onsdag 3. mai 2017

Salme 57,7-12

v.7. Davids fiendar prøvde å lura han inn i ei felle dei hadde lagt ut for han.  Men dei gjekk i fella sjølve. Slik handlar Gud med sine barns fiendar. Djevelen jaktar på kristne over heile verda. All forfølging av inspirert av han. Men ein dag vil han sjølv bli kasta i eldsjøen.

I v.8 fortel David at han kjenner seg trygg, og at han difor tek fram harpa og lyra for å syngja og spela og vekkja morgonroden. Morgonroden er her eit uttrykk for Guds nærvær. Lovsongen til Gud genererer hans nærvær mellom oss. Så DET skulle einkvar kristen bruka god tid på kvar dag.

I vanskelege tider stilnar fort sangen og musikken. Han går i dvale. Det blir stille og mørkt i sjela. Du blir lamma. Vers 9 lærer deg å vegen ut av dette. Tal til deg sjølv. Sei: No må du vakna! Nå må du stå opp. Trekk for gardinene. Det er ein ny dag der ute. Sola skin. Messias har kome. Han har teke bort synda. Han har stått opp frå dei døde. Han lever, og vil vera i lag med deg og fylla deg med glede og fryd. Finn fram harpa. Finn fram lyra. Finn fram gitaren. Finn fram trompeten. Set deg ved pianoet. Syng ein ny song for Gud, din kjære far og for Jesus din kjære bror.

Gud likar godt musikkinstrument, særleg når dei er godt stemte og samstemte, og særleg når dei vert trakterte av dugande folk, men han er ein god far så han tolar det godt når eg spelar også. Eg vågar ein påstand: Jo større band, jo betre for Gud. Han likar "trøkk". Musikken som kjem frå Gud, har Gud med seg og vil alltid vera sentral i all åndeleg vekkjing.
Jmf. Salme 40 der David skriv: "Og han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud."

v.10 Og ta lovsongen med ut i kvardagen, ut mellom folk, ja ut mellom folkeslaga. Ta bandet med ut på gater og torg, og syng og spel fagert for dei som ikkje kjenner Gud, så kjem Gud til dei. Dei lever i mørkret. Men lovsongen frå oss som elskar Gud bringer Gud til dei. Natta tek slutt og ein ny morgon gryr.

Lovsongen til Gud er Guds barns fremste kjenneteikn, og botnplanken i disippellivet. Me skal alltid lova og prisa Gud. Det sømmer seg. Og ute mellom folkeslaga i alle land skal sangen til Gud lyda sterkt og dra folka til Gud, han som skal prisast av alle folk i all æva.

v.11 held fram grunngjevinga for denne lovsongen: Fordi Guds miskunn når til himmelen og hans truskap til skyene. Poenget er: Du som trur på Jesus, du som er døypt til hans namn, du som er komen inn i hans rike, inn i hans verd, du kan ikkje koma deg ut av Guds miskunn og truskap. Du er midt oppi det. Som fisken er omslutta av vatn og du og eg av luft, slik er ein kristen omslutta av Guds kjærleik og truskap HEILE TIDA. Utan stans.

v.12 Er ei bøn om at Gud skal gjera sin guddom, sin majestet kjent for alle folkeslag på jorda, og at dei skal få sjå og smaka på hans herlegdom. Guds herlegdom er eit samlebegrep for hans venleik, hans lys, hans makt, hans kraft, hans karakter og hans godleik.

Kor finn me Herrens herlegdom? Han strålar ut frå Jesus Kristi ansikt, les me i 2.Korintarbrev. Difor ser me hen til han, bøyer oss for han og tilber han.

Julenatt kom det englar til gjetarane på marka, og Herrens herlegdom lyste kringom dei, og engelen sa: "I dag er det fødd dykk ein frelsar, han er Messias, Herren."

Kven er Jesus? Han er Herren. Han er Gud. Kven sin herlegdom lyste kringom gjetarane: Vår Herre Jesu Kristi herlegdom. Barnet i krybba var den evige Gud.