mandag 16. november 2015

Salme 47

Denne salma vart truleg nytta medan pilgrimar gjekk i prosesjon opp til Guds tempel.

I vers 2 vert alle folk oppmoda til å klappa i hendene sine og hylla Gud med jubelrop. Er det nokon som fortener applaus, så er det Gud. Og han er ikkje berre Gud for Israel, men for alle menneske, alle er skapt for å hylla Gud. Det er vårt livs djupaste hensikt.
Me er ofte så forsiktige og stillferdige i våre åndelege uttrykk. Dette er ganske fjernt frå det me kan lesa om i Bibelen som normalt. Der blir me oppmoda til å møta Gud med høge rop og klappsalver. DET er det normale. Og grunngjevinga ligg i vers 3: Herren er Den Høgste. Han er den store kongen over all jorda, ein god og mektig konge som fortener å bli hylla framfor alle andre som blir hylla av menneske. Dersom me ikkje let oss begeistra av Gud, er me åndeleg blinde og stokk døve.

I vers 4-5 blir me minna om korleis Gud la folkeslag under Israel, og rydda plass for dei i Kanaans land, eit land han gav dei til evig eige som ein arv. Kvifor gjorde han dette? Fordi han elska dei.
Av dette lærer me at Gud ryddar plass og rom for dei han elskar, dvs for dei som lever i hans kjærleik, formidla gjennom vår Herre Jesus Kristus, slik me må sjå dette i lys av evangeliet i NT.
Men me må gå eit hakk vidare. For Gud, han som er konge over folkeslaga,  utvidar sitt eige rike på jorda gjennom oss som trur på Jesus. Han har i følgje Salme 2 fått heile jorda til arv, noko som ei frukt av Hans død og oppstode, og han har sjølv sagt i Bergpreika at "dei saktmodige", dvs hans disiplar, skal arva jorda. Det er ikkje lenger tid for å undertrykka og fordriva folkeslag, men å setja dei fri frå undertrykkaren og innkorporera dei i Guds rike.

v.6: "Gud stig opp til jubel." Dette kan forståast beskrivande. Det er noko som berre skjer: Når Gud stig opp, blir alle imponert over det dei ser og opplever, og reagerer med jubel. Eller det kan forståast på den måten at når folket jublar for Gud, stig han opp, og blir synleg osv. Det er ingen motsetningar mellom desse to måtane å sjå saka på.

I vers 7-8 får me ei ny oppmoding om å synga og spela for Gud. Vanlegvis syng og spelar me kvor kvarandre eller for oss sjølve. Men det er eit fenomen som er ukjent i Bibelen. Der syng og spelar folk for Gud. Gud likar song og musikk. Kanskje det kan motivera nokon til å kasta frå seg all prestasjonsangst på dette området, synga for Gud med den røysta ein har og kanskje til og med læra seg å spela eit instrument? Gud likar når me spelar for han. Det trengst ikkje ord for å hylla Gud, musikkens "grand old man" trivest godt med eit godt gitarriff. "Sola Deo Gloria" (Til Guds ære åleine), skreiv Johann Sebastian Bach på alle sine komposisjonar. Mykje var reint instrumentalt. Det kom til han frå Gud, og han dedikerte det attende til Gud. Abbas Benny Andersson sa i eit intervju på Skavlan for ei tid sidan at Bach sin musikk er guddommeleg, og at dersom det ikkje finst ein Gud i universet, er Bach han som kjem nærast. Me skjønar kva han meiner med det.
Den som lovsyng Gud, vert eit klokt menneske. Lovsongen openberrar Guds vilje og vesen for oss, Den som lovar Gud, blir kjent med Gud, og å kjenna Gud er sjølve definisjonen på det evige livet (Johannes 17,3). I Salme 2,10-12 vert jordas herskarar oppfordra til å vera forstandige, noko som for deira del handlar om å anerkjenna Gud Sons overherredøme, underordna seg han og læra seg å elska han, elles kan lett vreiden hans vekkast.

Dette fører oss over i vers 9 og 10 der det blir meir enn tydeleg nok at Gud er politisk. Han foventar at hans rettsorden skal vera normerande for alle verdas regentar. Han samlar dei, underforstått til rådslagning, og dei underlegg seg hans store sak i verda, blir ein del av "krigsfolket til Abrahams Gud", noko som inneber at dei må slost for Guds gode sak i verda, det som apostelen Paulus kallar "den gode strid."