onsdag 11. juli 2018

Salme 65.1-4

Dette er ei takkesalme, tydelegvis knytt til innhaustningstida.

v.2. Lovsongen tilhøyrer Gud på Sion. Lovsongen er himmeltonen som alltid strøymer mot vår gode og allmektige Gud og far. Sion er templet, plassen der Gud er nær med sin frelsande nåde. I dag er kyrkjelyden Guds tempel, og der er lovsongen til Gud grunntonen.

Me lover gjerne å takka  og æra Gud dersom han vil hjelpa oss når me sit heilt fast i livet, og held lovnaden ved å offentleggjera og vitna om hans velgjerningar mot oss.

v.3. For Gud er ein gud som høyrer når me ber, og be, ja det er noko ALLE kan gjera. Den som ber, kjem til Gud. Og kan me tillata oss å sjå ein overveldande profeti i dette verset når det står at "til deg kjem alle menneske"? Kan me kopla dette til Johannes 1 der det står at Jesus er lyset "som lyser opp KVART menneske"? Dette er sterke tankar for ein som elskar Gud og som tener han og lengtar etter at alle som Jesus Kristus døydde for skal kunna nyta fruktene av hans frelsesgjerning: samfunnet med Gud.

v.4. Menneska kjem til Gud når skulda deira blir for stor å bera for dei. Den einaste måten å bli kvitt syndene sine på er ved å koma til Gud med dei. All synd er gjort mot Gud, og det er han som har påtalemakt, og av den grunn  er han den einaste som kan tilgje, og det gjer han meir enn gjerne. Han gav jo Sonen sin for å kunna gjera det, og Jesus betalte dyrt for vår tilgjeving og fridom.


Ingen kommentarer: