vart døypte, og- eller då me kom til tru i vaksen alder.

Å halda våre lovnader vil for oss altså bety at me vitnar om Jesus for høg og låg, og at me elskar kvarandre av hjarta.

Det betyr også å vera trufast mot ektefellen sin, og vera eit menneske som i alle ting er til å stola på. Det ligg i ein kristen å vera slik.