fredag 29. august 2008

Filipparbrevet 2,1-4

vers 1-2: Paulus løftar her opp verdien av at kristne står saman og er samde. Det var ei sann glede for han når dei kristne han hadde ansvaret for viste kvarandre kjærleik og tenkte samstemt. På engelsk: in one accord. Strengene på ein gitar har ulik tonehøgde, men slår du ein akkord, tonar dei med kvarandre, og saman lagar dei ein vakrare tone enn det dei gjer kvar for seg. Slik er det når kristne elskar kvarandre og er samde.

Me har lagt oss til eit munnhell er hos oss som er slik: Det er ikkje nødvendig at me er einige, berre me står saman. Men det er å forringa verdien av semje. For den verdien er stor. Alt vert vakrare og sterkare i Guds kyrkje når dei truande er samde med kvarandre og med Gud.

For grunnlaget for denne einskapen i tanke og tale ligg i å ha ein stor Jesus, og saman leva han så nært at me høyrer kva han seier og registrera kva som ligg han på hjarta.

Krangel, splid og konflikt kjem alltid frå våre eigne syndige hjarto. Frå Jesu hjarta kjem sanning, fred og godleik og alt anna godt. Difor må me leggja oss tett inntil han, for berre han har medisin mot synda sin forferdelege verknader på liva våre.

I vers 3 set Paulus namn på sjølve ursynda hos oss: egoistiske ambisjonar og innbilskhet på eigne vegne. Ingenting av det me gjer må vera motivert ut frå slike mørke og låge krefter som dette, men ut frå ei audmjuk haldning der ein set andre høgare enn seg sjølv. Ein kunst berre vår kjære Herre Jesus kan læra oss med sin altoppslukande kjærleik til oss og sitt lysande føredøme. Ein kyrkjelyd der dette er grunntonen må jo vera himmelriket på jord.

vers 4: Dei fleste menneske let seg styra av snevre eigeninteresser. Det er sikkert den sterkaste drivkrafta i menneskelivet. Men me som er Guds barn må heile tida ta eit oppgjer med denne primitive og egoistiske tendensen og lat oss styra av Guds interesser og det som tener andre menneske. Du slette tid kor me treng å be: "Gud, kom og fyll oss med Anden. Du fordrar høge ting av oss, men me veit at det du fordrar vil du gje. Amen"

onsdag 27. august 2008

Filipparbrevet 1,22-30

v. 22-26: Her antydar Paulus at han kunne, dersom han ville, ha fått vore med Jesus i herlegdomen. Men han kjenner seg dregen til begge sider, både til å vera saman med Jesus og det å vera saman med filipparane og andre kristne på denne sida. Og omsynet til kyrkjelydane blir det viktigaste for han. Han vil ikkje forlata dei, men vera hos dei og velsigna dei slik at dei skal få oppleva framgang i trua.

Dei fleste kristne lever i ein sfære av snevre eigeninteresser. Men ikkje Paulus. Og me skulle ha vore som han og vore levande opptekne av at Gud skal få ære og våre kristne søsken skal oppleva framgang i kristenlivet. Desse to omsyna skulle ha prega liva våre.

v 27: Paulus formanar dei å leva eit liv som er evangeliet verdig. Det tyder at dei som kristne skal leva i samsvar med evangeliet. Det inneber at dei er sanne, gode, trufaste, ansvarlege, fredsskapande og forsonlege menneske, og at me saman kjempar for evangeliet. Dersom me lever slik, strekar me under evangeliet og stadfester det. Dersom liva våre er prega av fiendskap, vondskap, lygn, svik, strid og sjølvopptatthet strekar me over evangeliet slik at folk ikkje anerkjenner det som gyldig.. Dersom me ikkje lever truverdig, vert heller ikkje evangeliet truverdig. Evangeliet er i sitt vesen ekspansivt fordi Guds kjærleik og tilgjeving er for alle. Derfor må me leva ekspansivt dersom me skal leva eit liv som er Kristi evangelium verdig. Blir kyrkjelydane innovervendte og ikkje-evangeliserande, lever dei i konflikt med evangeliet sitt vesen og misser av den grunn truverde.

v.28-30: Her ber han dei om ikkje å la seg skremma. Det er kjent at frykten er djevelens fremste våpen. Det veit dei kristne i mange muslimske og kommunistiske land alt om. For å unngå fengsling, tortur og anna diskriminering, er det lett å halda ein kåg og usynleg profil. Men det er lett å gje etter for frykten her hos oss også. Det skal vera sikkert. Men me må behandla frykten som det han er: eit resultat av djevelen sin målretta gjerning i liva våre for å lamma oss og setja oss ut or spel. Difor ber Paulus oss om å sjå lenger enn til det nærliggjande og over til Gud som har full kontroll og som gjennom lidinga vil gje oss større sigrar enn me vil få dersom me bøyer av for å unngå vanskane.

tirsdag 26. august 2008

Filipparbrevet 1,12-21

Først ei bøn: "Å Herre, du har gjeve oss ditt ord som eit ljos på vegen. Gje meg å grunda på det og praktisera det. Lat ordet ditt lysa sterkare og sterkare for meg dag for dag, styrka ditt liv i meg, inspirera meg og gje meg meir innsikt og kunnskap om din vilje slik at eg kan dømma om kva som er rett og godt i mitt eige og andre sine liv. Amen."

v.12 Fengslinga av Paulus har ført til framgang for evangeliet. Slik er Guds visdom: det som ser ut som eit katastrofalt nederlag for oss, snur han til suksess for sitt rike og si kyrkje.

v.13. Dersom Paulus ikkje hadde vorte kasta i fengsel, hadde han ikkje kunna vitna for keisaren si livvakt. Og korleis skulle denne gruppa elles bli nådd med evangeliet. Det er så mange grupper og subkulturar me som kristne ikkje når, og då hender det at Gud må gjera ein vri og snu litt opp ned på ting for å kunna nå fram til desse menneska med sin kjærleik.

v.14. Fengslinga av Paulus har ført til at fleire tok ansvar. Det er lett å lena seg til store leiarar, men når Gud fjernar dei, må andre ta tak, og det resulterte i dette tilfelle at fleire vart frelst enn om apostelen ikkje hadde vorte fengsla. Slik har det ofte vore elles også. Guds rike stoppar ikkje med at store leiarar døyr, vert fengsla eller vert borte av andre grunnar.

v.15-18: Nokre nytta høve til å gå Paulus i næringa. Slike finst alltid i Guds kyrkje. Men så lenge dei forkynner sanning, får det våga seg, skriv Paulus, at motiva deira var elendige. Medisin er medisin om du får det hos eit godt eller eit dårleg menneske.

v.19: Paulus veit at kyrkjelyden i Filippi ber for han, og at dette skal bli til frelse for han, dvs. at han skal bli sett fri. Bøn for fengsla og forfølgde kristne er noko som har effekt, og som alle Guds barn bør driva med.

v.20: Paulus var ihuga for Guds ære. Han ville at Gud skulle få ære gjennom alt han føretok seg. Er det omsynet til Guds ære som driv deg? Det er vel heller ei sjeldan sak at kristne har det slik. Me blir drivne av så mangt. Dei fleste av eigeninteresser. Men det viktigaste for oss som Guds barn skulle vera at Gud får ære av alle menneske. Kvifor skal folk overgje liva sine til Gud? for å bli frelst? Ikkje primært. Først og fremst fordi alle menneske tilhøyrer med rette Gud, og for at Han skal få ære som tilkjem Han.

v.21 er mektig. Det er Paulus sitt personlege vitnemål. Jesus var hans liv. Det var Jesus det handla om for Paulus frå han sto opp om morgonen til han la seg om kvelden. Jesus var hans glede, hans fortrulege ven, hans frelsar og herre, håp og kraftkjelde. Jesus var hans rettferd og alt han trong for dette livet og for det som kjem. Han levde så oppi Jesus at han berre gledde seg til å døy, for då visste han at det som han her hadde sett stykkevis og delt, då ville tre fram i sin fulle herlegdom. Du verda som han gledde seg til det.

mandag 25. august 2008

Filipparbrevet 1,1-11

Filipparbrevet er eitt av dei såkalla ”fangenskapsbreva” som Paulus skreiv medan han sat fengsla i Rom. Det er forfatta på same tid som Efesarbrevet og Kolossarbrevet og brevet til Filemon, i tida 61-63 e. Kr.
Paulus grunnla kyrkjelyden i Filippi på si andre misjonsreise. Det kan me lesa om i Apostelgjerningane 16. Les dette avsnittet før du går vidare med denne gjennomgangen.

v.1 Paulus har skrive dette brevet saman med Timoteus, som var Paulus sin næraste og mest betrudde og best omtalte medarbeidar. Det er stilt til ”dei heilage i Kristus Jesus” saman med ”tilsynsmenn” og ”tenarar”.
Alle truande er heilage. Å vera heilag er å vera moralsk og åndeleg perfekt etter Guds standard, samt innvigd til teneste for Gud. Det er å vera kristen. Me er ikkje tilgjevne for å vera tilgjevne, men for å kunna tena Gud på rett vis med liva våre. Dette må me skjøna dersom me skal bera gode frukter. Me er frelst for å tena Gud med lovsong og bøn, og medmenneska våre med Guds ord gode gjerningar.
Som kristne har me privilegiet å kunna omgåast Gud utan redsle for dom. Dette set oss fri til å tena Gud med glede i Den Heilage Ande. Hans bod og vilje blir vår lyst.
Alle kyrkjelydar Paulus grunnla hadde tilsynsmenn (presbytarar) og tenarar (diakonar). Det er ingen grunn for oss å endra på dette i vår tid. Tilsynsmenn er hyrdar. Hyrde er den primære leiarnemninga i Bibelen. Jesus er ”den gode hyrde”. David sannar at ”Herren er min hyrde.” Og Israels leiarar i GT var alle ”hyrdar”, om enn sjeldan gode. Kva er oppgåva til ein hyrde: Esekiel 34,4 gjev oss svar: Ein hyrde skal lækja dei sjuke, styrka dei svake, binda om dei knuste, samla dei bortdrivne og leita opp dei bortkomne. Dette er omfattande og berre dei med den beste karakter, med eit etisk høgverdig liv og med gode pedagogiske evner bør bli tilsynsmenn. Ein hyrde i fylgje Efesarbrevet 4 også vera med å utrusta dei heilage til all god gjerning, og han skal vakta dei mot falsk lære, føra dei til gode beitemarker (åndsfylt undervisning i Guds råd) og sørga for opplæring av nye leiarar. Interessant å vera hyrde. Og det gode er: Herren utrustar hyrdane sine for dei oppgåvene han har gjeve dei.
Diakonane skulle i urkyrkja ta praktisk ansvar samt dra omsorg for folk med særskilde behov. Diakontenesta er Kristi kjærleik i praksis, og demonstrerer denne i praksis for menneska. Diakontenesta gjer evangeliet truverdig, og er umåteleg viktig. Den må utøvast av folk med høge etiske kvalitetar.

v.2 er ei nådehelsing, ei velsigning som Paulus legg på lesaren.

v.3-4. Paulus takkar Gud for dei truande venene sine i Filippi, og han ber for dei med glede. Det er viktig at me takkar Gud for våre kristne søsken og for kyrkjelyden me tilhøyrer. Dei er nemleg Guds gåve til oss. Så det skulle berre mangla at me ikkje skulle takka for dei.
Like viktig er det å be for dei. Når me trufast ber for kvarandre, fungerer me så mykje betre som kristne i kvardagen. Bøna er eit mektig våpen mot djevelen, og dersom me ikkje er trufaste i dette, går alt mykje tyngre for oss, og fleire fell i freisting og går rundt med ei lammande nederlagskjensle. Forbøn set verkeleg fart i oss.

v.5. Filipparane hadde grepe misjonsvisjonen. Dette må ha gledd Paulus enormt når me tenkjer kor sentral den var i hans liv. Misjon er og blir eit teamarbeid. I Lausannepakta les me at ”heile kyrkja må bringa heile evangeliet til heile verda!” Filipparane melde seg på. Dei var med, og dei kan tena som eit førebilete for oss i dag. For skal me vera ærlege så er realiteten slik i dag at ”deler av kyrkja bringer deler av evangeliet til deler av verda.”

v.6. Misjonsiveren er "den gode gjerning" som Gud har begynt i filipparane. Han forventar at dei skal veksa seg enno sterkare i dette, bli enno meir ansvarlege og kraftfulle i tenesta for evangeliet. Dette er ei gjerning av Gud som han sjølv skal fullføra i dei sanne kristne fram til Jesu Kristi dag. Det er såleis normalt at kristne kyrkjelydar, og kyrkja i det heile, veks og utviklar stadig større innsikt og tyngde i tenesta.

v.7. Denne teneste kallar Paulus for å forsvara og stadfesta evangeliet. Å forsvara evangeliet er å forkynna det, vitna om det og argumentera for det. Forkynninga vert så stadfesta gjennom under og teikn. Slik må det vera til Jesus kjem att.

v.8 fortel om kor høgt Paulus elskar dei han skriv til. Han tek Gud til vitne på det.

v9-11 viser oss kva Paulus ber om for filipparane. Han ber om at kjærleiken som dei har fått må bli meir og meir rik på kunnskap og all innsikt, eller dømekraft som det står i ei anna omsetjing. Dette er ei bøn å læra av. Nokre kristne er fulle av kjærleik, men likevel svake på dette å skilja rett frå galt. Då vert dei gjerne ettergjevande andsynes synd. Det er farleg. For synda er som ein kreftsjukdom både i enkeltmenneskers liv og i kyrkjelyden. Den må bort. Det hjelper lite om ein kirurg er veldig glad i pasientane sine, men ute av stand til å bruka kniven. Det vert ikkje legedom av berre kjærleik, ei heller i Guds kyrkje. Nokre må ha forstand på å skjera bort det som vondt er, det som ikkje har si rot i sanning og kjærleik. Og var det trong for ei slik bøn då, er det ikkje mindre no.

v.10. Dette står om vårt evige vel. Utan denne innsikten kan me ikkje bli ståande utan lyte på Kristi dag, eit uttrykk som peikar fram mot hans atterkome til dom.

v11. For den dagen Jesus kjem att vil han at me skal vera som tre fulle av frukt. Rettferds frukt. Det er alt det gode som Guds kjærleik og Guds ord har bore fram i liva våre, kvalitetar som har vakse fram i liva våre fordi me har vore sameint med Kristus og kristne søsken.