tirsdag 21. september 2021

Salme 96,10-13

 Forkynn blant folka: Herren er konge,

          verda står fast, ho kan ikkje rokkast!
          Han dømmer folka med rettferd.
          
   
 11 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla,
          havet og alt som fyller det, skal brusa,
          
   
 12 marka skal jubla med alt ho ber;
          då ropar kvart tre i skogen av fryd
          
   
 13 for Herrens andlet.
          For han kjem,
          han kjem for å dømma jorda.
          Han skal dømma verda med rettferd
          og folka med truskap.
v.10. Misjonsperspektivet er sterkt framme i Salmane. Overalt les me om at Gud ikkje berre er Israels Gud, men Gud for alle verdas folkeslag. Difor må Guds kongedøme proklamerast av Israel over heile jorda, i alle folk og nasjonar slik at alle ved trua kan bli innlemma i dette riket. 
At verda står fast og ikkje kan rokkast er betryggande lesning i ei uroleg tid. For saka er den. Ingenting går til grunne før den dagen renn då evangeliet om riket er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag, som Jesus seier det i Matteus 24, då HAN skal koma og døma folka med rettferd. Då blir alt det gamle rokka, og ein ny himmel og ei ny jord skal bli skapt, eit univers bygd på rettferd. v.11. Då skal himmelen gleda seg, jorda jubla og havet med alle sine skapningar brusa. Dei komande jubelscenane blir sanneleg verd å få med seg. Då er det ingenting i naturen som lenger trugar oss menneske. Alt spelar på lag, og lovsongen vellar fram for Herren frå skogane og savannene og alle dei store slettene. Det er verd å merka seg at Jesu frelse ikkje berre omfattar oss menneske, men heile skaparverket, og difor er det all mogeleg grunn for oss kristne å verna om naturen medan me ventar på den nye dagen. 

Den kristne misjon er altså nøkkelen til å forstå korleis framtida til denne verda blir. Det handlar ikkje om klima og miljø, heller ikkje om stormakter, våpenarsenal og øydeleggingspotensiale, heller ikkje om pengar og økonomi,  men om den kristne misjon. Alle som ønskjer seg ei snarleg god framtid for jorda, må vigsla seg til det store oppdraget Jesus gav læresveinane sine om å disippelgjera nasjonane. 

Ingen kommentarer: