lørdag 23. februar 2019

Salme 66,8-12

vers 8: Salmisten oppfordrar alle folk til å velsigna Gud ved å la lovsongen lyda for han. Å lovsynga Gud er alle menneskes opprinnelege kall, og den inste meining med menneskelivet. 

vers 9 inneheld to trussetningar: Gud er den som held kvar einaste menneske i live, og at han set føtene våre på fast grunn slik at dei ikkje vaklar. Menneskekroppen fungerer ikkje automatisk, han går ikkje av seg sjølv. Me lever så lenge Gud held liv i oss. Slik er skapingas orden, og dette skulle gjera oss audmjuke og motivera oss til alltid å ha vår sak med Gud i orden.  
Den faste grunn høyrer med til frelsens orden. Apostelen Paulus skriv: Ingen kan leggja annan grunnvoll enn den som er lagt: Jesus Kristus. Gjennom tru og dåp er me plasserte på denne grunnvollen, og kan gå framover i livet utan å vakla. Me går på, i og med Kristus. Å bli frelst er å bli dregen ut av ei djup gjørme og få føtene plasserte på fjell, syng David i Salme 40. Men obs! Vik me av frå Guds ord, hamnar me fort i gjørma att. 

v. 10. Gud kjenner oss. Han veit kor lett me har for å vika av frå han, kor lett me har for å gje etter for freistingar og få element inn i liva våre som er framande for Gud og farlege for oss. Difor prøver han og reinsar han oss. Det ideelle for Gud er at me studerer hans ord og let oss kalibrera og reinsa av det. 

v.11-12. Men dersom han ikkje når sine mål med oss på den måten, fører han oss inn i eldomnen, let føtene våre "gå i garnet", og det oppstår situasjonar som smertar oss djupt, men som er naudsynte for at me skal bli verande hos Gud, og forat uheldige utvekstar i liva våre skal fjernast. Ingen vanske i livet råkar deg utan vidare. Når det kjennest som om "menneske rir over hovudet ditt",  har Gud herleg plan med det alt saman, og han forlet aldri den som hamnar i eldomnen, eller den som må gå gjennom djupe vatn. Der er han med, og resultatet blir kjempebra: eit skinande blankt sølv utan slagg. Reinsing er foredling.

Det heiter i norsk lov at det er forbode å forlata eit menneske i hjelpelaus tilstand. Dette er ein regel som har sine røter i Gud, i forteljinga om den miskunnsame samaritanen. Gud forlet aldri eit hjelpelaust menneske. Ikkje deg heller. Nei, han tek seg av deg, løftar deg opp, bringer deg til ein trygg plass, betalar alt for deg og fører deg inn i ein overflod av nåde og kraft. 



Ingen kommentarer: