tirsdag 26. februar 2019

Salme 67

 Denne salma handlar om at Gud er Gud for alle verdas folkeslag, og kan med rette brukast som ein tekst som inspirerer til kristen misjon.  
v.2 er ei bøn ut frå frå den aronittiske velsigninga, ei bøn om at Gud må vera oss nådig, velsigna oss og lat sitt andlet lysa over oss. Kva ber salmisten om? At Gud skal anerkjenna folket sitt og velsigna det med seg sjølv, med sitt nærvær.

v.3 Når det skjer, vil Guds veg og frelse bli kjent mellom alle folkeslag på jorda.   Det er to ting å seia om dette. I følge Romarbrevet 11 vil det at jødane tek imot Jesus føra til "liv av døde" for verda. Me kan altså sjå fram til ei misjonstid i framtida som aldri har hatt sin parallell i tidlegare historie. For det andre: Når Gud velsignar si kyrkje i dag og let lyset sitt skina i forsamlingane, då får me vekking som fører til ny misjonsglød, misjonsvisjon og misjonsiver i Guds barns hjarto. Det var dette som starta den protestantiske misjon på 1700-talet, og som den dag i dag ber Guds hjartesak framover i verda.   Guds heilage ande løftar oss opp til Gud, og frå den posisjonen ser me alle verdas land og folkeslag, dei som Jesus døydde og stod opp for, og som ventar på det ordet som kan frelsa dei og sameina dei med Gud. 

Vert det mektige lyset frå Gud borte i forsamlingane, vert også nauda og omsorga for folkeslaga borte. Men det er jo grunn til å spørja seg: Kor sterkt er dette lyset i dag? Kor opptekne er kristne av Guds misjon, lokalt og globalt? I overraskande liten grad. Kristne lever som folk flest, stort sett. Kvifor det? Anten fordi dei berre er kulturelle kristne og strengt tatt ikkje lever med Gud, eller fordi dei lever åndsfattig og ikkje held Jesuselden ved like i liva sine, eller fordi dei les lite i Bibelen, eller fordi dei ikkje er disippelgjort skikkeleg, eller fordi pastorar og forkynnarar i liten grad han evne til å løfta folk opp til Gud slik at dei kan sjå det Han ser, slik at dei kan få sann informasjon om kva som ligg på hjarta hans. 

Og så er det noko med fokus i det kristne misjonsarbeidet. Når me veit at for kvar 30. kristne fulltidsmisjonær i verda er det berre 1, altså èin einaste, som vender seg til eitt av dei unådde folkeslaga? Det er altså god grunn for oss som kristne å be denne bøna i forsamlingane våre og plassera oss sjølve inn i det store bilete, det som vår Gud og gode frelsar alltid har framfor seg. 

v. 4 er eit omkvede.

v.4a. skildrar det som skjer når folkeslaga kjem inn i Guds lys, som er ein metafor for hans frelse: Dei prisar Gud. Alle som tek imot Guds nåde i Jesus Kristus får ein åndeleg DNA som gjera at ein prisar Gud fordi det er blitt ein del av vår natur å gjera det. 

v.4b er ein mektig lovnad om at ALLE folk ein dag skal prisa Gud, altså at det skal vera ei levande kyrkje i alle verdas folkeslag der Gud blir elska og hans namn løfta opp. Dette er ein naturleg følgje av det enkle faktum at Guds frelse i Kristus er universell, og at Kristus sjølv har sagt at evangeliet om hans rike skal forkynnast som eit vitnemål for alle folkeslag før enden kan koma. 

v.5 er ei bøn om at det som vart lova i vers 4b faktisk skal skje. I misjonsarbeidet er ikkje bøna ein del av arbeidet, det er sjølve arbeidet. Når Guds kyrkje det dette på alvor, fører Gud sjølv arbeidsfolk ut til sin haust. Slik er heile Guds kyrkje involvert i å bringa heile evangeliet til heile verda, som det heiter i Lausannepakta. 

Resten av vers 5 er ein dublett der den første påstanden vert forklart i den andre. At Gud dømmer folka med rettferd, betyr at han leier dei på ein slik måte at han regisserer deira frelse. I boka si "Forberedt på evigheten" skildrar Don Richardson på ein overtydande måte korleis Gud førebur alle folkeslag på evangeliet om Jesus ved å etablera eitt eller anna fenomen i kulturen deira som gjev ressonans inni dei når evangeliet blir forkynt for dei. Sjølv Richardson dette då han  i mange år var misjonær i sawistamma på Ny Guinea, ei historie han har skildra i den fantastiske boka "Fredsbarnet". Etter år med frustrasjon mellom eit folk som elska Judas høgare enn Jesus, fann han til slutt Guds nøkkel til hjarto deira, og alt endra seg. Får du tak i bøkene til Richardson, og dersom du les dei, blir det fort nokre ting som endrar seg i livet ditt.

v. 6: Omkvede 

v.7 Handlar om jordbruket. Gud deler ikkje verda inn i eit åndeleg og eit verdsleg regime. Alt som har med Gud å gjera er åndeleg, og alt han har skapt har med han å gjera, og når me kjem i harmoni med Han, velsignar han alt rundt oss og i oss, både det synlege og det usynlege. Då blir det gode år, og jorda gjev si grøde. 

v.8 slår fast at Gud SKAL velsigna Israel, med det resultat at heile verda skal frykta Han. For ein nydeleg tanke for alle som fortvilar over all vantru og dårskap som er å sjå, og over alle dei menneske som ikkje ser Gud fordi ingen har kome til dei med han. 

mandag 25. februar 2019

Salme 66,13-20

 v. 13-15. Salmisten hadde lova Gud brennoffer om han fekk den rette hjelp, og no ville han gå til Herrens hus og halda lovnaden sin. Gud fører oss alltid slik at me til slutt endar opp i hans hus. Salmisten tok med seg eit dyreoffer. Me kjem med oss sjølve, til Guds hus, til kyrkjelyden, og der ber me fram kroppane våre som eit heilagt offer til han (Rom.12,1-3). Det skaper forvandling av våre sinn. 

Synda er for evig sona. Guds rettferd i Kristus er etablert. Men alt dette er fåfengt for oss dersom me held oss sjølve attende og ikkje overgjev oss til Gud og fellesskapet med kropp, sjel og ånd. Men når me gjer det, døyper han oss med sin eld av kraft og kjærleik, han forvandlar sinna våre. 

v. 16. Då blir me VITNER. All åndeleg blygskap forsvinn og frimodig kallar me folk til å koma og høyra kva Gud har gjort mot oss. Det er personleg erfaringa av Guds frelse saman med Andens nærvær i oss som motiverer oss til å vitna. Det er noko fantastisk flott dette. Salmisten kallar dei gudfryktige til å koma og høyra. I dag er dette eit kall som skal gå ut frå Guds forløyste kyrkje til alle menneske: "Kom og høyr kor store ting Gud har gjort mot meg". Her har kvar person si forteljing. Men metaforteljinga vår er om Jesus. Det er det kristne evangelium. Det er HAN me framfor alt vil snakka til folk om. Og snakka MÅ me, fordi hjarto våre er fulle, me kan ikkje anna, og fordi ingen kan tru utan å høyra, og ingen høyrer utan at noko snakkar (Rom.10). 

v.17. Frelse utløyser alltid lovsong til Gud. Han legg ein ny song ned i oss, i hjarte og munn (Salme 40,1-3).  Lovsongen kjem frå Gud, ikkje frå oss. Er lovsongen framand for deg, er du ikkje frelst. 

v.18-20. Ingen må prøva å bruka Gud for å fremja eigne interesser. Ingen må tru han kan ha Guds venskap så lenge han nærer andre uvenskap. Ingen kan stå seg godt med Gud så lenge ein planlegg å skaffa seg goder på andre sin bekostning. Ingen får nåde hos Gud så lenge ein ønskjer å straffa andre. Alt dette er definert som urett. Då vil ikkje Herren høyra. Nei, me må kasta alt slikt over bord når me har med Gud å gjera. Me kan ikkje vera kristne og samstundes jobba for våre eigne interesser. Vår nyvunne posisjon er at me får jobba for HANS interesser, og det er, når sant skal seiast, det største av alle privilegium eit menneska kan nyta i livet. Dette var også salmisten sin posisjon innfor Gud, dette var hans sinnelag. Det kan han seia sidan Gud faktisk hadde svara han positivt på bøna hans, ikkje lagt ho til side og ikkje teke si miskunn frå han.  Han kjenner seg rikt velsigna av den Gud som er velsigna og som velsignar oss med seg sjølv.

lørdag 23. februar 2019

Salme 66,8-12

vers 8: Salmisten oppfordrar alle folk til å velsigna Gud ved å la lovsongen lyda for han. Å lovsynga Gud er alle menneskes opprinnelege kall, og den inste meining med menneskelivet. 

vers 9 inneheld to trussetningar: Gud er den som held kvar einaste menneske i live, og at han set føtene våre på fast grunn slik at dei ikkje vaklar. Menneskekroppen fungerer ikkje automatisk, han går ikkje av seg sjølv. Me lever så lenge Gud held liv i oss. Slik er skapingas orden, og dette skulle gjera oss audmjuke og motivera oss til alltid å ha vår sak med Gud i orden.  
Den faste grunn høyrer med til frelsens orden. Apostelen Paulus skriv: Ingen kan leggja annan grunnvoll enn den som er lagt: Jesus Kristus. Gjennom tru og dåp er me plasserte på denne grunnvollen, og kan gå framover i livet utan å vakla. Me går på, i og med Kristus. Å bli frelst er å bli dregen ut av ei djup gjørme og få føtene plasserte på fjell, syng David i Salme 40. Men obs! Vik me av frå Guds ord, hamnar me fort i gjørma att. 

v. 10. Gud kjenner oss. Han veit kor lett me har for å vika av frå han, kor lett me har for å gje etter for freistingar og få element inn i liva våre som er framande for Gud og farlege for oss. Difor prøver han og reinsar han oss. Det ideelle for Gud er at me studerer hans ord og let oss kalibrera og reinsa av det. 

v.11-12. Men dersom han ikkje når sine mål med oss på den måten, fører han oss inn i eldomnen, let føtene våre "gå i garnet", og det oppstår situasjonar som smertar oss djupt, men som er naudsynte for at me skal bli verande hos Gud, og forat uheldige utvekstar i liva våre skal fjernast. Ingen vanske i livet råkar deg utan vidare. Når det kjennest som om "menneske rir over hovudet ditt",  har Gud herleg plan med det alt saman, og han forlet aldri den som hamnar i eldomnen, eller den som må gå gjennom djupe vatn. Der er han med, og resultatet blir kjempebra: eit skinande blankt sølv utan slagg. Reinsing er foredling.

Det heiter i norsk lov at det er forbode å forlata eit menneske i hjelpelaus tilstand. Dette er ein regel som har sine røter i Gud, i forteljinga om den miskunnsame samaritanen. Gud forlet aldri eit hjelpelaust menneske. Ikkje deg heller. Nei, han tek seg av deg, løftar deg opp, bringer deg til ein trygg plass, betalar alt for deg og fører deg inn i ein overflod av nåde og kraft. 



fredag 22. februar 2019

Salme 66 5-7

Vers 5 er ein invitasjon. Gud inviterer oss til å koma og sjå hans veldige gjerningar mellom menneska. Kor ser me desse? I Bibelen. 

vers 6: Der les me om korleis Gud førte Israel gjennom Raudehavet, metta dei med manna i ørkenen, gav dei vatn frå fjellet, korleis han førte dei sigersrike ut av strid, verna dei mot fiendar, tok vare på dei i diaspora, førte dei attende til fedrane sitt land, sende Sonen sin til dei som gjorde mektige teikn og under mellom dei før han døydde for deira synder og stod opp til deira rettferd. Der les me korleis han sende Anden til dei truande, utrusta dei til teneste og gjorde sitt herlege evangelium tilgjengeleg for alle menneske, også for oss her langt i nord. Difor glede me oss over han. Ja, det HAN, og ingen annan me gleder oss over. Ingen gjer oss så glade som vår frelses Gud og vår evige Far, og Jesus, vår evige rettferd og trufaste og nærverande ven. Me lovar og prisar han frå sola står opp til ho går ned, og i seine nattetimar om søvnen uteblir. 


vers 7 er ein proklamasjon: "Han herskar med velde til evig tid!" 

Det kan sjå ut til at Gud er avmektig i verda. Men det er slik åndeleg blinde menneske oppfattar det. Men me som er fødde på nytt grip Guds sanningar i tru og proklamerer, det er ikkje djevelen som regjerer, det er Gud, og Jesus sa før han reiste til himmelen: "EG har fått all makt i himmel og på jord." All makt. Den einaste plassen han har valt å ikkje utøva si allmakt er i mennesker som stenger liva sine for han. Desse opplever seg gjerne frie, frie frå Kristi herredøme, men dei er i djevelens makt og er reidskapar for hans planar. Ja, han verkar gjennom dei, og Paulus kallar han for "den ånd som er verksam i vantruas barn." 

vers 7. Men Gud held eit auga med det heile, han vaker over alt som skjer og når me som kristne audmjukar oss og bed, set han strenge grenser for djevelens aktivitetsområde. Då blir det ikkje lett for opprørarar å reisa seg. Når dei likevel gjer det i stor grad i dag, er det nok fordi Guds kyrkje har gløymt det faktum at liksom djevelen regjerer gjennom menneska sine synder, regjerer Gud gjennom kyrkja sine bøner, slik som me kan lesa om i Apostelgjerningane 12,1-19. 


tirsdag 19. februar 2019

Salme 66,1-4

v.1-4. All jorda vert oppfordra til å jubla for Gud, synga og spela med glede for hans namn, og gje han pris og ære. Eg tenkjer på det: Når heile jorda, alle menneske får denne oppfordringa, så skulle det i alle fall vera å forventa at lovsongen var framtredande og sterk i OSS som trur og utgjer eit lovsyngande fellesskap. Når Gud forventar lovsong frå ALLE, må han sikkert lura fælt på kvifor det er så stille får vår kant, me som har erfart hans forløysande kjærleik og kraft, og som har all mogeleg grunn til å jubla for han. Ja, for det er faktisk HAN me skal synga for, det er HAN me skal spela for, ikkje for kvarandre. 

v.3 Her får me til og med vita kva me skal seia til Gud. Me seier: "Kor skremmande (eg føretrekk "veldige") dine gjerningar er!" Og det er sant. Den veldige Gud skapte det veldige universet der jorda berre er som ein usynleg liten partikkel i det store kosmos. Men alt det andre er skapt for denne vesle planetens eksistens og velferd. Det er Jorda som som står Guds hjarta nærast. Det var her han skapte livet, det ufattelege DNA-molekylet som styrer alle livsformer, forunderlege planter og dyr i eit fininnstilt samspel, og det var her han sjølv vart eit menneske av kjøt og blod for å etablera sitt kongerike og frelsa oss frå våre synder og sameina oss med Gud, vår Far. Det var HER han overvant dødens mørke krefter og stod opp frå dei døde, det var HER han etablerte si kyrkje og fylte henne med sin Ande og sende henne ut for å proklamera hans siger for alle folkeslag for å gjera dei til hans disiplar, og det er HER han utfører under og teikn som sprenger naturlovene sine grenser for å overtyda menneska om at han er den sanne Gud, for å skapa tru i dei, for å motivera dei til å koma til seg og for å seia dei at dei gjer klokt i å koma til han med liva sine og tilpassa seg dei krava han stiller til oss. Jo visst kan me seia: "Kor veldige dine gjerningar er, du veldige Gud!"

Når me løftar Gud opp, vert fienden liten. Han kryp for Guds store makt. Korleis får me djevelen til å krypa? Ved å lovsynga og løfta opp Gud. Enkelt og greitt. I dag går djevelen rundt som ei sjølvsikker brølande løve, men når me løftar opp Løva av Juda, kongen over kongane, forstår han si stilling og kryp saman i stor frykt. 

Og så er vers 4 eit herleg løfte om ei tid då FAKTISK heile jorda skal tilbe Gud og synga pris til hans namn. Det vil ein dag skje. Då vil alt som i dag synest stort og betydningsfullt bli lite og betydningslaust. 


v. 5 er ein invitasjon: "Kom og sjå". Kor skal me gå for å sjå? Me må gå til Guds ord, for berre der ser me Guds gjerningar som GUDS. Og så må me koma til Gud med liva våre, og for Kristi skuld tek han imot oss og gjev oss sin Ande slik at me ser Gud i alt. Det er berre ein heilt fabelaktig erfaring. 


          
   

mandag 18. februar 2019

Salme 65, 5-14

v.5. Guds utvelging er suveren. Han vel ut kven han vil til å stå han nær. Ingen kan koma til Gud på eige initiativ eller i eiga kraft. Det er berre når Gud grip inn i liva våre og dreg oss til seg at me kan bli hans barn. Elles er vegen stengt for oss. Men dei som Gud dreg til seg, får nyta Guds godleik og det heilage i hans tempel. "Ingenting kan erstatta Guds nærvær i våre liv," seier  Kalley Heilingerthal. Kva er "det heilage" i Guds tempel? Det er Guds eige ord. Jesus seier i Matteus 4: "Menneske lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem ut av Guds munn!" Guds ord er vår mat, og den er god i alle meiningar av ordet, næringsrik og smakfull.

v.6. Gud svarar "i rettferd", dvs ut frå hans vilje til å hjelpa/frelsa dei som ber, og den viljen er uimotståeleg sterk. Og han svarar med "skremmande gjerningar", eller "veldige gjerningar" som det står i nokre oversettingar. Kva gjerningar er det? Det er Guds frelsesgjerningar, store under og teikn som me kan lesa om i GT, Jesu undergjerningar i NT, hans død og oppstode, Andens kome og alt han har gjort for oss heilt opp til vår tid då evangeliet om Jesus er blitt gjort kjent over heile verda.

v.7. Gud reiste fjella med sin styrke. Forfattaren visste godt at fjella ikkje er evige, slik som mange av hans samtidige må ha trudd. Dei er reist opp frå eit lågare nivå, slik også geologane i dag fortel oss. Det er Gud som har reist dei opp, eller sørga for dei prosessane (platetektoniske rørsler) som har pressa dei til vers.

v.8 Verset minner oss om Jesus som stilte stormen på Genesaretsjøen, samt det som hende då sjøfolka kasta Jona i havet. Men det brusande havet her er først og fremst folkehavet, det store fleirtalet som i sin store dårskap kollektivt reiser seg mot Gud, hans ord og hans folk, og lagar store stormar i Guds barns liv. Men Herren døyver dei slik at dei berre kan gjera avgrensa skade.

v.9 Dei som bur lengst borte (ved jordas ende) blir slegne av forundring over desse teikna, og dei lovar Gud og glkeder seg i han frå morgon til kveld.

v.10-14 handlar om Guds omsorg for bonden og jordbruket, truleg den viktigaste næringsgreina på jorda. Utan gode tilhøve i landbruket, blir det svolt og elende. Difor vitjar Herren jorda og vatnar henne slik at det spirer og gror og avlingane blir gode.

Men avsnittet kan også brukast om Guds rike der Jesus og hans disiplar er såmenn som sår sitt ord i menneska. Dei pløyer, sår, vatnar og gjødslar, og der jordsmonnet er godt, blir det god avling. Der jordsmonnet er ringt, mindre. Jesus pg Paulus illustrerer dette i fleire likningar.

I denne settinga er det godt å vita at Herren sjølv besøker jorda for å vatna henne og skapa gode vilkår for vekst og haust, og at "Guds bekk er full av vatn", eit bilete som fører tankane i retning av Den heilage ande.