mandag 9. juli 2012

Salme 25,4-7

  4 ד Herre, lat meg kjenna dine vegar.
          Lær meg dine stigar!
        
   
 5 ה Lat meg få vandra i di sanning,
          lær meg, for du er Gud, min frelsar!
          Til deg set eg alltid mi von.
        
   
 6 ז Herre, kom i hug di miskunn og din kjærleik,
          som er frå evig tid.
        
   
 7 ח Kom ikkje i hug min ungdoms feilsteg og synder!
          Kom meg i hug i di miskunn, Herre, for du er god.

 I vers 4-5 ber David om å få kjenna Guds vegar, og læra seg hans stigar. 
Det er avgjerande at me veit kor Guds vegar går, for elles kjem ingen av oss fram til Guds mål.

Livet er komplisert. Ingen har full oversikt, og me treng alle be om Guds leiing, ikkje berre når me skal ta store avgjerer, men også i vår dageleg vandring med Gud. Me treng å vita kven Gud vil me skal besøka, kven me skal hjelpa, kven me skal vitna for og kven me skal gje eit profetisk ord. 

Kor går Guds vegar? Til dei fortapte. Jesus sa: "Eg er komen for å leita etter det som var fortapt for å frelsa det." Og me er kalla til å følgja han. Den som ikkje går med Jesus til dei fortapte, går ikkje med han i det heile tatt. 

Når det gjeld måten me lever liva våre på, leider Gud oss primært gjennom sitt ord. Der lærer han oss å tru på Jesus og elska og lova Han ovar alle ting, å elska nesten vår som oss sjølve, tilgje våre skuldmenn, elska fiendane våre, vitna om Jesus i ord og gjerning, be uavlateleg, vera trufast mot ektefellen vår,  å leva reint og ærleg osv. I Guds ord, Bibelen, finn me usvikeleg rettleiing slik at me kan bli frelst og leva rett på alle livsens område. 

Gud vil aldri leida nokon mot sitt eige ord. Dersom ein kjenner seg leida til noko som strir mot Ordet, er ein utsett for djevelens leiing og ikkje Guds. 

Men Herren leider også ved Anden. Han kan tala til oss gjennom syner, draumar, profetiske ord osv. Men alt dette må prøvast på Bibelen, og aller helst må det også stå "søskenprøven" om det er ei større sak det er tale om. 

I vers 6 minnar han Gud om hans miskunn og hans kjærleik. Han vil at Gud skal tenkja på han med dette som utgangspunkt. Dette er eit godt ord å kvila i: Guds miskunn og kjærleik er frå æva av og skildrar Gud slik han er når alt kjem til alt: Han er full av miskunn, ømme kjensler overfor oss som får han til å gripa inn i liva våre når me treng det. Slik ER Gud. Det er godt å vita for oss alle.

I vers 7 ber han Gud om å ikkje straffa han pga dei syndene han gjorde då han var ung, men, enno ein gong, vurdera han  i lys av sin eigen godleik. 


Mange menneske har tunge syndeminner å bera på. For desse er bøna i vers 7 meiningsfull. Stadig dukkar smerten opp i sinnet over det ein gjorde og var med på. Det har så vanskeleg for å sleppa taket, det er som "ein torn i kjøtet". Paulus kjende så godt til dette. Han ergra seg heile livet over at han hadde forfølgt Guds kyrkje, og meinte at var det nåde for ein slik som han, den største av alle syndarar, måtte det vera nåde for alle. Då er det godt å vita at det ikkje er nokon fordøming for den som er i Kristus Jesus. Dei største og styggaste syndene tok han med seg opp på krossen for at dei aldri meir skulle synast for Gud. Det er gjort, og kan ikkje gjerast ugjort. Ære vere Gud for det.







Ingen kommentarer: