lørdag 22. juni 2019

Salme 76

Dette er enno ei salme av Asaf.
Har framstår Gud i sitt velde, som ein mektig krigar alle må frykta, som ein som nedkjempar fiendane sine med sitt mektige ord slik at dei må bøya seg for han.

v.2. At Gud er kjent i Israel betyr at det er dei som kjenner Gud som er Israel. Jesus stadfester i Joh 17,1-3 at det evige livet nettopp er å kjenna Gud.
For dei som kjenner Gud er hans namn stort. Det ligg i sakas natur. Kjenner du Gud, elskar du han, og elskar du han, elskar du namnet hans, slik som du elskar namnet til alle du elskar.

v.3 lokaliserer Guds nærvær til Salem, som er ei kortform av Jerusalem. Sion er tempelberget. I den nye pakts tid er Gud nær der to eller tre er samla i hans namn.

v.4. Å føra krig mot Gud ligg djupt i alle menneske. Me ser det meir i vår tid enn nokon gong. Men Gud avvæpnar dei som vender seg mot han.

v.5-7. Då ser dei at Gud er strålande herleg, og mektigare enn dei evige fjell. Dei som legg ned sin motstand mot Gud, eller som blir nedkjempa av Gud og kapitulerer, får sjå Gud som SIN Gud.

v.8-10. Klassisk vekking skjer når fortapte syndarar vert råka av Guds vreide i sjela. Då veit dei at dei ikkje kan stå seg for Guds åsyn, at dei vil bli dømde til evig død om dei ikkje vender om og begynner å gå saman med Gud på hans veegar, dvs sannar syndene sine og begynner å følgja Gud og hans gode lover.

Klassisk vekking skjer som eit resultat av at Gud frå himmelen, frå sin stilling som den høgaste autoritet i universet, forkynner sin dom over menneska. Då vert alle stille. Paulus skirv i Romarbrevet at "kva munn blir lukka, og heile verda står skuldig innfor Gud."

Hensikten med dette finn me i vers 10b: Herren vil "frelsa alle hjelpelause på jord".  Skal eit menneske bli frelst, må det først bli så hjelpelaus at det let seg frelsa. Det er Guds lov som bringer eit menneske i frelsbar tilstand.

v.11. Då endar menneske sin harme med høgtid. Barnet har skrike og kjempa seg ut og finn roen i fars armar.

v.12 er ei oppfordring til dei frelste om å vigsla liv og eigedom til tenesta for Gud. Det er både rett og heilt naturleg for eit frelst menneske å gje raust til Guds rikes arbeid. Ja, alt ein kristen har, er Guds.

v.13 fortel at kongar og fyrstar er like mykje ei målgruppe for Guds dømmande og frelsande ord som noko anna gruppe. Ja, dei er ei særleg målgruppe fordi det dei bestemmer berører så mange. Difor er det kyrkja si plikt til seint og tidleg forkynna Guds ord for samfunnstoppane.

fredag 21. juni 2019

Salme 75,5-11

v.5-8. Nokre menneske er skrytande og sjølvsikre. Andre kneiser med horna, dvs tek til seg makt. Salmisten åtvarar dei, og minnar dei på at det er Gud som løfter opp og bøyer ned, noko også Jesus er klår på når han seier at den som opphøgar seg sjølv, vil bli fornedra og vise versa.  Dette er eit motiv som me også finn i Marias lovsong.

Gud vil tukta dei vonde og urettferdige med å servera dei ein vin som slår dei heilt ut.
Berusande vin som slår folk ut møter me mange stader i Bibelen som eit bilete på Guds dom. Her blir det presisert at dei som får denne vinen må drikka alt, heilt til botnfallet.

Asaf vil forkynna desse viktige sanningane for folk, samstundes som han spelar og syng for Jakobs Gud. Å forkynna Guds ord og lova Gud var den aksen livet hans dreidde seg rundt.

v.11 repeterer hovudmotivet og presiserer at Gud vil setja dei rettferdige inn i maktposisjonar i samfunnet.

Det er mange politikarar i dag, særleg yngre, som yppar seg mot Gud. Dei kneiser med horna. Det er farleg for dei. Som truande skal me forkynna Guds ord for dei og be dei om å audmjuka seg før Gud audmjukar dei.

tirsdag 18. juni 2019

Salme 75,1-4

Denne salma av Asaf er ei kraftig og full av triumf. Her blir skapet sett skikkeleg på plass, kan du seia. Kategori: Lovsalme og tillitssalme.
"Øydelegg ikkje" er kanskje melodien?
Fleirtalsforma fortel at salma er tenkt brukt i forsamlinga.

Vers 2. Forsamlinga prisar og takkar Gud, kallar på hans namn og kunngjer hans underfulle verk.
Dette heng saman. Dei som prisar og takkar Gud, og som kallar på hans namn (noko som har med bøn å gjera), erfarer Guds under, og dei som det gjer, vil alltid fortelja om det dei har opplevd og erfart. Men dette kan også peika mot skaparverket og alt som Gud gjer og har gjort til vår frelse. Bibelens hovudtema er jo skaping og gjenløysing.

NIV overset slik: Me lovar og takkar Gud, for hans Namn er nært. Då blir lovsongen, bøna og forkynninga av Guds gjerningar eit resultat av Guds nærvær i sitt folk. Denne oversettinga ligg visstnok den masoretiske grunntekskten nærast, og går me til pinsedagforteljinga og Apostelgjerningane, ser me denne effekten tydeleg over alt. Anden kom over folk, og dei truande lova og prisa Gud og gjekk ut og forkynte evangeliet med frimot.

I vers 3 seier Gud at han har fastsett ei tid for å halda dom. Me kan naturlegvis tenkja på det faktum at Jesus skal koma att ein dag for å døma levande og døde. Det er fastsett ei tid for det.

Men dom kan også forståast som ein beslutning om å gripa inn i historias gang for å bøya dei stolte og frekke ned, og løfta dei audmjuke opp, dei som lever for Gud og har han som sitt einaste fortrinn her i livet. Mange gongar i historias laup har me sett dette skje.

Denne forståinga blir forresten stadfesta i vers 8, og same motiv finn me att i Marias lovsong i Lukas 1.

Vers 4. Når jorda vaklar kjem det av at menneska i sin opposisjon til Gud gjer det umoralske til det normale. Då får samfunnet ein sveikka grunnvoll, Synda underminerer menneskelivet og når synda vert innført som eit prinsipp i politikken og samfunnlivet, og det vil samfunnet vakla når det blir utsett for påkjenningar.

Men sjølve jorda står på "faste søyler", som eg trur må vera ein metafor for Guds ord og løfter. Det Gud har sagt står bom fast, og jorda vil ikkje kollapsa før den endelege domen over menneskeætta har falle.

framhald

mandag 17. juni 2019

Salme 74

Vers 1. Asaf spør Gud om kvifor Israel er støytt bort for alltid, og kvifor han er så sint på flokken sin, den han gjeter og elskar. Han forstår det ikkje.

Asaf har gjort opp med seg sjølv at Gud må ha støytt folket bort for alltid. Men det hadde han jo slett ikkje. Asaf var nok ein litt tungsindig type som drog for vidtgåande negative konklusjonar. Det er lett for å gjera det for melankolikarar.

Vers 2. Asaf ber Gud om å tenkja på den flokken han vann seg i gamal tid, og som dei bortstøytte er etterkomarar til, i håp om at historia skal ha betydning for Guds handlemåte. Når me er i krise og ber, tek me i bruk alt som finst av gode argument.

Det er eit poeng her at Gud har vunne seg eit folk. Han vann dei ved å openberra seg for Abraham og ved å overtyda han om at han var elska og utvald, og Abraham overgav livet sitt heilt og fullt til Herren.

Slik har Jesus også vunne oss. Han openberra seg for oss, kalla oss til seg, betrudde oss sin kjærleik som me tok imot og vart forvandla av.

Vers 3-8. Asaf oppmodar Gud til å gå opp til tempelruinane og studera fienden sine herjingar, som berre kan karakteriserast som vandalisme. Her er det blitt hogge, rive og brent, ingenting vakkert bevart og spart,  i sanning eit trist syn.

Vers 9. Lyset har slokna. Profetane forsvunne. Merkene borte. Det er ingenting å orientera seg etter. Ingenting fast som folket kan stola på.

I vers 10 spør Asaf kor lenge motstandarane skal spotta, og om kor lenge dei skal forakta Guds namn For det er DET dei gjer.  Sjølve Israels samabrot sette Israels Gud i eit dårleg lys, og dessutan uttrykkjer  Israels motstandarar direkte ringakt for Guds namn, ein gud utan kraft til å frelsa.

I vers 11 ber Asaf Gud om å gjera slutt på denne situasjonen, at han ikkje lenger skal sitja med hendene i fanget, men løfta dei og gjera ein slutt på uretten.

Vers 12 markerer eit markant skilje i salma. Her begynner Asaf å sanna kven Herren er, og minna seg sjølv om hans stordom og hans storverk. Han forkynner for seg sjølv, kan du seia, og slik fungerer all lovsong og tilbeding. Først sanna han at Gud er kongen hans frå gamal tid, og at han har gjort store frelsesverk på jorda. Underforstått: Det Gud har gjort før, kan han gjera ein gong til.

Vers 13. Ein gong kløyvde Gud Raudehavet slik at Israelsfolket kunne gå tørrskodde over og bli frelst frå egyptarane.

Vers 14. Leviatan er eit sjøuhyre som er omtalt fleire plassar i Bibelen. Det representerer dei vonde og fælslege maktene i verda som trugar folks liv. Gud gjev han til føde for folk i øydemarka.

Vers 15. Under ørkenvandringa gav Gud Israelsfolket vatn på overnaturlegvis , og då dei skulle inn i Kanaan, let han Jordan tørka ut slik at dei trygt kunne gå over.

I vers 16 går han heilt attende til 1.Mosebok 1, til den fjerde skapingsdagen då sola, månen og stjernene vart skapte. Både dagen og natta er Guds.

Vers 17. Sommar og vinter har han fastsett, Jorda sin helningsvinkel er hans påfunn. Utan denne kunne ikkje noko liv eksistert på kloden er det blitt meg fortalt. Grensene som er nemnde her er ikkje landegrenser, men grenser for ulike naturtypar og økosystem.

Vers 18. Fordi Gud er så stor og mektig, er fienden, han som spottar Herren, ein dåre, eit desorientert menneske som trur for smått om Gud og for stort om seg sjølv.

Vers 19. Turteldua er det truande Israel, Herrens armingar, den sanne kyrkja, kan me seia. Ho er heilt avhengig av Guds vern, omsorg og forsyn, det er mange som er ute etter utsletta henne. Asaf ber om at Gud skal passa godt på henne.

Vers 20. Han ber vidare Gud om å sjå til pakta si. Eg trur dette må vera Abrahamspakta som me les om i 1.Mosebok 17, som er mellom dei truande i Abrahams æt, dei som er heil i si ferd, og Gud. Ikkje alle i Israel tilhøyrer Gud, for landet er fullt av mørke stader der valden rår.

 Me for vår del tilhøyrer Israel ved at me har knytta oss til Jesus, han som er Israels konge, den levande Guds son, og den nye pakta i Kristus er slik at så lenge me trur på han, ser himmelens Gud bort frå alle våre synder og reknar oss som rettferdige og himmelen verdige. I vår naud ber me: Herre, ikkje sjå til syndene våre, dei er mange, men sjå hen til Jesuspakta og vurder situasjonen vår ut frå DEN.

Vers 21 er ei bøn om at den undertrykte ikkje lenger skal vera undertrykt. Verda er i dag full av undertrykkjarar som plyndrar folk og held dei utplyndra nede i armod. Det er heilt på sin plass å be ei bøn mot dette svineriet.

All undertrykking har sitt opphav i djevelen, den store undertrykkaren. Når folk vert fri frå hans makt, prisar og lovar dei Gud. Det skjer heilt spontant.

I vers 22 ber Asaf Gud om å reisa seg og føra si sak. Det er ei god bøn som me også kan be. Mektige krefter i Noreg vil fjerna Guds innflytelse over nasjonens liv, og vil hindra barn og unge å bli kjent med Gud, han som har deira evige lagnad i si hand. Guds moderne fiendar spottar han med å gjera han liten og uvesentleg, og ved å framstilla boda hans som urettferdige og gått ut på dato.

Vers 23. I våre dagar går folk i gatene og ropar mot Gud. Dei vil ha rett til å ta livet av barna i mors liv, og dei vil ha rett til fritt å leva etter sine seksuelle lyster, korleis dei no enn måtte sjå ut. Dei larmar fælt, og dette er ei bøn om at Gud ikkje skal gløyma dei, dvs at han skal gjenreisa si ære på ein eller annan måte.

Livet handlar ikkje om oss, men om Gud. Det er HAN som er hovudpersonen i universet, og skal vera det i våre liv. Å avsetja Gud som Gud i samfunnet, påfører oss stor skade, rett og slett fordi Gud er Gud, og han er den einaste av sitt slag, og han stiller menneska til ansvar for det dei tenkjer, trur og gjer.


mandag 10. juni 2019

Salme 73

Denne salme innleier den tredje samlinga av salmer i denne boka.

v.1: Asaf definerer Israel som "dei reine av hjarta", tilgjevne menneske som er reinsa av Den Heilage Ande. Ikkje alle som er Abrahams ætt tilhøyrer Israel i åndeleg meining. Det gjer berre dei som har snudd seg bort frå syndene sine, overgjeve seg fullt og heilt til Gud og fått si sak med han i orden, dei som har sluppe Jesus inn i hjarto sine. At Gud er god mot dei reine av hjarta, betyr at han openberrar seg for dei, tek dei inn i sitt fellesskap, fører tilsyn med dei og tek vare på dei på alle vis.

Det første verset står som ein konklusjon på heile salma.

v.2. For saka er den at Asaf i ei tid slett ikkje såg det på denne måten.  Tvert om tenkte han: Gud er god mot alle som ikkje tek han alvorleg i det heile tatt, og syner større omsorg for dei som går sine eigne vegar enn for barna sine.  Dei lever lenge og er sunne og friske til dei døyr. Dei er hovmodige og stolte, og blir sparte for alle slags lidingar. Dei tener gode pengar og nyt ein usannsynleg velstand, og tek sjølve æra for at det har gått så bra med dei. Dei er sterke, og går ikkje av vegen for å ty til vald om nokon står i vegen for dei. Velstanden motiverer dei meir til å søkja syndige gleder enn gledene i Gud.

v.8.Dersom nokon minnar dei om Gud og hans fordringar, bryr dei seg ikkje om det, nei, i staden for å venda om,  spottar dei heller predikanten.

v.9. Dei ser på Bibelen som ei heilt irrelevant bok. Dei opponerer mot Gud og hevdar sine eigne meiningar som langt betre enn Guds. Dei gjer Gud liten og seg sjølve store.

v.10. Og folk let seg imponera, og syg til seg orda deira. Slik blir dei trendsetjarar. Dei får mange etterfølgjarar som dei ikkje bryr seg om i det heile tatt.

v.11. Dei er i røynda ateistar, og tenkjer at Gud, om han finst, er døv og blind og dum, at han ikkje får med seg det dei held på med, at han aldri vil stille dei til ansvar.

v.13-14. Asaf føler han har satsa 100% på Gud utan å få noko att for det, tvert om har han berre tapt på heile prosjektet. Han har vigd seg til bøn (vaska hendene) forkynt Guds ord, men kvar dag er han blitt irettesett av sjølvsikre forståsegpåarar.

v.15. Men hadde han gjeve etter for dei nye tankane og begynt å forkynna desse, ville han ha svike Guds barn. Det kjende han nok djupt inni seg.

v.16. Asaf fall i djupe tankar og prøvde å forstå kvifor alt såg så bakvendt ut. Men det eksisterer ikkje filosofiske svar på åndelege spørsmål.

v17-19. Difor fann han ikkje svar før han "gjekk inn i heilagdomen", dvs til Guds ord. DET VAR EIT AVGJERANDE VIKTIG VAL HAN TOK.  Då fekk han eit heilt anna perspektiv på sakene. Der les me at dei som i dag ler, ein dag skal gråta, og at dei som no sørgjer og gret ein dag skal bli trøysta av Gud sjølv. Han skal tørka tårene bort. Men dei som har stått Gud, Guds ord og Guds barn imot og ikkje kome til omvending, kjem til å gli, snubla og falla før dei søkk ned i evig fortviling.

v.20. Då blir dei vonde som har hatt ein slik suksess trass i at dei levde i synd, berre som ein draum for Asaf, ein vond draum som smått om senn må sleppa taket og bli borte.

v.21-22. I lys av Guds ord ser også Asaf sine eigne synder, at han i sin kritikk har vore som eit dumt fe mot Gud. Bitterhet blindar folk slik at dei korkje ser Gud, Guds gjerningar, Guds planar eller Guds gode sanningar.

v.23-28. Her snur salma totalt. Asaf er blitt opplyst av Guds ord, og får løn for vet valet han tok i vers 17. Han fann fram til Guds hjarta, enno ein gong, og fekk fred med Gud. Enno ein gong kunna han sola seg i Guds kjærleik og nåde, og ingenting kan samanliknast med det for eit menneske. Ingen som har funne fram til Guds hjarta ønskjer seg strengt tatt noko anna enn berre å få lov å vera der. Då oppstår Salme 23-effekten, kjensla av å ikkje mangla noko som helst her i verda. Ein er tilfreds som ein baby ved mors bryst.

Men å leva innved Guds hjarta betyr ikkje INAKTIVITET. Den som lever der vert leida av Guds råd, dvs av Guds ord og Guds Ande, og har si største glede i å fortelja om Guds gjerningar for menneska.

Det er denne posisjonen at HÅPET blir levande. Ein dag skal Gud ta barnet sitt  inn i herlegdomen., noko som minnar oss om at kristne som erfarer Guds herlegdom i trua, ein dag skal få sjå Gud slik han ER i sin herlegdom.

Men alle som held seg borte frå Gud kjem til å gå til grunne. Det gamle testamentet snakkar ikkje så mykje om evigheten. Men her skin det gjennom at etter døden er det anten evig liv i Guds himmel, eller evig undergang og død.