fredag 21. juni 2019

Salme 75,5-11

v.5-8. Nokre menneske er skrytande og sjølvsikre. Andre kneiser med horna, dvs tek til seg makt. Salmisten åtvarar dei, og minnar dei på at det er Gud som løfter opp og bøyer ned, noko også Jesus er klår på når han seier at den som opphøgar seg sjølv, vil bli fornedra og vise versa.  Dette er eit motiv som me også finn i Marias lovsong.

Gud vil tukta dei vonde og urettferdige med å servera dei ein vin som slår dei heilt ut.
Berusande vin som slår folk ut møter me mange stader i Bibelen som eit bilete på Guds dom. Her blir det presisert at dei som får denne vinen må drikka alt, heilt til botnfallet.

Asaf vil forkynna desse viktige sanningane for folk, samstundes som han spelar og syng for Jakobs Gud. Å forkynna Guds ord og lova Gud var den aksen livet hans dreidde seg rundt.

v.11 repeterer hovudmotivet og presiserer at Gud vil setja dei rettferdige inn i maktposisjonar i samfunnet.

Det er mange politikarar i dag, særleg yngre, som yppar seg mot Gud. Dei kneiser med horna. Det er farleg for dei. Som truande skal me forkynna Guds ord for dei og be dei om å audmjuka seg før Gud audmjukar dei.

Ingen kommentarer: