tirsdag 2. april 2019

Salme 68,21-24

v. 20 kunne betre vore omsett slik: "Lova vere Herren dag etter dag!" Det var vanleg i dei gamle oversettingane. Det gjev meining. For me som kjenner Gud har vår glede i å lova og takka han, ja, det er vårt livskall å halda på med det, rett og slett fordi Gud skal ha æra både for vår eksistens og for vår evige frelse, den som me har fått i Jesus Kristus, han som ber oss dag etter dag.  
      
  v.21. I Jesus Kristus har Gud frelst oss frå døden. Jesus lever, og hans liv er i oss, og dette livet skal aldri ta slutt. Den som lever og trur på Jesus, lever sjølv om han døyr kroppsleg, og når Jesus kjem att, skal kroppen også stå opp og levandegjerast, så skal me for alltid vera hos Han i evig glede og fryd. 


v.22-24 må me lesa i lys av Efesarbrevet 6,11 ff der det står at me ikkje har ein kamp mot kjøt og blod, men mot veldige åndsmakter. Motstanden ser ut til å koma frå menneske, men menneska som yt evangeliet og Guds sanningar motstand er under åndeleg kontroll av demoniske krefter. Dei kan ikkje anna enn å steila på det me forkynner, og det vil dei gjera til Gud frir dei frå djevelens makt og innflytelse. 

v.22 skildrar med sterke ord Guds straffedom over dei som "stadig lever i skuld". Dette verset er ikkje akkurat noko søndagsskulestoff. Men det må dog tena som ei åtvaring til alle som dyrkar synda og trur dei skal koma unna med det. Dei gjer jo ikkje det. Ingen gjer det. Alle blir innhenta av si fortida si dersom dei ikkje har vendt om til Gud av hjarta og lagt syndene sine frå seg ved Jesu Kristi kross. 

v.23-24  skildrar korleis Gud fører det bortførte folket sitt attende til si rette adresse. Språkbruken er sterk. Vers 23 er eit frelsesord. Vers 24 eit domsord. 

Kven er det Herren fører attende? Israels folk. Basan er landet i nord. Eit uttrykk for Asia og Europa. "Havsens djup": folket i lang tid har vore oppslukt og assimilert av andre folk. Med "havet" i Bibelen er det ofte meint "folkehavet". Dette verset uttrykkjer difor nøyaktig kva som har skjedd med jødefolket gjennom historia. Spreidd over heile verda og oppslukte og forsøkt utsletta. Men aldri heilt. Det har alltid vore ein rest attende. No er dei komne til heimlandet sitt. Og verda rasar mot dei. Men det er ikkje særleg klokt. For dette folket er Guds, og han skal sjølv sørga for å dømma Israels fiendar, og koreleis det vil sjå ut, ser me i vers 24. Det du les her er GUDS verk åleine, og han er i sin fulle rett når han dømmer motstandarane sine. Og moralen er enkel: IKKJE YT ISRAELS GUD MOTSTAND, men søk fred med han, og du er berga frå hans vreide. 

Men også oss Jesustruande er å finna i folkedjupet, i alle folk og nasjonar, i alle nabolag, og over alt der det er folk. Det er alltid nokre Jesusfolk som minglar rundt i miljøa, meir eller mindre bevisste på kva dei heldt på med og kvifor dei er der.  Men ein dag skal dei skiljast ut, og Herren vil ta dei ut og heim til seg. Men til den dagen er dei lys og salt i verda, for å bringa så mange som mogeleg inn i Guds  forløyste familie.

          
          
   

Ingen kommentarer: