søndag 4. september 2011

Salme 12

v.1 Salmisten ber om å bli berga ut or ein vanskeleg situasjon. Han finn ingen som ottast Gud, ingen som trur, ingen menneske han lenger kan stola på. Han kjenner seg veldig åleine, ein situasjon som ikkje er uvanleg for enkelte kristne. Det kan vera ei stor påkjenning.

v.2 Dei han har rundt seg lyg så det renn av dei, dei er ikkje til å stola på. Han kjenner seg utrygg. Sanning og ærlegdom ligg i botn av alt fellesskap. Når folk talar og argumenterer mot Gud, kjem redsle og einsemd sigande hos enkle kristne. Det svimlar for dei. Likeeins når dei urettferdige har makta i samfunnet og brukar henne til eigen fordel. Det kan vera eit mareritt for dei små.

v.3-4 er ei bøn om at Gud må rydda ut alle lygnarar (eller alle lipper som lyg (KJ)), og folk som talar store (stolte) ord, underforstått mot Gud, og som har så stor tru på seg sin eiga forståing og sine eigne talegåver at dei ser på seg som uovervinnelege og Gud overlegne. Det er patetisk.

v.5 er Guds svar på salmisten si bøn: Han vil gripa inn. Gud er alltid på sine små barns side, og han gjer under for dei som ber. Han hatar alle former for undertrykking, og han kjem og set trælka folk i fridom. Det kan gå hardt ut over undertrykkaren.

v.6. Om menneska er trulause, er Guds ord alltid til å stola på. Det er sju gonger reinsa, som sølv i ein eldomn, dvs. det er fullkome. Guds ord er som Gud. Han står 100% bak Bibelen, og vil stadfesta og oppfylla det som står der. Han vaker over det profetiske ordet for å oppfylla det, les me ein stad. Difor kan me trygt gå for det me les i Bibelen. Ja, det er den einaste farbare vegen for oss. Guds ord er Guds veg for sitt folk.

v.7-8. Herren tek vare på sine barn midt i ei verd der vondskap og fanteri ofte kan innta uante dimensjonar. Det er ein god lovnad for dei som lever under forfølging og diskrimindering. Mange kristne gjer det i våre dagar.



2 kommentarer:

Unknown sa...

Herren har vist meg desse orda i Bibelen! Eg skal nok vere røysta til Romfolket (for det var etter diskuasjonar med fleire menneske som vart så sterkt i mot desse at eg følte ei uro, fekk ikkje sove og kjente meg så einsleg og så "vanskeleg" fordi eg var den som stod opp for å støtte dei. )Men den mennesklege fornufta verka til å "vinne"... følte meg berre så svak. Eg forstår ikkje heilt. Etter eg las dette forsto eg plutselig meir, eller det vil seie at mitt indre forstod - eg er oppløyst i tårer. Eg er nyfrelst, men eg har fullt og heilt gått inn for å kjempe for rettferdighet! I Jesu namn! Amen

Unknown sa...

Eg søkte salme 12 på "google" og fann ditt svar. Takk til deg og Takk til Jesus! :)