torsdag 30. april 2020

Salme 84,9-10

Herre, Allhærs Gud, høyr mi bøn.
Vend øyra til , du Jakobs Gud


Gud, vårt skjold, vend auga hit,
          sjå på han du har salva!

Vers 9. Salmisten ber om at Gud må høyra på han. Skulle det vera naudsynt? Har ikkje Gud sagt at han vil lytta?

Jo, det er ein stålfast bibelsk sanning: Gud høyrer når me ber. Ingen treng be om at Gud skal høyra orda me seier. Men det salmisten ber om her er at Gud skal bønhøyra han og gje han det han ber om, og det er lett for oss alle å forstå at han gjer akkurat det. 

Han vender seg til Herren, Allhærs Gud, himmelens Gud, han som har fullkomen oversikt både i tid og rom, og Jakobs Gud, han som hadde sin bustad i templet og var midt i sitt folk. Det er den same Gud som bur i himmelen og som bur i oss og som alltid er nær oss, han som utrustar oss, leider oss og brukar oss. 

Salmisten kallar Gud for "vårt skjold". Det er eit fint uttrykk som fortel oss at Gud beskyttar oss mot alt mogeleg vondt som møter oss i livet. Det kan vera vonde menneske, vonde åndsmakter, falske klagemål og det eine med det andre. Gud passar på oss. 

Eitkvart skjold må løftast om det skal vera noko hjelp i det. I Efesarbrevet 6 kallar Paulus trua på Gud som skjold. Og han skriv: Grip framfor alt trua som skjold, for med det kan de sløkkja alle fiendens brennande piler.

Ein kristen er under åtak, alltid, og trua på Jesus er det mest effektive våpen me har mot djevelens brennande piler. Kva piler er det snakk om? Ei stygg løgn om Bibelen og Gud, ei kraftig freisting, ein løgntanke om at du er verdilaus eller om at Gud bryr seg om alle andre, berre ikkje deg. For det du har gjort og det du står i er på ingen måte i harmoni med å ha eit rett forhold til Gud. Djevelens klagemål kan vera nokså heftige.

Men me har fått eit skjold som duger, og når me løftar Kristus opp framfor oss, han den fullkomne, allmektige og uangripelege, må fienden gje tapt og vika bort, for i Kristus møter han ei overmakt han ikkje kan stå seg mot. Du og eg kan anklagast for mange feil me har gjort. Men ikkje Jesus Kristus. Han stod fast i alle prøvingar og freistingar, ikkje for si eige skuld, men for VÅR skuld, for at ME skulle ha noko å forsvara oss med når anklagaren kjem med sine hjartelause avsløringar. 

Og så ber salmisten om Herrens oppmerksamheit. "Vend auga hit", seier han.  "Sjå på han du har salva!" Kven er det Herren har salva? Det er Jesus. Han seier sjølv i Lukas 4: Du har salva meg å forkynna fridom for fangar osv. Jesus er Messias, den som er salva, Guds eigen Son. 
Det er ei strålande, mektig og forløysande sanning: Når den allmektige Gud vender blikket sitt mot deg som trur på Jesus, ser han berre Jesu kvalitetar. Du er ved tru og dåp plassert i han, og det er HAN og hans gjerningar som gjeld for Gud. Denne edle sanninga er ditt skjold. 

Men du treng ikkje løfta Kristus opp for Gud, for Kristus er sendt av Gud for å representera deg i all æva, og ikkje ein minutt på døgeret taper han dette av syne. 
Salmisten ber: Sjå på han du har salva. Ikkje sjå på meg, men på Han. Det er naturleg å be slik, og bøna er besvart før ho er beden. Amen! 

Ingen kommentarer: