tirsdag 18. juni 2013

Salme 35,25-28

25 Dei skal ikkje le og tenkja: «Som vi ønskte!»
          Dei skal ikkje seia: «Vi har slukt han.»


Dette verset er ein profeti om at fiendane ikkje skal lukkast og triumfera. Den gleda skal dei ikkje få.
       
   
26 Alle som gler seg over mi ulukke,
          skal bli til spott og skam.
          Dei som ser ned på meg,
          skal kle seg i skam og vanære.


       
   
27 Dei som bryr seg om min rett,
          skal jubla og gleda seg.
          Alltid skal dei seia: «Stor er Herren,
          som ønskjer fred for sin tenar.»


Desse to  verset uttrykker ein viktig bibelsk sanning om rettferd: Du får att etter den måten du behandlar andre. Den som spottar, vil sjølv oppleva spott, den som ærar ein annan vil sjølv bli æra. Som også Jesus seier det i Bergpreika: "Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn." Det er Gud som regiserer dette.  

 Dei som bryr seg om min rett, er det som forsvarer salmisten når han må fronta urettvise klagemål. Dei skal "jubla og gleda seg". Det betyr at dei vinn fram med saka. Elles vil folk som stiller opp for andre alltid ha ei kjelde til glede i seg sjølv. Forsvarar fungerer i samsvar med Den heilage ande, og når me er i harmoni med han, blir me glade. Me registrerer i vår ånd at Gud er stor, og at han "ønskjer fred for sin tenar." Fred = shalom = velferd.
       
   
28 Mi tunge skal forkynna di rettferd
          og lovprisa deg heile dagen.


Enno ein gong ser me at trua losnar tungebandet, den som erfarer Gud forkynner hans rettferd (som også kan omsetjast "frelse"), og lovpriser han heile dagen. Personleg gudserfaring resulterer i eit totalengasjement for Gud. Ein lovar Han døgnet på tamp :)

mandag 17. juni 2013

Salme 35, 17-24


   
 17 Herre, kor lenge vil du sjå på?
          Berg mitt liv frå herjingane deira,
          det einaste eg har, frå løvene!


"Kor lenge?" er eit spørsmål som går att hos folk som slit, men som det sjeldan vert gjeve svar på av Gud. Det er rimeleg å tru at dette i dei fleste høve ikkje er bestemt. Gud ser tinga an, for å bruka eit menneskeleg uttrykk. Lengda på lidinga er m.a. knytta til grad av bøn (2.Kor.1,11) , og stundom av grad av omvending.
Så ber han om å bli berga frå fiendane (løvene) sine herjingar. "Liv" er det same som "sjel". Det strekker seg altså langt utover det fysiske. Det handlar om livet med Gud og nesten. Folk kan få livet sitt skikkeleg øydelagt sjølv om dei ikkje bli drepne fysisk.
       
   
 18 Eg vil prisa deg i den store forsamlinga,
          i folkemengda vil eg lova deg.
          

Dette er eit ord eg set stor pris på. Me finn mange ord i Bibelen som handlar om å prisa Gud saman med andre, eller mellom andre. Når me gjer det, gjev me Gud rom til å råda mellom oss og gjera sine gjerningar med oss og gjennom oss.

    19 Lat ikkje mine svikefulle fiendar
          gleda seg over meg!
          Dei som hatar meg utan grunn,
          skal ikkje få senda meg hånlege blikk.
       
   
 20 For dei talar ikkje venleg,
          men tenkjer ut svikefulle planar
          mot dei stille i landet.
       
   
 21 Dei sperrar opp munnen imot meg
          og ler hånleg: «Vi har sett det med eigne auge!»


Han held fram med å be om at fiendane hans skal mislukkast med å gjennomføra dei svikefulle planane sine. "Dei stille i landet" er dei som trur på Gud, som ope lovar hans namn og hevdar hans ord og som jobbar i det stille med å læra folk å gå på Guds vegar. Slike folk er svært effektive og vil på sikt gjennomsyra samfunnet med Guds ord og godleik, dei "arvar landet" (Matt.5,3). Det er desse djevelen forfølgjer og hånar, og han framstiller dei som fjerne og drøymande menneske utan bakkekontakt. "Vi har sett det med eigne augo" kan også bety at dei har sett salmisten sin dysfunksjon og hans nederlag, og at dei held dette miskunnslaust opp mot han. 
       
   
 22 Du ser det, Herre. Tei ikkje!
          Herre, ver ikkje langt borte frå meg!
       
   
 23 Vakna og hjelp meg til min rett,
          min Gud og Herre, før mi sak!
 
       
   
 24 Døm meg etter di rettferd, Herre, min Gud.
          Lat dei ikkje gleda seg over meg!


v.22 startar med å slå fast at Herren ser og observerer kva som skjer med salmisten. Det er bra, men han vil ikkje ha Gud som ein passiv tilskodar på lang avstand. Han vil at han skal koma nær og ta vare på han og tala saka hans overfor motstandarane. Dette er så menneskeleg. Når menneska ikkje vil oss vel, blir me redde og føler fort at Gud er fjern og stille, ja nærast sovande. Me får lyst og vekka han, v.23. Det er sjølvsagt ikkje snakk om å vekka Gud fysisk, for i følgje Salme 121 så søv og slumrar ikkje Israels vaktar, men å vekka han for oss og vår sak, gjera han oppmerksam på at her føregår det saker og ting som ikkje er bra og som strengt tatt er hans bord. 

Kjære lesar! Verda er full av urett. Makta vinn nesten alltid over retten, og slike bøner som dette er høgst relevante i ei verd der mafiakreftene ser ut til å vinna terreng i mange land, og infiltrera både den økonomiske og politiske makteelite. 

For truande menneske er Gud både sakførar og domar. Me skal alle fram for Kristi domstol, skriv Paulus i 2.Kor 5. Det er to ting å seia om denne domen: For det første: Jesus er vår domar, og med bakgrunn i at han døydde for våre synder og sto opp til vår rettferd, har han mandat til å frikjenna alle som trur. Han tok bort syndene våre på krossen, og så lenge me trur på han, og så lenge me vil at hans verk på krossen skal gjelda for oss, blir me ikkje domfelte. Det andre er at han gjev oss løn for det gode me han gjort i hans namn, og storleiken på løna vurderer Han.

Salmisten vl bli dømt etter GUDS rettferd, ikkje etter det menneske meiner er rettferdig, for det er to heilt ulke ting. Gud veg alle ting rett, medan menneska legg vekta snart på det eine og snart på det andre, alt etter kva som gagnar saka deira. Det store for oss er at Gud også kjenner vekta og verdien på Jesus, og at han for Hans skuld allttid dømer til vår fordel, og han ler aldri av oss når det går galt. Ein av menneska sine simplaste eigenskapar er skadefryden, og salmisten ber om å bli spart for å koma i ein situasjon der motstandarane sit att og peikar lang nase.