søndag 28. april 2019

Salme 69,21-30

 v.21. Folk kan vera nådelause mot ein som ligg nede. Det syner historia så alt for tydeleg. Mobbing og spott knuser hjarter, og den som blir mobba, vonar på medynk, men fåfengt. Når slike ting skjer, tek få sjansen på å trøysta. Til og med dei rettenkande kvier seg for å plassera seg på "feil side". 

v.22. Slik var det med Jesus då han vart krossfest. "Eg er tørst" sa han, og dei gav han eddik å drikka. Det var hån. Ingen tørste treng eddik, men vatn. 
v.23-29. Salmisten ber her om at motstandarane hans skal måtta betala dyrt for  sin urett, at fellesskapet deira skal gå oppløysing, at dei skal mista synet, få vanskar med å halda seg oppreist av angst (skjelvande hofter), at dei skal få smaka Guds harme og bli bortført. Han ber om at skulda ikkje skal fjernast, men at kvar misgjerning må leggjast til dei som alt er gjort, og at dei ikkje skal få del i Guds rettferd, dvs hans frelse, og at namna deira skal strykast frå livsens bok og at dei ikkje må skrivast inn mellom dei rettferdige. 


Grunngjevinga for at han ber slik finn me i vers 27: Dei har jaga etter dei Gud har slege, og auka smerten hos dei som har det vondt nok frå før. 

Kven var det Gud slo og såra, og kven var det som fekk stein lagt til børa si av andre menneske? Då tenkjer eg på det jødiske folket som gong på gong vart straffa for sine synder, og alltid var det nokon som jakta på dei og gjorde det tyngre for dei enn det som Gud hadde tenkt. Og så tenkjer eg på Jesus. Han vart straffa av Gud på våre vegne, men all spotten han møtte frå romerske soldatar og jødiske leiarar gjorde det såvisst ikkje lettare for han. På krossen bad han om at Gud måtte tilgje soldatane, heidningane, for dei visste ikkje kva dei gjorde. Men dei jødiske leiarane visste kva dei gjorde, og det som me les om i denne bøna i Salme 69, råka dei og folket deira i år 70 og år 132 e. Kr. då Jerusalem vart kringsett, erobra og øydelagt, og jødefolket spreidd i alle retningar utover jorda, noko som innleidde ei to tusen år lang natt for Gudsfolket. Men no gryr morgonen. 

Og så tenkjer eg på martyrkyrkja. Ikkje veit eg om alle som forfølgjer kristne veit kva dei gjer, men problemet er omfattande, snart globalt, og dei som slik lever under krossen treng våre inderlege og solidariske bøner, vår trøyst og våre heftige protestar. 

v.30 er ei bøn om hjelp og vern for ein lidande som kjenner seg uendeleg hjelpelaus.   

1.påskedag kom svaret.  
          
   
 
         

Ingen kommentarer: