onsdag 11. mai 2016

Salme 51,12-17

Vers 12: David ber om å få eit reint hjarta og ei ny og stødig ånd. Slikt kan ikkje eit menneske skapa sjølv. Det er Guds verk åleine.
Eit reint hjarta er eit hjarta ærleg hjarta. Det skildrar eit menneske som lever motivert av kjærleik til Gud og sine medmenneske, og ikkje av ting som personleg nyting og sjølvrealisering.
Ei stødig ånd er eit sinn som er rotfesta i Gud og hans ord.

vers 13. David hadde sett kva som hende då kong Saul vart forkasta av Gud og Den Heilage Ande vart teken frå han. Det må ha skremt han å sjå kongen gradvis gå til grunne åndeleg, psykisk, moralsk og politisk, og her ber David om å få sleppa å oppleva dette.

versa 14 er ein repetisjon av tidlegare tema.

vers 15 er interessant. Her lovar David å forkynna Guds ord for kriminelle, og kalla syndarar til omvending. Dette syner at Guds ord har hatt sterk effekt på han, for alle som blir forløyst av Guds ord, får ein ubendig trong etter å dela det med folk som har behov for det.

I vers 16 legg han inn enno ein lovnad: Blir han fridd frå blodskuld (=drap), skal tunga "jubla over Guds rettferd". . Lovsongen til Gud dukkar alltid opp i mennesker som blir frikjent av Gud. Det er ei spontan frukt av hans frelse = rettferd, jmf. Salme 40,1-3.

I vers 17 ber David om at Gud må opna munnen hans så han kan lovprisa han. Dette er ei bøn som mange truande treng å be. Lovsongen kjem frå Gud og går til Gud. Det er ei gåve. Me må forstå det, for berre då vil me be. Av alle dei tinga som me brukar munnen til, er det å prisa Gud det edlaste.

tirsdag 10. mai 2016

Salme 51,7-11

vers 7: David innser at synda er eit medfødd fenomen. Dersom ho ikkje møter motstand i oss, veks ho fram som det verste ugras, og frekt kjem ho til syne over alt i liva våre. Ekle greier.

vers 8: Vår redning ligg i Guds sanning, i Guds ord, og me har all mogeleg grunn til å be Gud om å la dette ordet, denne visdomen festa seg i sjelsdjupet. Då blir me sterke kristne, og det vonde blir avvist før det får innflytelse over oss. Då vil Guds ord reinsa oss og gje oss Guds karakter. Isop er ei plante vart brukt som ein del av den rituelle reinsinga som israelittane var van med å gjennomføra i templet. Her er det ein metafor for reinsingskrafta i Guds ord.

vers 9: Det er ein djup samanheng mellom vers 8, 9 og 10. Det er når me opplever Guds reinsing at me erfarer Guds glede, ja heilt inn til mergen av vår person, inntil beina, som det blir sagt her. Grunnen til gledesløyse i kristne menneskes liv ligg alltid i synd som har fått rom i karakteren. Når denne blir borte, kjem gleda attende.
vers 10: Her ber David om at han må få gleda attende. Han lengtar etter himmelgleda , for han kjenner ho frå før. Den hadde prega livet hans i årevis før det stygge fallet som ligg til grunn for denne salma.
Har du mista Guds glede? Kjenner du deg knust på innsida? Det er Gud som held på med deg. Han gjer deg hjelpelaus slik at han åleine kan bli di hjelp, den einaste som duger i denne samanhengen.

vers 11: Denne bøna er spesiell. Han ber Gud om ikkje å sjå på syndene hans, men heller skjula dei og viska dei bort. Kvifor skulle Gud det? Fordi David veit at Gud er ein god Gud og gjerne tilgir og reiser opp sine falne barn. Slik er Gud. Men det hadde ein enorm kostnad for han, det kosta han Sonen, og det kosta Sonen livet. Det er åleine pga Jesu blod at Gud tilgjev oss syndene våre og stryk ut. Ved trua på Jesus Kristus har me fått full tilgjeving. Tilgjevinga er ein del av Jesuspakken. Vidunderleg. Så vil Anden reinsa karakteren vår gjennom Guds sterke ord. Noko er ferdig, noko er i prosess.