søndag 28. april 2019

Salme 69,21-30

 v.21. Folk kan vera nådelause mot ein som ligg nede. Det syner historia så alt for tydeleg. Mobbing og spott knuser hjarter, og den som blir mobba, vonar på medynk, men fåfengt. Når slike ting skjer, tek få sjansen på å trøysta. Til og med dei rettenkande kvier seg for å plassera seg på "feil side". 

v.22. Slik var det med Jesus då han vart krossfest. "Eg er tørst" sa han, og dei gav han eddik å drikka. Det var hån. Ingen tørste treng eddik, men vatn. 
v.23-29. Salmisten ber her om at motstandarane hans skal måtta betala dyrt for  sin urett, at fellesskapet deira skal gå oppløysing, at dei skal mista synet, få vanskar med å halda seg oppreist av angst (skjelvande hofter), at dei skal få smaka Guds harme og bli bortført. Han ber om at skulda ikkje skal fjernast, men at kvar misgjerning må leggjast til dei som alt er gjort, og at dei ikkje skal få del i Guds rettferd, dvs hans frelse, og at namna deira skal strykast frå livsens bok og at dei ikkje må skrivast inn mellom dei rettferdige. 


Grunngjevinga for at han ber slik finn me i vers 27: Dei har jaga etter dei Gud har slege, og auka smerten hos dei som har det vondt nok frå før. 

Kven var det Gud slo og såra, og kven var det som fekk stein lagt til børa si av andre menneske? Då tenkjer eg på det jødiske folket som gong på gong vart straffa for sine synder, og alltid var det nokon som jakta på dei og gjorde det tyngre for dei enn det som Gud hadde tenkt. Og så tenkjer eg på Jesus. Han vart straffa av Gud på våre vegne, men all spotten han møtte frå romerske soldatar og jødiske leiarar gjorde det såvisst ikkje lettare for han. På krossen bad han om at Gud måtte tilgje soldatane, heidningane, for dei visste ikkje kva dei gjorde. Men dei jødiske leiarane visste kva dei gjorde, og det som me les om i denne bøna i Salme 69, råka dei og folket deira i år 70 og år 132 e. Kr. då Jerusalem vart kringsett, erobra og øydelagt, og jødefolket spreidd i alle retningar utover jorda, noko som innleidde ei to tusen år lang natt for Gudsfolket. Men no gryr morgonen. 

Og så tenkjer eg på martyrkyrkja. Ikkje veit eg om alle som forfølgjer kristne veit kva dei gjer, men problemet er omfattande, snart globalt, og dei som slik lever under krossen treng våre inderlege og solidariske bøner, vår trøyst og våre heftige protestar. 

v.30 er ei bøn om hjelp og vern for ein lidande som kjenner seg uendeleg hjelpelaus.   

1.påskedag kom svaret.  
          
   
 
         

fredag 26. april 2019

Salme 69,14-20

v.14. Her møter me omgrepet "nådens tid". Dette uttrykket kan brukast om tida frå pinsedag til Jesu gjenkomst, ei tid då Guds frelse skal bli gjort tilgjengeleg for alle menneske, men når uttrykket vert nytta her, er det meint ei særleg gunstig tid for den enkelte av oss då Gud gjer seg sjølv tilgjengeleg for oss, eit tidsvindauga, langt eller kort, der eit menneske faktisk KAN kan finna Gud. Det er Gud sjølv som bestemmer lengda på dette vindauga, og når denne tida er over, kan ingen finna han. Då skjuler han seg. Det same kan seiast om nasjonar, byar og kyrkjelydar. Stundom gjestar Gud med ein spesiell nåde. Andre gongar er han stille. 
Det er nådetid for salmisten. Gud er på tilbodssida, og salmisten ber om hjelp til å koma seg ut av ein vond situasjon. Han appellerer til Guds truskap. Det får me også gjera i vår naud. 

Eit anna perspektiv her er at Kristi liding faktisk frambrakte nådens tid for oss alle. Utan hans liding og død, hadde ikkje Guds tilgjeving vore tilgjengeleg for noko menneske, men no er han det. Fram til Jesus kjem att for å døma levande og døde kan alle fritt koma til Gud og bli tilgitt, elska og innsett som barn og arvingar i Guds familie pga Jesus. 

v.15. Salmisten er i ferd med å søkka ned i djup gjørme, dvs han kjem seg ikkje av flekken, og jo meir han balar på, jo djupare søkk han. Slik er det for oss alle når me set inn kraft for å berga oss sjølve. Det blir berre verre for oss når me prøver å forsvara oss sjølve. Når folk hatar oss, og me prøver å forklara for dei for å få dei mildare stemt, blir dei enno sintare. Jesus vart hata meir enn nokon, og han måtte ha fått den reine drukningsfornemminga.
          
v.16 er ei desperat bøn om å få overleva
          

v.17 Salmisten ber om at Gud skal svara positivt på bøna hans med grunngjeving i dennes store miskunn og kjærleik. "Vend deg til meg," ber han. Det handlar om å få Fars full oppmerksamheit. Det er DET kristne i naud treng meir enn noko anna. 

"Løyn ikkje andletet for din tenar," ber han. Når me "ser" Guds andlet tyder det at me har personleg kontakt med han som elskar oss. I hans andlet blir heile hans tilgjeving, nåde og kjærleik openberra for oss, og me får fred. 
"Skund deg og svar meg!" Gud kan ha god tid. Men dei som er i naud synest ikkje dei har det. Dei ber Gud om hjelp her og no, at han må kosta litt på. 
v.19. Salmisten vil så gjerne bli fri frå fiendane sine. Dei har bunde han. Jesus vart bunden. Tallause kristne er bundne i fengsel og fangeleirar i dag. Dette er deira rop. 
v.20. Dei blir spotta og vanæra og påført grunnlaus skam. Slik herja djevelen på med Jesus, og slik herjar han på med Guds barn. Men Gud ser alle som står imot dei rettferdige. Dei kan ikkje gå lenger enn den grensa Gud set opp for dei, og ein dag blir dei dømte av den Gud dei har ytt motstand. 
          
   
 

fredag 19. april 2019

Salme 69,1-13

 I dag er det langfredag. Element frå denne salma blir i NT brukt om Jesu liding. 

v.2. Bøn om frelse. Salmisten føler at han langsamt er i ferd med å drukna. Vatnet når han til halsen. Slik var det for Jesus langfredag då han gjekk frå Getsemane til Golgata. Slik følest det for kristne når dei vert utsett for stormåtak og forfølginga set inn for alvor. 

v.3 Han har sokke ned i ei djup myr, finn ikkje fotfeste og klarar ikkje å halda seg opp. På krossen fann ikkje Jesus fotfeste. Der vart han overskylt av Guds vreide. 
          
v.4. Han har ropa seg trøytt. Halsen er blitt sår. Det er ikkje lenger liv i augo hans. Men trua er ikkje borte. Framleis ventar han på Gud. Å venta på Gud er å tru på Gud.
          

v.5 Jesus vart hata utan grunn. Alle burde elska han som berre gjorde godt mot alle. På langfredag ropa den store hopen likevel at dei ville han han bort, at han skulle krossfestast. Det var eit massivt trykk frå svikefulle fiendar. Dei kravde at han skulle fråseia seg å vera Guds Son. Men den tittelen hadde han ikkje røva, men fått hos Far i himmelen frå æva av.
          

v.6 ser ikkje ut til å passa inn her, for Jesus var jo ikkje dum, og han braut aldri Guds lov. Men på krossen sanna Jesus våre synder som sine. Han gjekk inn i vår plass. Han VAR oss.
 

v.7 er ei bøn for disiplane og oss, at me ikkje skal skamma oss over Jesus eller hans evangelium.  For der, og berre der, blir Guds kraft til frelse openberra for jødar og heidningar, skriv Paulus i Rom 1.         

 v.8 Jesus vart spotta, mobba og fornedra av Pilatus sine soldatar, av det høge rådet, av Kaifas, av folk rundt krossen og av den eine av røvarane som vart krossfesta saman med han. Han bar alt tolmodig for Guds skuld, for at Fars store frelsesplan skulle fullførast, for at Gud igjen skulle bli sameint med menneskeslekta, og skamma han bar, var vår. 

          
v.9. Jesu familie meinte at han var gått frå vitet, og dei ville ha han frå å halda fram med å forkynna Guds ord i sin radikale versjon, dei ville berga han frå han sjølv. Men dei kjende han ikkje. Til og med Maria hadde late seg påverka av Jesu halvsøsken til å tru at han var på villspor, ho som burde vita langt betre. Då sa Jesus: Det er dei som gjer Guds vilje som er mine sanne slektningar. 
          
v.10 blir i NT brukt om det som skjedde då Jesus reinsa templet for pengevekslarar. Mange ting tyder på at det var DENNE handlinga, som øydela den gamle ringreven Annas business, som var den direkte årsak til at Jesus vart krossfesta. Me kan ikkje la ein som øydelegg økonomien gå laus. Slik er det alltid. 

Guds hus er Guds rike eller Guds frelseshushaldning. Det vil alltid bli planlagt tiltak mot dei som ivrar for Guds sanningar, Guds ære, Guds rike og folks frelse. Det vil alltid vera nokre som vil fortæra dei.  
          
v.11-13. Jesus var sett på som ein klovn, eit skodespel. Jeremia, Jesaja og Paulus opplevde det same. Dette var personar som sette dagsorden med sine lynande skarpe ord. Dei var radikale. Ikkje for radikalitetens skuld, men fordi det alltid er naudsynt å ta radikale oppgjer med synda som drep oss og fører oss inn i evig fortaping og pine. Det er aldri legen sin diagnose som skaper sjukdomen, men omvendt. Det er ille når pasientens vreide går ut over legen, han som først må diagnostisera for å finna den rette kuren. Dette ser me utfalda seg også i vår tid. Det er dei som snakkar sant om synda og synda sine konsekvensar som blir spotta. Dei burde i staden vorte æra og takka. 


          
   

torsdag 18. april 2019

Salme 68,30-36

v.30. Herrens tempel er Guds bustad, den er synleg, vakker, attraktivt og viktig. Jesu Kristi kyrkje er Herrens tempel. Når kongar kjem med gåver til Guds tempel, gjev dei til kjenne at dei anerkjenner Guds autoritet over liva sine og at dei ønskjer Guds hjelp og bistand i gjerninga si.  

v.31 "Villdyret i sivet" (krokodillen) representerer her den snikande, vonde makta (slangen i Eden). "Flokken av oksar" er mektige folkeslag som går til åtak i flokk. Herren er sterkare enn desse og trugar dei. Han trakkar ned dei som jaktar rikdom (med all den synd som følgjer), og han spreier folk som vil strida mot han og hans folk. Både den snikande og bråkande faren er noko truande menneske kjenner godt til. 


v.32. Dette verset peikar framover mot vår tid då Etiopia og Aust-Afrika har vore gjesta med kristen vekking sidan tida etter 2.verdskrigen. Millionar kjem til tru kvart år. Også i Egypt skjer dette, og særleg i den koptiske kyrkja. Når Israel blir eit kristent folk, vil det nok strøyma gåver også frå Egypt til dei truande i Jerusalem.


v.33. Dette verset er jo interessant. Vanlegvis vert truande oppfordra til å lovsyngja Gud. Men her går oppfordringa til KONGERIKA. Det er alle menneskes kall å lova og æra Gud. Rett og slett. Det er DET som er å vera menneske. 
          

v.34. Gud rid på himmelen, dvs han står over alle nasjonar. Menneske kan ikkje setja grenser for Gud. Men det er Gud, som med si mektige røyst, set grenser for menneska. 
          
v.35. Å anerkjenna desse grensene er å gje Gud makt. Gud HAR all makt. Men denne makta påtvingar han ikkje det enkelte menneske, for me er skapte i hans bilete til fridom, så det er ME som bestemmer i kor stor grad Gud skal ha innflytelse i og gjennom liva våre. 
          
 v.36. Gud vekkjer frykt. Dette er ein god frykt, frykt for å skada hans rykte, frykt for å skada våre medmenneske, frykt komma ut av samfunnet med han og frykt for hans dom,  Når me let oss leida av gudsfrykt, gjev Gud oss styrke og kraft. Lova vere han for det.  Dei som ikkje fryktar Gud har ikkje forstått noko som helst av kven han er. 

tirsdag 9. april 2019

Salme 68,25-29

v.25. Folkeslaga observerer fellesskapet i Guds familie, og den gleden som pregar Jesusfolket.  Å leva som kristen er å vera med i ei festreise. Det lyser av kristne menneske, av liv, ord og framtoning. Dei er eit folk på vandring, på vandring mot felles mål: disippelgjering av nasjonane, og endemålet er heime hos Gud etter fullført oppdrag. Fellesskapet startar i Guds kyrkje her på jorda, og held fram i æva. 

Eit viktig poeng her er at Guds kyrkje er synleg og høyrbar som fellesskap. Anonyme kristne eksisterer ikkje. 

v.26. Fremst i opptoget går songarane. Bakerst harpespelarane, og mellom dei: jenter som slår på trommer. Jesusfolket er eit syngande, spelande og leikande folk.  Det er den kristne kulturen.

v.27 er ei oppfordring om å lovprisa Gud kor mot kor. Her er det vekselsang og samklang så det duger. "Israels kjelde" er Herren sjølv. Me som er av Herren, prisar Herren. Slik er det berre. 

v.28. Israels første konge, Saul, var av Benjamins stamme, og Benjamin blir her ståande som eit bilete på Jesus, det nye paktfolkets første og einaste konge.  Benjamin var også den yngste av Jakobs søner, og det ligg eit element her om den verdsordninga som vart innført av Jesus at "den minste skal bli den største", og det som Paulus skriv om i 1.Korintarbrev 1 om at det som var lite i verda, det valde Gud seg ut osv...

Juda, Naftali og Sebulon er nemnt spesielt her. Dei står som representantar for Sørriket og Nordriket. Det er forventa at Israels stammer går inn under Kristi herrevelde, ja, dei SKAL det. Dei kjem til Jesus i flokk, og hovdingane fører an. Jesus er Israels Messias meir enn nokon andre sin, men han gjer med full rett også krav på uinnskrenka makt over alle menneskeliv i alle nasjonar.  Dette kravet blir gjort gjeldande gjennom forkynninga av Guds ord.
          v.29 er ei kraftfull bøn som skal berast fram av alle generasjonar forat det som er talt om i vers 28 skal bli ein røyndom. Det er SÅ viktig å forstå dette at Gud handlar i nåde når hans folk ber. Slik må det vera fordi me er skapte i hans bilete til å vera hans medarbeidarar, og DET prinsippet vik han ikkje frå i sitt verdsstyre. 

tirsdag 2. april 2019

Salme 68,21-24

v. 20 kunne betre vore omsett slik: "Lova vere Herren dag etter dag!" Det var vanleg i dei gamle oversettingane. Det gjev meining. For me som kjenner Gud har vår glede i å lova og takka han, ja, det er vårt livskall å halda på med det, rett og slett fordi Gud skal ha æra både for vår eksistens og for vår evige frelse, den som me har fått i Jesus Kristus, han som ber oss dag etter dag.  
      
  v.21. I Jesus Kristus har Gud frelst oss frå døden. Jesus lever, og hans liv er i oss, og dette livet skal aldri ta slutt. Den som lever og trur på Jesus, lever sjølv om han døyr kroppsleg, og når Jesus kjem att, skal kroppen også stå opp og levandegjerast, så skal me for alltid vera hos Han i evig glede og fryd. 


v.22-24 må me lesa i lys av Efesarbrevet 6,11 ff der det står at me ikkje har ein kamp mot kjøt og blod, men mot veldige åndsmakter. Motstanden ser ut til å koma frå menneske, men menneska som yt evangeliet og Guds sanningar motstand er under åndeleg kontroll av demoniske krefter. Dei kan ikkje anna enn å steila på det me forkynner, og det vil dei gjera til Gud frir dei frå djevelens makt og innflytelse. 

v.22 skildrar med sterke ord Guds straffedom over dei som "stadig lever i skuld". Dette verset er ikkje akkurat noko søndagsskulestoff. Men det må dog tena som ei åtvaring til alle som dyrkar synda og trur dei skal koma unna med det. Dei gjer jo ikkje det. Ingen gjer det. Alle blir innhenta av si fortida si dersom dei ikkje har vendt om til Gud av hjarta og lagt syndene sine frå seg ved Jesu Kristi kross. 

v.23-24  skildrar korleis Gud fører det bortførte folket sitt attende til si rette adresse. Språkbruken er sterk. Vers 23 er eit frelsesord. Vers 24 eit domsord. 

Kven er det Herren fører attende? Israels folk. Basan er landet i nord. Eit uttrykk for Asia og Europa. "Havsens djup": folket i lang tid har vore oppslukt og assimilert av andre folk. Med "havet" i Bibelen er det ofte meint "folkehavet". Dette verset uttrykkjer difor nøyaktig kva som har skjedd med jødefolket gjennom historia. Spreidd over heile verda og oppslukte og forsøkt utsletta. Men aldri heilt. Det har alltid vore ein rest attende. No er dei komne til heimlandet sitt. Og verda rasar mot dei. Men det er ikkje særleg klokt. For dette folket er Guds, og han skal sjølv sørga for å dømma Israels fiendar, og koreleis det vil sjå ut, ser me i vers 24. Det du les her er GUDS verk åleine, og han er i sin fulle rett når han dømmer motstandarane sine. Og moralen er enkel: IKKJE YT ISRAELS GUD MOTSTAND, men søk fred med han, og du er berga frå hans vreide. 

Men også oss Jesustruande er å finna i folkedjupet, i alle folk og nasjonar, i alle nabolag, og over alt der det er folk. Det er alltid nokre Jesusfolk som minglar rundt i miljøa, meir eller mindre bevisste på kva dei heldt på med og kvifor dei er der.  Men ein dag skal dei skiljast ut, og Herren vil ta dei ut og heim til seg. Men til den dagen er dei lys og salt i verda, for å bringa så mange som mogeleg inn i Guds  forløyste familie.