mandag 10. juni 2019

Salme 73

Denne salme innleier den tredje samlinga av salmer i denne boka.

v.1: Asaf definerer Israel som "dei reine av hjarta", tilgjevne menneske som er reinsa av Den Heilage Ande. Ikkje alle som er Abrahams ætt tilhøyrer Israel i åndeleg meining. Det gjer berre dei som har snudd seg bort frå syndene sine, overgjeve seg fullt og heilt til Gud og fått si sak med han i orden, dei som har sluppe Jesus inn i hjarto sine. At Gud er god mot dei reine av hjarta, betyr at han openberrar seg for dei, tek dei inn i sitt fellesskap, fører tilsyn med dei og tek vare på dei på alle vis.

Det første verset står som ein konklusjon på heile salma.

v.2. For saka er den at Asaf i ei tid slett ikkje såg det på denne måten.  Tvert om tenkte han: Gud er god mot alle som ikkje tek han alvorleg i det heile tatt, og syner større omsorg for dei som går sine eigne vegar enn for barna sine.  Dei lever lenge og er sunne og friske til dei døyr. Dei er hovmodige og stolte, og blir sparte for alle slags lidingar. Dei tener gode pengar og nyt ein usannsynleg velstand, og tek sjølve æra for at det har gått så bra med dei. Dei er sterke, og går ikkje av vegen for å ty til vald om nokon står i vegen for dei. Velstanden motiverer dei meir til å søkja syndige gleder enn gledene i Gud.

v.8.Dersom nokon minnar dei om Gud og hans fordringar, bryr dei seg ikkje om det, nei, i staden for å venda om,  spottar dei heller predikanten.

v.9. Dei ser på Bibelen som ei heilt irrelevant bok. Dei opponerer mot Gud og hevdar sine eigne meiningar som langt betre enn Guds. Dei gjer Gud liten og seg sjølve store.

v.10. Og folk let seg imponera, og syg til seg orda deira. Slik blir dei trendsetjarar. Dei får mange etterfølgjarar som dei ikkje bryr seg om i det heile tatt.

v.11. Dei er i røynda ateistar, og tenkjer at Gud, om han finst, er døv og blind og dum, at han ikkje får med seg det dei held på med, at han aldri vil stille dei til ansvar.

v.13-14. Asaf føler han har satsa 100% på Gud utan å få noko att for det, tvert om har han berre tapt på heile prosjektet. Han har vigd seg til bøn (vaska hendene) forkynt Guds ord, men kvar dag er han blitt irettesett av sjølvsikre forståsegpåarar.

v.15. Men hadde han gjeve etter for dei nye tankane og begynt å forkynna desse, ville han ha svike Guds barn. Det kjende han nok djupt inni seg.

v.16. Asaf fall i djupe tankar og prøvde å forstå kvifor alt såg så bakvendt ut. Men det eksisterer ikkje filosofiske svar på åndelege spørsmål.

v17-19. Difor fann han ikkje svar før han "gjekk inn i heilagdomen", dvs til Guds ord. DET VAR EIT AVGJERANDE VIKTIG VAL HAN TOK.  Då fekk han eit heilt anna perspektiv på sakene. Der les me at dei som i dag ler, ein dag skal gråta, og at dei som no sørgjer og gret ein dag skal bli trøysta av Gud sjølv. Han skal tørka tårene bort. Men dei som har stått Gud, Guds ord og Guds barn imot og ikkje kome til omvending, kjem til å gli, snubla og falla før dei søkk ned i evig fortviling.

v.20. Då blir dei vonde som har hatt ein slik suksess trass i at dei levde i synd, berre som ein draum for Asaf, ein vond draum som smått om senn må sleppa taket og bli borte.

v.21-22. I lys av Guds ord ser også Asaf sine eigne synder, at han i sin kritikk har vore som eit dumt fe mot Gud. Bitterhet blindar folk slik at dei korkje ser Gud, Guds gjerningar, Guds planar eller Guds gode sanningar.

v.23-28. Her snur salma totalt. Asaf er blitt opplyst av Guds ord, og får løn for vet valet han tok i vers 17. Han fann fram til Guds hjarta, enno ein gong, og fekk fred med Gud. Enno ein gong kunna han sola seg i Guds kjærleik og nåde, og ingenting kan samanliknast med det for eit menneske. Ingen som har funne fram til Guds hjarta ønskjer seg strengt tatt noko anna enn berre å få lov å vera der. Då oppstår Salme 23-effekten, kjensla av å ikkje mangla noko som helst her i verda. Ein er tilfreds som ein baby ved mors bryst.

Men å leva innved Guds hjarta betyr ikkje INAKTIVITET. Den som lever der vert leida av Guds råd, dvs av Guds ord og Guds Ande, og har si største glede i å fortelja om Guds gjerningar for menneska.

Det er denne posisjonen at HÅPET blir levande. Ein dag skal Gud ta barnet sitt  inn i herlegdomen., noko som minnar oss om at kristne som erfarer Guds herlegdom i trua, ein dag skal få sjå Gud slik han ER i sin herlegdom.

Men alle som held seg borte frå Gud kjem til å gå til grunne. Det gamle testamentet snakkar ikkje så mykje om evigheten. Men her skin det gjennom at etter døden er det anten evig liv i Guds himmel, eller evig undergang og død.









Ingen kommentarer: