fredag 10. september 2021

Salme 95 7b-11

 Vers 7b rører ved det eit vanleg problem som har ridd Guds kyrkje og kristenheten gjennom alle generasjonar: me har så lett for å vika av frå Guds ord og frå den rettleiinga som Bibelen gjev både når det gjeld kva me skal tru og korleis me skal leva. Det er så mange røyster som meiner seg å forfekta sanninga, og så har me i tillegg våre eigne svikefulle tankar som fort reiser seg mot det Gud har openberra i boka si. Lyttar me til feil røyster, kan det føra oss bort frå Gud og hans gode og evige rike. 

v.8-11 syner til 2.Mos. 17,1-12. Ved Meriba mistrudde folket Gud. Dei tenkte at han ikkje lenger ville eller kunne dra omsorg for dei, og det gjekk så langt at Moses var redd dei kom til å steina han for å ha "lurt" dei ut av Egypt. Det spreidde seg både skuffelse og sinne mellom israelittane. 

Når vanskane reiser seg for oss kristne er det lett å tenkja slik sin israelsfolket, sjølv for folk som mange gongar har opplevd Guds mirakuløse omsorg. 

Dette handlar om vonbrot. Når kristne møter høge hindringar og store vanskar i livet, er det lett å bli skuffa på Gud. Det skjer gong etter gong, og er åndeleg sett veldig farleg. Ein skuffa kristen blir fort ein fråfallen kristen. 

Men det er ein ting me ikkje tenkjer på: når me betvilar Guds omsorg, krenkar me hans ære, og me set han på prøve, og gjer me det, reduserer Gud sine planar for oss. Israelittane vart gåande i 40 år i øydemarka før dei kunne sleppa inn i det lova landet, og då var det kome ein heilt ny generasjon som ikkje var smitta av den same vantrua. Foreldregenerasjonen kom aldri inn til Guds kvile i Guds land. Og dette er, les me i Hebrearbrevet 3, er ei åtvaring til oss kristne i dag. Me må sjå til at me ikkje får eit vondt og vantruande hjarta slik at me fell frå den levande Gud. Og me blir oppmoda om å setja mot i kvarandre kvar einaste dag så ingen vert forførte og forherda av synda. Det er ein reell fare, og med stor sorg seier eg det: det skjer så altfor ofte i våre dagar, og når hjarto lukkar seg mot Gud og mot medkristne, blir det vanskeleg å venda om for folk slik at dei kan bli berga. SÅ mange kjem aldri inn til Guds kvile. 


Ingen kommentarer: