tirsdag 10. mai 2016

Salme 51,7-11

vers 7: David innser at synda er eit medfødd fenomen. Dersom ho ikkje møter motstand i oss, veks ho fram som det verste ugras, og frekt kjem ho til syne over alt i liva våre. Ekle greier.

vers 8: Vår redning ligg i Guds sanning, i Guds ord, og me har all mogeleg grunn til å be Gud om å la dette ordet, denne visdomen festa seg i sjelsdjupet. Då blir me sterke kristne, og det vonde blir avvist før det får innflytelse over oss. Då vil Guds ord reinsa oss og gje oss Guds karakter. Isop er ei plante vart brukt som ein del av den rituelle reinsinga som israelittane var van med å gjennomføra i templet. Her er det ein metafor for reinsingskrafta i Guds ord.

vers 9: Det er ein djup samanheng mellom vers 8, 9 og 10. Det er når me opplever Guds reinsing at me erfarer Guds glede, ja heilt inn til mergen av vår person, inntil beina, som det blir sagt her. Grunnen til gledesløyse i kristne menneskes liv ligg alltid i synd som har fått rom i karakteren. Når denne blir borte, kjem gleda attende.
vers 10: Her ber David om at han må få gleda attende. Han lengtar etter himmelgleda , for han kjenner ho frå før. Den hadde prega livet hans i årevis før det stygge fallet som ligg til grunn for denne salma.
Har du mista Guds glede? Kjenner du deg knust på innsida? Det er Gud som held på med deg. Han gjer deg hjelpelaus slik at han åleine kan bli di hjelp, den einaste som duger i denne samanhengen.

vers 11: Denne bøna er spesiell. Han ber Gud om ikkje å sjå på syndene hans, men heller skjula dei og viska dei bort. Kvifor skulle Gud det? Fordi David veit at Gud er ein god Gud og gjerne tilgir og reiser opp sine falne barn. Slik er Gud. Men det hadde ein enorm kostnad for han, det kosta han Sonen, og det kosta Sonen livet. Det er åleine pga Jesu blod at Gud tilgjev oss syndene våre og stryk ut. Ved trua på Jesus Kristus har me fått full tilgjeving. Tilgjevinga er ein del av Jesuspakken. Vidunderleg. Så vil Anden reinsa karakteren vår gjennom Guds sterke ord. Noko er ferdig, noko er i prosess.

Ingen kommentarer: