onsdag 24. april 2024

Salme 122,1-4

  Ein song til festreisene. Av David.

Eg vart glad då dei sa til meg:
«Vi vil gå til Herrens hus.»
2 Ofte har føtene våre stått
i portane dine, Jerusalem.
3 Jerusalem, du er bygd
som ein heil og samla by!
4 Dit dreg stammene opp,
Herrens stammer!
Det er ei lov for Israel
å prisa Herrens namn.

Denne teksten løftar Guds kyrkje opp på eit nivå der ho høyrer heime, som verdas mest fantastiske fellesskap.

For jødane var tempelet i Jerusalem Herrens hus. Hans nådige nærvær på jorda var knytt til denne plassen. I vår tid og i vår samanheng bur Herren Jesus i alle som trur på han, og tempelet i Jerusalem er blitt erstatta med den kristne kyrkjelyden. Guds nådige nærvær på jorda er å finna alle plassar der det er kristne menneske, og i særleg grad der  Jesustruande finn saman for å prisa og tena Han. 

Alle kristne elskar sine kristne søsken. Det er eit kjenneteikn på personar som har Guds Ande. Og dei som elskar sine kristne medsøsken, elskar også å vera saman med dei, og dei gleder seg til neste gudsteneste, bibelgruppe eller bønnegruppe. Det er naturleg. 

Dersom du ikkje kjenner på dette, må du be Gud om å kasta ljos over livet ditt og syna deg kva du må venda om frå slik at han kan reinsa deg og fylla deg med Anden på nytt. Då vekkest kjærleiken til Gud i deg, hans familie og hans misjon. 

v.3 Jesus elskar at kristne står saman, og han ber i Johannes 17 om at me alle må vera eitt slik at verda kan tru at han er den han er. Dette skulle motivera oss til i stor grad å søka saman, ja, ha mestd mogeleg i lag. Herren vil byggja Jerusalem som ein heil og samla by. 

Israels folk og land har eit stort kall over seg: Dei skal prisa Herrens namn og gjera dette kjent over jorda. Du og meg som Jesustruande heidningar er invitert inn i det same kallet. Når kvar av oss lovar, ærar, hyllar, opphøgjar, tilber og lyder kong Jesus, gjer me hans namn stort mellom folk, og jo klarare dei ser han for sitt indre, jo fleire av dei vil begynna å tru på han og setja si lit til han. Slik veks Guds rike fram. 


onsdag 17. april 2024

Salme 121:4-8

 4 Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje,
Israels vaktar.

5  Herren er din vaktar,
Herren er din skugge
ved di høgre hand.

6 Sola skal ikkje skada deg om dagen,
heller ikkje månen om natta.

7  Herren skal vara deg frå alt vondt.
Han skal verna om ditt liv.

8  Herren skal vara din utgang og din inngang
frå no og til evig tid.

Vers 4 vidarefører det som blir sagt i vers 3 om at Herren alltid er årvaken. Han er på ballen, som dei seier i fotballspråket, han er der kampen rasar. Det skal me hugsa på i denne tida då Israel er i krig mot Hamas og Iran, og i denne tida då dei fleste av verdas land reiser seg mot Israel, og når til og med venene deira vaklar. Men Israels Gud vaklar ikkje. Han er på ballen. Det vil heile verda få erfara. 

Gud er trufast mot det folket han valde ut med tanke på å bringa frelse til verda. Det vil eg ha sagt. Gud er ikkje ein Gud som byggjer opp ein nasjon for så å overlata han til seg sjølv. Ja, men jødane er jo ikkje kristne, innvender du kanskje. Til det er å svara: Mange av dei er kristne, og fleire skal det bli. Ja, ein dag skal heile nasjonen venda seg til Yeshua Messiah, vår Jesus, og då vil verda oppleva  at ei kristen vekking som aldri før vil koma til å gå over nasjonane. Herren våker over ordet sitt for å fullføra det han har sagt. Og det eg no seier er viktig: Alle som no reiser seg mot Israel, reiser seg mot Israels Gud, og det er lite tilrådeleg. Alternativet er å tala vel om landet og folket, be for dei og på alle måtar velsigna dei. Men be for all del også for palestinarane, at Gud skal sjå til dei i deira naud, at Israel skal sigra i krigen mot Hamas, at Gaza blir demilitarisert og attreist. 

Men Herren er også med deg i dine kampar. Han er usynleg til stades ved di høgra hand. Så nær er han. Han slumrar og søv ikkje. Han er på ballen, du har han på laget ditt, og så lenge han har ein plass i livet ditt, kjem du til å sigra. 

Gud skapte sola og månen for å velsigna oss, og hjelpa oss å halda orden på tid og time. Men menneska i orienten såg på dei som gudar som slett ikkje alltid hadde godt i sinne. Kanskje er det dette som ligg til grunn for det me les om desse to lysa her? Og det er jo interessant at islam framleis er ein månereligion, og blir symbolisert med halvmånen. Men denne månen skal ikkje kunna skada Israel eller Guds kyrkje. Det er interessant at dei fleste kristne som blir forfølgde blir forfølgde av islam, månereligionen. Og det er interessant at hatet mot Israel også kjem frå denne trua. Men Herren varar kyrkja og Israel og deg, truande ven, mot alt vondt. Kva er det vonde? Det som skadar trua di og som fører deg bort frå Gud. Det som skadar familien din og samhaldet de har med kvarandre. Det som skadar kyrkja di, ho som skal vera som ei mor for deg. Og dessutan alt som vert sett i verk for å fjerna Israel frå kartet og det jødiske folket frå jordas overflate. Og me kan leggja til: Alt som vil øydeleggja arbeidsplassen din og landet som du bur i. 

Herren skal verna om livet ditt. Tenk på det. Livet ditt er dyrebart for Gud. Men ikkje berre ditt. Alle sine liv. Difor kjempar me også for dei ufødde, og Herren ber oss om å saman med han å verna menneskelivet frå det er avla til naturleg død. Det er han som har vilja dei, og han har ein stor plan for dei som brutalt vert stoppa når mora bestemmer seg for å ta abort. Det at me held på med dette, set oss i stor fare. For Herren har sagt at den som tek menneskes liv, hans liv skal menneske ta. Og sjølv om dette handlar om dødsstraff, kan dei slik eg ser det også handla om krig. Det er mi overtyding at den krigen samfunnet fører mot ufødde barn vil før eller seinare føra oss inn i ein krig der me alle står i fare for å bli offer. Må det ikkje skje. Må me erkjenna vår synd, venda om til Gud og søkja fred med han. Då vil det gå oss godt. 

lørdag 6. april 2024

Salme 121,1-3

 1 Ein song til festreisene.

Eg lyfter auga mine til fjella.

Kvar kjem mi hjelp ifrå?

2 Mi hjelp kjem frå Herren,

som har skapt himmel og jord.

3 Han vil ikkje la foten din vakla,

din vaktar vil ikkje blunda!

Dette er ei av dei mest kjende og brukte salmane i Bibelen. Den syng me ofte når me samlast til gudsteneste, i alle fall hos oss.

Utgangspunktet er at den som har skrive dette treng hjelp, og situasjonen er så vanskeleg at det er berre Herren som kan hjelpa. 

Difor løfter han blikket mot fjella, dvs oppover. Me har alle ei eller anna førestellinga om at Gud er over oss, og eg trur han vil at me skal tenkja slik av den enkle grunn at han ofte openberrar seg på fjell: Sinai, Sion, Tabor, Golgata. 

Denne salma kan me gjerne kalla ei tillitssalme. Salmisten er sikker i si sak: Mi hjelp kjem frå Herren. Og ingen kven som helst herre, men han som skapte himmel og jord, den allmektige og evige gode Gud, han som er opphavet til alt. 

1.og 2.vers er i 1.person, eg og mi. Frå vers 3 skriv salmisten i 2.person. Då er det du, din og deg som gjeld. 1.og 2. vers er eit vitnemål. Vers 3-8 er forkynning. 

Vers 3. Kanskje du er i ein situasjon der du føler deg åndeleg og mentalt svimmel, at det går heilt rundt for deg. Høyr her: Herren held deg oppe. Du skal ikkje falla. Han ser korleis du har det, og difor hegnar han om deg. Ein plass står det at han slår leir rundt deg. Kjære svimle ven! Du er omringa av Herren og hans englar. Dei støttar deg opp, og snart kjem du til sans og samling att. 

Stundom kan me høyra når nokon forkynner over teksten om stormen på Gennesaretsjøen  at Jesus tek seg ein blund og ikkje følgjer så godt med på kva som skjer i livet ditt. Men det er 100% feil. Han er vaker over deg dag og natt, og han passar på at du ikkje blir overbelasta eller vergelaust utsett for demoniske åtak. Kjære kristne ven! Du er veldig godt beskytta av Jesus, han som er Kristus, Herren.