mandag 2. juli 2012

Salme 23,4-5

v.4: Det hender at kristne må gå gjennom dødsskuggens dal, og når det skjer, er det Herren som fører oss inn og gjennom.  Nokre vil ha det til at kristne skal sparast for tunge tider. Men det er ikkje slik. Mange ting kan skje. I går vart 17 kristne drepne i eit granatåtak mot ei kyrkje i Kenya. Det er mange Guds barn i dag som går i dødsskuggens dal, i sjokk og djup sorg over kjære dei ikkje skal sjå att og gleda seg saman med på denne sida av død og grav. Forfølging, alvorleg sjukdom og ulukker kan føra oss inn i denne dalen som ingen av oss ønskjer å måtta passera. Men evangeliet i dag handlar om at Jesus er med oss inn i den djupaste nauda, i sjukdom, død og sakn.

"Din kjepp og din stav trøystar meg", les me. Kjeppen og staven trur eg er Jesu namn og Guds ord. Ein gjetar brukte kjeppen til å jaga ulven med og staven til å samla sauene. Slik brukar me Jesu namn for å fordriva dei vonde åndene som trykkjer på oss i mørke dalar, og Guds ord til å halda oss nær til Jesus. Han hjelper oss å sjå alt som skjer i rett perspektiv, i Guds perspektiv. Då kan me så mykje lettare leva med det, ja rett og slett takka og prisa Han for det.

v. 5:Jesus omformar den mørke dalen til eit festlokale. Han dekkar bord for oss like framfor augo på våre fiendar. Eg tenkjer på den jødisk-kristne lutherske  presten Richard Wurmbrand som på 50 og 60-talet sat 14 år i rumensk fengsel for si frimodige forkynning av Jesus og av Guds ord for liva våre. Medan han sat inne såg og høyrde han ting som han i ettertid ikkje kunne attgje for andre. Fengselscella vart ein katedral der Gud kom nær og dekka bord for barnet sitt. I 1980 (må det ha vore) hadde eg gleda av å møta og snakka med denne mannen og kona hans Sabina (som sjølv hadde sete inne i 3 år) då dei var i Bergen. Dei bar med seg merker etter tortur og mishandling, men Gud strålte ut av dei. Han set sanneleg sitt adelsmerke på si lidande kyrkje.I dødsskuggens dal legg han inn kvalitetar i oss som ikkje kan bli våre andre plassar enn nett der. Det er ei eiga salving, ei vigsling som fører til at begera våre flyt over av åndeleg velsigning som renn frå liva våre til dei menneska me har rundt oss.

Sabina fortel i boka si "Pastorens hustru" at ho under tida si i fengsel vart plassert i eit skap med spikrar som stakk innover. Dette var ei straff for at ho vitna og forkynte for dei andre fangane. I dette tronge skapet kunne ho ikkje lena seg i nokon retning, men måtte stå og balansera for ikkje å skada seg stygt på dei skarpe naglane. Det var uuthaldeleg. Kva skulle ho gjera? Heile henne var eit rop til Gud. Då merka ho brått at han var der saman med henne, fylte henne med Den heilage ande og gav henne eit nytt språk som bar henne gjennom time etter time. Ho gløymde tid og stad, Herren dekka bord for henne like framfor augo på hennar fiendar, og ho kunne til fangevaktarane si undring gå skadefri ut av skapet.

I dag sit Josef Nadarkhani i eit fengsel i Iran og ventar på eksekvering av dødsdomen som er felt over han. Han er ved godt mot og formanar oss frå cella si om å halda fast på Jesus same kva det skal måtta kosta oss. Det er beundringsverdig. Gud salvar hovudet hans med olje, og hans beger flyt over.

Me har så mange døme på sanninga i denne teksten, men dette får klara seg.

Ingen kommentarer: