søndag 5. september 2021

Salme 94,16-23

 v.16 Dette er eit retorisk spørsmål der svaret er "ingen". Ingen reiser seg for å hjelpa salmisten mot valdsmennene som går til åtak på han. 

Trass i at det er ein kvar manns plikt og kall i verda å reisa seg mot urett og vald som råkar andre, vegrar dei fleste seg for dette, og folk som blir utsette for stygge åtak blir ofte ståande åleine. Slik også denne salmisten. Slik også Jesus Kristus. Han vart ståande så sørgjeleg åleine då det bar til stykke. Og Paulus skriv i 2.Tim 4,16 at den første gongen han var i retten i Roma var det ingen som stilte opp for han. Alle forlot han. Det er forstemmande å lesa. Paulus hadde ført så mange av dei til Kristus, og alle hadde dei nytt godt av forkynninga hans, slik som me også gjer det i dag. Men då han vart arrestert og tiltalt, trakk alle seg unna. 

v.17 er ein proklamasjon og eit vitnemål. Om ingen andre hadde kome han til hjelp, hadde Herren berga livet hans. Det må ha vore ei forunderleg god oppleving som gav han ei kjensle av å stå på trygg grunn med livet sitt. Og dette erfarte Paulus også. Herren stod med han slik at han kunne fullføra misjonsgjerninga si, det var alltid i fokus for apostelen, og han vart sågar fridd ut frå løvene som Daniel i GT. 

v.18. Eit gamalt ordtak er slik: "Det er betre å stå ustøtt på trygg grunn enn støtt på utrygg grunn." Mange kristenruss hadde dette ordtaket på russekortet sitt under min oppvekst.  Eg syntest det var fint. Som kristne kan me vakla når me blir utsette for prøvingar og freistingar. Men så lenge me held oss til Jesus og Guds ord, får me hjelp. Herren held oss oppe og hjelper oss slik at me kan bli ståande som kristne.

v.19. Når me opplever prøvingar og freistingar blir hovudet fullt av urolege tankar, og me klarar ikkje å organisera dei på nokon som helst måte. Då er det berre ein ting å gjera: å festa blikket på Jesus, og kalla på han. Han minner oss om evangeliet, det er nemleg den største trøyst ein kristen kan få, og slik gjer han livet leveleg for oss midt oppi alt som skjer. Han dempar bølgjene.  

v.20. Dette er eit retorisk spørsmål. Svaret er nei. Folk som definerer som rett og godt det som Gud definerer som galt og vondt, kan ikkje vera Guds vener. Dei som lausriv etikken frå Guds lover i Bibelen, blir Guds motstandarar med alt det som det inneber. 

v.21. Kristne over heile verda vert utsett for rettsforfølging fordi dei frimodig vitnar om Jesus og hevdar hans kongedøme. I mange land er dette utoleleg, og ut frå Guds perspektiv blir skuldlause menneske an mass dømde til lange fengselsstraffer.

v.22. Desse har Herren sjølv som sitt vern. Det spelar ingen rolle kva dei føler. Herren ER deira vern, eit mektig fjell dei kan rømma til og finna tilflukt i, og det skjer gjennom enkle bøner som denne: "Herre, miskunna deg over meg!" 

v.23 skildrar dommen over dei som har utøvd urett mot Guds barn. Herren skal sørga for at dei får smaka sin eigen vondskap, og til slutt gjer han ende på dei. 


          

Ingen kommentarer: