mandag 31. august 2009

Salme 10,16-18

v.16: Herren er konge, dvs over alle menneske og nasjonar, og det er han til alle tider. Ingen kan gjera noko med det. Ingen kan avsetja Gud, berre stilla seg sjølv utanfor hans rike. Og dei som gjer det, kallar salmisten for ”framande”. Her er det ikkje snakk om innvandrarar, for dei snakkar Gud vel om overalt i skrifta, her er det snakk om menneske som er ”framande for Gud i si ånd.” Dei utmerkar seg ved å vera sjølvhjelpne og uavhengige, i motsetning til dei ”hjelpelause” som er omtala i det neste verset. Dei framande skal ryddast ut or Guds land, dei blir stilt utanfor himmelriket på domedag, der dei ”gret og skjer tenner”, som Jesus seier det. Evig anger utan von.

v.17 Dei ”hjelpelause” er derimot innafor, dei som er desperat avhengige av Gud, hans nåde og hjelp. Herren høyrer kva dei ynskjer og gjev dei mot. Me seier gjerne at Herren ikkje oppfyller våre ynskjer, berre sine eigne løfter. Men dette er ikkje sant. Han er veldig interessert i ynskjene våre, og vil gjerne oppfylla dei om dei ikkje er til skade for nokon.

Paulus skriv i 2 Timoteusbrev at ”Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft, kjærleik og visdom.” Når ein kristen mister motet, er han under påverknad av djevelen. Det skjer stadig. Men Gud veit kor viktig det er for oss at me held motet oppe, og han høyrer når den hjelpelause ber og svarar med å gje han mot, les me. Utan mot kjem me til å mangla både kraft, kjærleik og visdom.

Som kristne må me berre be Herren om å gje oss eit godt mot slik at me ser lyst på livet og framtida og frimodig forkynner hans gjerningar som kalte oss frå mørkret til sitt underfulle ljos.

Men skal me ta imot Guds gåver, må me bruka tid med hans ord og takka og prisa han flittig for alle hans gode gåver.

v.18: er ein proklamasjon om at Guds omsorgsvilje andsynes dei ressurssvake og undertrykte. Han vil hjelpa dei til deira rett. Denne gruppa er den første som vert rettslause i eit samfunn. Dei har korkje råd eller kraft til å fremja retten sin. Men alle med makt skal vita at Herren er på dei ressurssvake si side og hjelper dei i konflikt med dei ressurssterke.

Men ikkje berre det. Det som desse menneska har aller mest bruk for er evangeliet. Alle menneske har rett til å høyra evangeliet, og dei som tek imot, får rett til å bli Guds barn, dei som trur på Jesu namn, og det som regel dei hjelpelause og undertrykte.

torsdag 13. august 2009

Salme 10,8-15

v.8-11: Den vonde er ein luring. Han kjempar ikkje i ope terreng, men ligg i bakhald og lurer på den rettferdige. Dette kan forståast både bokstaveleg og i overført tyding: Den vonde snører den rettferdige inn i eit garn av falske klagemål, eller han påfører han umogelege gjeldspostar som "drep" han økonomisk og sosialt, og slik sigrar han over den rettferdige og set han ut av spel. Offeret vert overmanna av brutal makt. Her er det makta og ikkje retten som rår. Og dette gjer den vonde i forvisning om at Gud ikkje ser, ikkje bryr seg og ikkje vil stilla han til ansvar. "Han skjønar ikkje at Gud med sitt tolmod vil gje han sjansen til å venda om, og når dei vonde ikkje skjønar dette, blir det anarki." (Vilhelm A VenGemeren) Slik fungerer vår verd. Retten må vika for makta, og makta vert brukt til sjølviske føremål. Det er synda i sin grellaste farge.

I v.12-15 ber salmisten om at Gud skal gripa inn og endra situasjonen. Han ber Gud om å reisa seg. I vers 1 spør han kvifor Gud ikkje grip inn for å hjelpa. I vers 12 markerer han at no er tida inne for Gud til å aksjonera. Det har gått for langt, og det kan ikkje forsvarast å venta lenger. Han appellerer både til Guds ære, lovnad, omsorg og rettferd.
v.12: Når Gud reiser seg og løfter handa er det alltid for å intervenera i menneska sitt liv på ein spesiell måte, som då han førte israelsfolket ut av Egypt. Ein slik aksjon er det salmisten ynskjer seg. Gud må ikkje gløyma dei audmjuke og elendige, dei som han har lova å møta med nåde og hjelp.
v.13 repeterer ein del av det me alt har vore innom.
v.14 uttrykkjer ei forvisning om at Gud har observert all uretten og vil dømma den vonde og dra omsorg for den hjelpelause som tillitsfullt overgjev seg til han. For Gud har alltid openberra seg som ein hjelpar for farlause og hjelpelause.
v.15 Difor ber han om at den vonde skal bli stilt til ansvar for sine gjerningar, missa makta si (armbrot), bli sett ut av spel, og at vondskapen skal bli utrydda. Det er ei bøn som mange Guds barn ber i vår tid, utsette som dei er for forfylging, falske klagemål, tortur, fengsel og alvorlege tap. Slik bør alle kristne som lever trygt også be for alle dei som er undertrykte av urettferdige regimer.

søndag 9. august 2009

Salme 10,1-7

v.1 Salmisten spør Gud kvifor han er så langt borte i tider då han har aller mest bruk for han. Han har behov for umiddelbar hjelp, men Gud grip ikkje inn. Og han forstår ikkje kvifor.
Denne problemstillinga er vanleg for menneske i naud. Sanninga er: Gud er alltid nær hos oss i vår naud, men han teier i sin kjærleik, les me hos profeten i Sefanja. Målet med det er at me skal bli sterke i han, for dei som ventar på Herren får ny styrke, les me hos Jesaja (kapittel 40). Det som me trur vil sveikka oss, er det som vil styrka oss. Og me må forstå: Gud er trufast, og vil alltid oppfylla løftene sine, sjølv om han ikkje alltid oppfyller ønskjene våre.

Problemet salmisten står andsynes finn me i vers 2: Han er fattig, og han er forfølgd av vonde menneske. Dette er er ein normalsituasjon for mange kristne i vår tid. Og me kan sjå at det var slik også for både Jeremia og Jesus, og for dei første kristne.

Salmisten ber så Gud om at forfølgjarane må falla for eige grep. Det er det han ynskjer, og slik er det han ærleg ber, og det samsvarar med Guds råd for dei vonde. Dei skal falla i den grava dei grev for andre.

v.3-4 Den vonde skryt av planane sine (skryt er ei forresten ei kvalmande grunnsynd i menneskehjarta som også pregar mange kristne), han er grådig, fornektar Gud og bryr seg ikkje om han. Han er ikkje ateist, men Gud er ikkje i tankane hans og har ingen påverknad på livet hans. Livet for den vonde handlar om å skaffa seg timelege goder. Dei evige godene er ute av hans perspektiv. Og når profeten kjem og minnar han om livsansvaret innfor Gud, vert han sint og det endar gjerne med forfølging i ei eller anna form. Dei vil ikkje at andre skal blanda seg oppi liva deira. "Trø meg ikkje for nære!"

v.5: Og det er ein regel meir enn ein unnatak at den som mel si eiga kake i stor grad lukkast med det. Han har framgang og kjenner seg sterk og usårbar. Og sidan han er fokusert på suksess, ser han på medmenneska sine som potensielle kundar eller konkurrentar, og tankelivet hans kretsar rundt slike emner. Han velsignar dei som støttar og forbannar dei som hindrar han.