tirsdag 19. februar 2019

Salme 66,1-4

v.1-4. All jorda vert oppfordra til å jubla for Gud, synga og spela med glede for hans namn, og gje han pris og ære. Eg tenkjer på det: Når heile jorda, alle menneske får denne oppfordringa, så skulle det i alle fall vera å forventa at lovsongen var framtredande og sterk i OSS som trur og utgjer eit lovsyngande fellesskap. Når Gud forventar lovsong frå ALLE, må han sikkert lura fælt på kvifor det er så stille får vår kant, me som har erfart hans forløysande kjærleik og kraft, og som har all mogeleg grunn til å jubla for han. Ja, for det er faktisk HAN me skal synga for, det er HAN me skal spela for, ikkje for kvarandre. 

v.3 Her får me til og med vita kva me skal seia til Gud. Me seier: "Kor skremmande (eg føretrekk "veldige") dine gjerningar er!" Og det er sant. Den veldige Gud skapte det veldige universet der jorda berre er som ein usynleg liten partikkel i det store kosmos. Men alt det andre er skapt for denne vesle planetens eksistens og velferd. Det er Jorda som som står Guds hjarta nærast. Det var her han skapte livet, det ufattelege DNA-molekylet som styrer alle livsformer, forunderlege planter og dyr i eit fininnstilt samspel, og det var her han sjølv vart eit menneske av kjøt og blod for å etablera sitt kongerike og frelsa oss frå våre synder og sameina oss med Gud, vår Far. Det var HER han overvant dødens mørke krefter og stod opp frå dei døde, det var HER han etablerte si kyrkje og fylte henne med sin Ande og sende henne ut for å proklamera hans siger for alle folkeslag for å gjera dei til hans disiplar, og det er HER han utfører under og teikn som sprenger naturlovene sine grenser for å overtyda menneska om at han er den sanne Gud, for å skapa tru i dei, for å motivera dei til å koma til seg og for å seia dei at dei gjer klokt i å koma til han med liva sine og tilpassa seg dei krava han stiller til oss. Jo visst kan me seia: "Kor veldige dine gjerningar er, du veldige Gud!"

Når me løftar Gud opp, vert fienden liten. Han kryp for Guds store makt. Korleis får me djevelen til å krypa? Ved å lovsynga og løfta opp Gud. Enkelt og greitt. I dag går djevelen rundt som ei sjølvsikker brølande løve, men når me løftar opp Løva av Juda, kongen over kongane, forstår han si stilling og kryp saman i stor frykt. 

Og så er vers 4 eit herleg løfte om ei tid då FAKTISK heile jorda skal tilbe Gud og synga pris til hans namn. Det vil ein dag skje. Då vil alt som i dag synest stort og betydningsfullt bli lite og betydningslaust. 


v. 5 er ein invitasjon: "Kom og sjå". Kor skal me gå for å sjå? Me må gå til Guds ord, for berre der ser me Guds gjerningar som GUDS. Og så må me koma til Gud med liva våre, og for Kristi skuld tek han imot oss og gjev oss sin Ande slik at me ser Gud i alt. Det er berre ein heilt fabelaktig erfaring. 


          
   

Ingen kommentarer: