lørdag 2. mars 2019

Salme 68,1-5

Vers 2 er ein lovnad. Gud skal reisa seg. Motivet er kjent. Når Gud reiser seg, er det for å intervenera i ein fortvila situasjon, for å frelsa folket sitt som er undertrykt av fiendar. Det inneber at folket sine fiendar, som også er Guds fiendar, må rømma og trekka seg bort. 

Gud har mange fiendar i dag, menneske som opponerer mot hans ord, menneske som ikkje vil anerkjenna hans overherredøme, menneske som vil leva etter sine eigne reglar, menneske som hatar Gud og forfølgjer hans kyrkje, dei som forkynner hans lover som sanne, rette og gyldige. Ein dag skal Gud reisa seg, og då må dei rømma frå han. 

v.3. Dei som opponerer mot Gud og hans ord er urettferdige menneske. Gud skal driva dei bort som om dei var røyk, dei skal smelta som voks for elden og går til grunne. Når Gud bestemmer seg for å ta eit oppgjer med menneske som har forkasta han og hans bod, blir dei små og hjelpelause.        
v.4. Men dei rettferdige skal gleda seg. Kven er dei rettferdige? Det er dei som har Gud som gud, dei som bøyer seg for hans ord og som stolar på det han har sagt, ja som elskar ordet hans og nærer seg av det, dei som lovar og prisar han natt og dag og som gjer det gode. Dei skal fryda seg for Guds ansikt. Å vera for Guds ansikt betyr å ha personleg fellesskap med han.  Det å nyta det personlege fellesskapet med Gud, han som skapte himmel og jord og som elskar oss menneske så ufortent, fyller dei med ei useieleg glede. Slik må det vera for det er dette alle menneske er skapte til og for. 
          
v. 5 er ei oppfordring til å synga for Gud og lovsynga hans namn. Menneske er eit syngande vesen. Gud har skapt oss slik at me kan synga, og han vil at me skal synga for HAN. Alle plassar der det er fest og glede, er det sang. Gud elskar sang, og han gjev oss heile tida nye songar som me saman kan synga for han og gleda han og kvarandre med. Slik sett lever me no i ei fantastisk tid. 

Gud rid gjennom øydemark, les me her, og me blir oppfordra til å rydda veg for han. Korleis gjer me det? Jo, ved å lovsynga han seint og tidleg. Øydemarka er eit bilete på eit etter måten livlaust område her i verda. Saka er den: Verda er blitt ein åndeleg sett daud plass. Men Gud er på frammarsj for å grunnleggja og fremja sitt rike, fullt av liv og glede. Når me som elskar Gud, lovar og prisar han, ryddar me veg for han, og hans sak får framgang i verda. Nye menneske kjem til tru, og midt i øydemarka dukkar det opp oasar, nye kyrkjelydar der livet spirer og gror, plassar der Gud får ære og pris. Lovsongen, gjeven av Gud, driv døden bort, og fremjar tru og åndeleg liv i og hos menneske som lever mellom og saman med Guds jublande barneflokk. 
   
 

Ingen kommentarer: