lørdag 16. mars 2019

Salme 68, 16-19

   v. 16. Basan ligg nord i Israel. Det er eit fjellrikt område. Men dei fjella me les om her er fyrstane i Basan. 

v.17. Desse ser skeivt til kongen i Jerusalem, og til Sionfjellet, der Herren for alltid vil bu. 

Og slik er det i dag også. Verda ser skeivt til Israel og til Jerusalem, og mange statsleiarar snakkar ned Jødeland og det jødiske folk og leitar etter feil som dei kan påpeika hos leiarane deira. Det føregår ein langvarig og tolmodig mediakamp mot landet og folket. Det er farleg for oss alle, for me er kalla til å tala vel om dette folket og velsigna det. 

Men Jerusalem er Guds by, og ein dag kjem Herren Jesus att for synleggjera dette faktum. 

v.18. Gud har ein stor usynleg hær. Denne kan me lesa om i 2. Kongebok kapittel 6. Englar har slått ring rundt Jerusalem og passar på innbyggjarane der. 

Det skal me få tru om den sanne kyrkja også, oss Jesustruande heidningar, at Gud er nær hos oss og passar på oss i all slags naud og fare. Hadde han ikkje vore det, hadde det vore ute med oss for lenge sidan. Det hadde ikkje eksistert noko kyrkje lenger.

Gud er framleis av same kaliber som då han openberra seg i makt på Sinai og gav lovene sine, lover som framleis er gode, heilage og gyldige, så nær som seremoniallovene som ein gong for alle vart oppfylte og overflødiggjort ved Jesu død og oppstode. Når realiteten er komen, har det inga meining å ta vare på evig repeterande handlingar som peika framover mot det som skulle koma. 

Vers 19 handlar i følgje Efesarbrevet 4 om Jesus. Her, som mange andre plassar, skil Septuaginta seg frå den masoretiske teksten som ligg til grunn for oversettinga av GT. Men skal me prøva å samordna dette, blir det kanskje slik: Jesus Kristus steig opp i det høge, fòr opp til himmelen, for å bu der, ja, men også for å regjera over himmel og jord, og ikkje minst:  styra kyrkja og misjonsarbeidet. Frå kyrkja tek han imot gåver, folk som vigslar seg til heiltids og langtids misjonsteneste, slik at han kan senda ut ordet sitt og fanga opprørarar, Paulus er sjølv eit døme på det, og etter at han har transformert opprørarane med Andens kraft og kjærleik, gjev han dei attende til kyrkja som apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan, og skal,  utrusta dei heilage til all god gjerning.  
          
          
   

Ingen kommentarer: