onsdag 29. september 2021

Salme 97,8-12

 Sion høyrer det og gleder seg,

          Judas døtrer jublar, Herre,
          over dine dommar.
          
   
  9 For du er Herren, Den høgste over all jorda,
          høgt er du opphøgd over alle gudar.
          
   
 10 Hat det vonde, de som elskar Herren!
          Han vaktar sine trugne
          og friar dei frå urettferdiges hand.
          
   
 11 Lys bryt fram for den rettferdige
          og glede for dei ærlege av hjartet.
          
   
 12 Gled dykk i Herren, de rettferdige,
          lovsyng hans heilage namn!
v.8 Det som særpreger Sion og Judas døtre er at dei høyrer det Gud seier og jublar over hans dommar, dvs hans ord og beslutningar. Her ser du kva ein sann kristen er: ein som høyrer Guds stemme og som frydar seg over hans ord. 
v.9 lærer oss at Israels Gud, vår Herre Jesu Kristi Far er den einaste sanne Gud. Han er Herren, og han er høgt opphøgd over alle gudar. Det er han fordi han er den einaste sanne Gud, og kristendomen er den einaste sanne religion, og i innhald alle andre religionar knusande overlegen. Som eg har skrive før: Religionane krev av deg at du skal fortena det evige livet med å oppfylla spesielle bod og krav. I kristendomen er alt av nåde, og Guds frelse er ei gåve som me får ta imot i tru. Fantastisk rett og slett. Kristendomen er ein religion for dei utan religiøst talent. 
v.10 Alle som har erfart Guds enorme godleik vil automatisk hata det vonde, det destruktive, mørke og skremmande. Når salmisten seier: Hat det vonde, så seier me som elskar Herren: Sjølvsagt. Det skulle berre mangla. 
Men å hata det vonde er ikkje berre å kjenna seg fråstøytt av det. Det er å gå til åtak på det og overvinna det med det gode. Det er å kjempa ein uforsonleg kamp mot alt slikt, anten det er mobbing, hat, bedrageri, baktale, abort, svik, utruskap, vald eller raseri. Det er mykje av dette i verda, og når me tek tak i det, treng me til dei grader siste delen av verset: at Gud vernar oss, og at han frir oss frå urettferdiges hand når me sjølve vert utsette for mottåtak. Og det skjer i verda i dag. Mange gode truande menneske sit i fengsel fordi dei har kjempa saman med Jesus mot det vonde og for det gode. 
v.11 er eit flott vers. Lys er eit samleomgrep for alt godt som Gud deler med sine barn. Når Guds lys strålar fram for oss, forstår me at me er elska og me skjønar kva Gud vil at me skal gjera. Og ikkje sjeldan kjem han til oss med lys når me er på mørke plassar i livet. Der det ingen glede er, kjem han med si glede til alle dei som er ærlege og redelege i sin kristendom. Dette opplever dei forfølgde kristne mykje av. Richard Wurmbrand skriv ein plass at det han erfarte i rumensk fengsel av glede frå Gud var av ein slik art at han ikkje kan forklare det med ord. Men han legg også til at freistingane og prøvingane kunne vera ubeskrivelege. Det var ei ekstremoppleving. 
v.12. Difor blir me oppfordra til berre å gje Guds glede rom når ho kjem til oss, og ikkje spara på ho. Korleis? Ved å lovsyngja hans heilage namn. Lovsongen er rett og slett ei vidunderleg gåve i seg sjølv som tek vare på mange andre gåver Gud deler med oss.  

onsdag 22. september 2021

Salme 97,1-7

 Herren er konge!

          Jorda skal jubla,
          fjerne kystar skal gleda seg!
          
   
  2 Sky og mørker er omkring han,
          rettferd og rett er grunnvoll for hans trone.
          
   
  3 Eld går framfor han
          og brenner opp hans motstandarar på alle kantar.
          
   
  4 Hans lynglimt lyser opp verda,
          jorda ser det og skjelv.
          
   
  5 Fjella smeltar som voks for Herren,
          for han som er herre over all jorda.
          
   
  6 Himmelen forkynner hans rettferd,
          alle folka ser hans herlegdom.
          
   
  7 Alle som dyrkar gudebilete
          og skryter av avgudar,
          skal bli til skamme.
          Tilbe han, alle gudar!

v.1 At Herren er konge betyr ikkje at han er ein av mange kongar, men at han er sjølve kongen som står over alle andre kongar. Han er den øvste autoriteten, og han har kunngjort universell lov og rett gjennom Bibelen. 
Men han er ikkje ein konge som berre gjev lovar og reglar, han er ein konge som tek ansvar for sine undersåttar og frelser dei som vender om frå sine synder. Difor jublar jorda, og fjerne kystar frydar seg når dei forstår at det er ein veg ut av dommen.  Denne gleda er eit resultat av kyrkjas sin store og mangeårige misjonsinnsats. 
v.2. I dag er den allmektige Gud skjult for augo våre, men synleg gjennom Bibelen og alle Kristustruande menneske som lever rettferdig og som hevdar rettferdige standpunkt. I Bibelen og kyrkja finn me grunnvollen for Guds trone. For Gud styrer ikkje ut frå makt og kraft, men ut frå rettferdige prinisipp som han har openberra for oss gjennom sitt ord, og gjennom folk som lever ordet ut i praksis. 
v.3 peikar fram mot domen då Guds eld skal øydeleggja alle hans opponentar. Mange plassar i Bibelen er dette omtalt. 
v.4 handlar om kva som skjer når Jesus kjem attende. Det blir som lynet som går ut frå aust til vest, og alle kjem til å sjå det, og dei som har avvist hans kongedøme vil skjelva av redsle. Dei forstår at nådetida har runne ut for dei, og at den evige fortapinga er uavvendeleg. 
v.5 Handlar om mektige menneske med hjarta av stein. Dei smeltar som voks i møte med Herrens heilagedom. 

tirsdag 21. september 2021

Salme 96,10-13

 Forkynn blant folka: Herren er konge,

          verda står fast, ho kan ikkje rokkast!
          Han dømmer folka med rettferd.
          
   
 11 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla,
          havet og alt som fyller det, skal brusa,
          
   
 12 marka skal jubla med alt ho ber;
          då ropar kvart tre i skogen av fryd
          
   
 13 for Herrens andlet.
          For han kjem,
          han kjem for å dømma jorda.
          Han skal dømma verda med rettferd
          og folka med truskap.
v.10. Misjonsperspektivet er sterkt framme i Salmane. Overalt les me om at Gud ikkje berre er Israels Gud, men Gud for alle verdas folkeslag. Difor må Guds kongedøme proklamerast av Israel over heile jorda, i alle folk og nasjonar slik at alle ved trua kan bli innlemma i dette riket. 
At verda står fast og ikkje kan rokkast er betryggande lesning i ei uroleg tid. For saka er den. Ingenting går til grunne før den dagen renn då evangeliet om riket er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag, som Jesus seier det i Matteus 24, då HAN skal koma og døma folka med rettferd. Då blir alt det gamle rokka, og ein ny himmel og ei ny jord skal bli skapt, eit univers bygd på rettferd. v.11. Då skal himmelen gleda seg, jorda jubla og havet med alle sine skapningar brusa. Dei komande jubelscenane blir sanneleg verd å få med seg. Då er det ingenting i naturen som lenger trugar oss menneske. Alt spelar på lag, og lovsongen vellar fram for Herren frå skogane og savannene og alle dei store slettene. Det er verd å merka seg at Jesu frelse ikkje berre omfattar oss menneske, men heile skaparverket, og difor er det all mogeleg grunn for oss kristne å verna om naturen medan me ventar på den nye dagen. 

Den kristne misjon er altså nøkkelen til å forstå korleis framtida til denne verda blir. Det handlar ikkje om klima og miljø, heller ikkje om stormakter, våpenarsenal og øydeleggingspotensiale, heller ikkje om pengar og økonomi,  men om den kristne misjon. Alle som ønskjer seg ei snarleg god framtid for jorda, må vigsla seg til det store oppdraget Jesus gav læresveinane sine om å disippelgjera nasjonane. 

lørdag 18. september 2021

SALME 96,4-9

 For Herren er stor og verdig lov og pris,

          verd å frykta meir enn alle gudar.
          
   
  5 
Alle gudane til folka er avgudar.
          Det var Herren som skapte himmelen.

          
   
  6 Høgd og herlegdom er framfor han,
          makt og glans i hans heilagdom.
          
   
  7 Gjev Herren ære, de folk og slekter,
          gjev Herren ære og makt!
          
   
  8 Gjev Herren den ære hans namn skal ha.
          Kom til hans føregardar med gåver!
          
   
  9 Bøy dykk for Herren i heilag prakt.
          Skjelv for han, all jorda!

v.4 Me skal lova og prisa Herren fordi "han er stor". Det er ei underdriving. Her snakkar me om han som har skapt det veldige universet, og som har samla alle galaksar, og alt som elles måtte vera der ute, i si hand. Han fortener ære for sitt verk. 
v.5. Alle andre "gudar" er avgudar. Dei har ingen eksistens anna enn i namnet, og representerer falske og bedrageriske religionar.
v.6. Herren er stor, og rundt han er det uendeleg vakkert, og det er "makt og glans i hans heilagdom." Guds heilagdom er himmelen. Det som ventar oss er berre heilt ufatteleg vakkert og mektig. Og så skal me her også nemna at "himmelriket er kome nær" i Jesus. I kyrkjelyden får me ein gløtt av det som kjem, ein forsmak på kva me skal nyta i fulle drag når Jesus kjem attende for å fjerna alt som er vondt og ufullkome, og gjera riket sitt synleg. Måtte me alle få det med oss.
v.7. Korleis kan det skje? Ved at me gjev Herren ære og makt. Dvs. ved at me lovar og prisar Jesus, følgjer han som vår Herre og gjer hans ord til lov for oss. Då syner me at han har all makt i liva våre, og då blir me sjølve mektige og uimotståelege når me vitnar om han og tener han mellom menneska. 
v.8 Når me gjev Herren makt, syner det seg særleg i dette at han får makt over økonomien vår. Me kjem til hans føregardar med gåver, og då snakkar me om tienden, almisser og heilage gåver, som profeten Malakias nemner i sitt tredje kapittel. Den som overlet økonomien sin til Herren, vil koma til å erfara stor økonomisk velsigning. 
v.9. oppfordrar alle til å bøya seg for Herren i "heilag prakt". Den som bøyer seg for Herren, blir kledd i Kristi rettferd, og den som er kledd i hans rettferd, er eit menneske som dagleg bøyer seg for Herren og anerkjenner hans autoritet. Berre i den posisjonen kan eit menneske nyta Guds godleik. 

Så blir alle menneske oppfordra til å skjelva for Gud. Bibelen snakkar mykje om å frykta Gud. Det betyr at me forstår at det er farleg å kryssa hans interesser, at det er farleg å gå imot han og nedvurdera han, at det er farleg å hevda noko anna enn det han hevdar på dei områda han hevdar noko, at det er farleg å neglisjera lovene hans og bryta dei for å oppnå det ein ønskjer. Gud let ingen vera ustraffa som spottar hans namn. 


lørdag 11. september 2021

Salme 96,1-3

 Syng for Herren, syng ein ny song.

          Syng for Herren, all jorda!
          
   
  2 Syng for Herren, velsign hans namn.
          Forkynn hans frelse frå dag til dag!
          
   
  3 Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,
          mellom alle folk om hans under!
I vers 1 blir me oppfordra til å synga for Herren! Songen og musikken har sitt opphav i Gud, Gud er full av song, og han liker når me syng for han. Det er jo difor han gav oss songen som ei gåve. Me er skapte i Guds bilete, difor er me, som Gud, fulle av song.

Og Gud gjev oss nye songar. Dei strøymer ut frå Gud til hans kyrkje, og me legg dei til repertoaret vårt. Gud elskar det. 

Heile jorda blir her oppfordra, ja pålagt, å syngja for Gud, sin skapar, og gjennom songen skal folkeslaga læra å kjenna Han som elskar dei og som har frelst dei med sitt blod.

Korleis får dei del i denne songen? Gjennom oss som syng til Guds ære mellom dei. Me reiser ut i verda. Og over alt der kyrkja vert etablert, der vil lovsongen lyda og koma med Guds lys til alle som lever i mørkret. Songen kallar dei fram i lyset, og når dei kjem, begynner dei straks å synga for Gud i hjarto sine, og så løftar dei også stemma til Gud. 

Kvar dag syng me songane våre om Guds mektige frelse, og kvar dag kjem tusenvis av menneske til tru på Jesus Kristus og blir gripne av begeistringa. For lovsong er begeistring. 

Me forkynner med ord og med song mellom folkeslaga om Guds under i fortid og notid. Og når me gjer det, skjer det under med folk. Dei kjem til tru, blir fridd ut frå syndene sine og fylte av Guds Ande, og med Han kjem songen, gleda og håpet. 



fredag 10. september 2021

Salme 95 7b-11

 Vers 7b rører ved det eit vanleg problem som har ridd Guds kyrkje og kristenheten gjennom alle generasjonar: me har så lett for å vika av frå Guds ord og frå den rettleiinga som Bibelen gjev både når det gjeld kva me skal tru og korleis me skal leva. Det er så mange røyster som meiner seg å forfekta sanninga, og så har me i tillegg våre eigne svikefulle tankar som fort reiser seg mot det Gud har openberra i boka si. Lyttar me til feil røyster, kan det føra oss bort frå Gud og hans gode og evige rike. 

v.8-11 syner til 2.Mos. 17,1-12. Ved Meriba mistrudde folket Gud. Dei tenkte at han ikkje lenger ville eller kunne dra omsorg for dei, og det gjekk så langt at Moses var redd dei kom til å steina han for å ha "lurt" dei ut av Egypt. Det spreidde seg både skuffelse og sinne mellom israelittane. 

Når vanskane reiser seg for oss kristne er det lett å tenkja slik sin israelsfolket, sjølv for folk som mange gongar har opplevd Guds mirakuløse omsorg. 

Dette handlar om vonbrot. Når kristne møter høge hindringar og store vanskar i livet, er det lett å bli skuffa på Gud. Det skjer gong etter gong, og er åndeleg sett veldig farleg. Ein skuffa kristen blir fort ein fråfallen kristen. 

Men det er ein ting me ikkje tenkjer på: når me betvilar Guds omsorg, krenkar me hans ære, og me set han på prøve, og gjer me det, reduserer Gud sine planar for oss. Israelittane vart gåande i 40 år i øydemarka før dei kunne sleppa inn i det lova landet, og då var det kome ein heilt ny generasjon som ikkje var smitta av den same vantrua. Foreldregenerasjonen kom aldri inn til Guds kvile i Guds land. Og dette er, les me i Hebrearbrevet 3, er ei åtvaring til oss kristne i dag. Me må sjå til at me ikkje får eit vondt og vantruande hjarta slik at me fell frå den levande Gud. Og me blir oppmoda om å setja mot i kvarandre kvar einaste dag så ingen vert forførte og forherda av synda. Det er ein reell fare, og med stor sorg seier eg det: det skjer så altfor ofte i våre dagar, og når hjarto lukkar seg mot Gud og mot medkristne, blir det vanskeleg å venda om for folk slik at dei kan bli berga. SÅ mange kjem aldri inn til Guds kvile. 


onsdag 8. september 2021

Salme 95,1-7a

 Vers 1-3 er ei sterk oppfordring til å koma saman for å lovsynga Herren fordi han er så god, sterk og trufast. For det første har han frelst oss frå alle våre synder,  og for det andre frelser han oss ut av alle slags vanskelege situasjonar som me kan koma opp i. Difor samlar me oss i hans hus for å lovsynga han med song og spel. 

At Herren er ein stor Gud er varsamt sagt. Sanninga er at han er den einaste Gud, at han er uendeleg stor og fyller himmel og jord med sitt nærvær. 

Alle andre gudar er i røynda ikkje-eksisterande. Likevel har dei stor makt fordi dei er oppfunne og får kraft frå djevelen. Men i møte med den eine sanne Gud må dei underordna seg og vika. Det ser me så tydeleg i evangelia. Jesus avslører dei og set menneska fri frå deira plagsame innflytelse. 

Vers 4-5. Jorda har ein diameter på 6000 km. Jordskorpa som me lever på er ei tynn hinne på 5-70 km. Ingen av oss har nokon gong vore i nærleiken av dei store djupnene der fjellet er flytande pga dei høge temperaturen. Men Gud er der, og alt kviler i hans hand. Det gjer også fjelltoppane som reiser seg i sin majestet, og havet med sine djupner og merkelege livsformer. Og når du står på toppane, og når du bevegar deg på det faste landet, kan du stolt proklamera: "Alt dette er Guds, han har forma med med hendene sine, og eg eig det saman med han!"

v.6: Å knela og kasta seg ned framfor Gud er naturlege bønestillingar for kristne og uttrykker tilbeding. Det symboliserer at me er audmjuke og takksame, at me underordnar oss Gud i alle ting, at me beundrar han og at me forstår at det er Han som bestemmer, at det er HAN som er Gud, at det er HAN som fører oss, at det er HAN som veit kor vegen går som fører oss til det endelege målet for reisa. Men Herren leier oss også frå dag til dag, gjev oss oppdrag, bestemmer kva folk me skal møta, og han syner oss korleis me kan velsigna dei. 

v.7a: Difor held me oss tett til han som er vår Gud. Me er "flokken i hans hand, det folket han gjeter", eit ord som syner oss kven Jesus, den gode gjetaren, er. Han er Herren. Dette verset gjev oss også god identitet. Me er ein gjeng som tilhøyrer Gud, ja, eit folk som kan kalla Gud VÅR Gud. For ein rikdom.            

    
          
   
  

søndag 5. september 2021

Salme 94,16-23

 v.16 Dette er eit retorisk spørsmål der svaret er "ingen". Ingen reiser seg for å hjelpa salmisten mot valdsmennene som går til åtak på han. 

Trass i at det er ein kvar manns plikt og kall i verda å reisa seg mot urett og vald som råkar andre, vegrar dei fleste seg for dette, og folk som blir utsette for stygge åtak blir ofte ståande åleine. Slik også denne salmisten. Slik også Jesus Kristus. Han vart ståande så sørgjeleg åleine då det bar til stykke. Og Paulus skriv i 2.Tim 4,16 at den første gongen han var i retten i Roma var det ingen som stilte opp for han. Alle forlot han. Det er forstemmande å lesa. Paulus hadde ført så mange av dei til Kristus, og alle hadde dei nytt godt av forkynninga hans, slik som me også gjer det i dag. Men då han vart arrestert og tiltalt, trakk alle seg unna. 

v.17 er ein proklamasjon og eit vitnemål. Om ingen andre hadde kome han til hjelp, hadde Herren berga livet hans. Det må ha vore ei forunderleg god oppleving som gav han ei kjensle av å stå på trygg grunn med livet sitt. Og dette erfarte Paulus også. Herren stod med han slik at han kunne fullføra misjonsgjerninga si, det var alltid i fokus for apostelen, og han vart sågar fridd ut frå løvene som Daniel i GT. 

v.18. Eit gamalt ordtak er slik: "Det er betre å stå ustøtt på trygg grunn enn støtt på utrygg grunn." Mange kristenruss hadde dette ordtaket på russekortet sitt under min oppvekst.  Eg syntest det var fint. Som kristne kan me vakla når me blir utsette for prøvingar og freistingar. Men så lenge me held oss til Jesus og Guds ord, får me hjelp. Herren held oss oppe og hjelper oss slik at me kan bli ståande som kristne.

v.19. Når me opplever prøvingar og freistingar blir hovudet fullt av urolege tankar, og me klarar ikkje å organisera dei på nokon som helst måte. Då er det berre ein ting å gjera: å festa blikket på Jesus, og kalla på han. Han minner oss om evangeliet, det er nemleg den største trøyst ein kristen kan få, og slik gjer han livet leveleg for oss midt oppi alt som skjer. Han dempar bølgjene.  

v.20. Dette er eit retorisk spørsmål. Svaret er nei. Folk som definerer som rett og godt det som Gud definerer som galt og vondt, kan ikkje vera Guds vener. Dei som lausriv etikken frå Guds lover i Bibelen, blir Guds motstandarar med alt det som det inneber. 

v.21. Kristne over heile verda vert utsett for rettsforfølging fordi dei frimodig vitnar om Jesus og hevdar hans kongedøme. I mange land er dette utoleleg, og ut frå Guds perspektiv blir skuldlause menneske an mass dømde til lange fengselsstraffer.

v.22. Desse har Herren sjølv som sitt vern. Det spelar ingen rolle kva dei føler. Herren ER deira vern, eit mektig fjell dei kan rømma til og finna tilflukt i, og det skjer gjennom enkle bøner som denne: "Herre, miskunna deg over meg!" 

v.23 skildrar dommen over dei som har utøvd urett mot Guds barn. Herren skal sørga for at dei får smaka sin eigen vondskap, og til slutt gjer han ende på dei.