tirsdag 10. juli 2012

Salme 25,12-14

       12 מ Kvar den som fryktar Herren,
          lærer av han den veg han skal velja.
         
   
13 נ Sjølv skal han leva i lukke,
          og ætta hans skal arva landet.
         
   
14 ס Herren talar fortruleg med dei som fryktar han,
          han gjer dei kjende med si pakt.
          

v.12: Å frykta Herren betyr å anerkjenna hans overherredøme, noko som inneber at me let Bibelens ord vera gyldig for oss i alle ting. Gjer me det, lærer me lett kva veg me skal velja, for det står jo alt i Boka. Der gjev Herren oss sikker rettleiing slik at me ikkje rotar oss bort frå han, og slik at liva våre får den rett innretning.

v.13: Når me går saman med Gud på Guds vegar, vert me lukkelege. Når me kan vera til glede for Gud og nesten, kjenner me at liva våre har rett kvalitet og god meining, og då blir me glade. Me lever midt i Guds plan, og har det som fisken i vatnet, eller plomma i egget, om du vil.

"Ætta hans skal arva landet". Ein arv i bibelsk språkbruk gjeld ikkje berre ein rikdom som kjem til folk ein gong i framtida, nei, den er like gjerne notidig. Det var sagt om levittane i Det gamle testamentet at Herren i sin eigen høge person var deira arv, Esekiel 44, 28. Dei skulle halda seg til han, fryda seg i han og tena han natt og dag livet gjennom.

Landet i GT er Guds rike i NT. Som Jesustruande er me arvingar til Guds rike, og det inneber at me og alle me vinn for Kristus (vår ætt), skal få leva i Guds rike her og no, nyta hans gåver og erfara hans kraftfulle nærvær. Dette er Guds land der Gud alltid er nær, der me har fulle borgarrettar, ein haug med privilegier og der Guds gode lover gjeld, der Herren talar fortruleg med venene sine (v. 14) og gjer si pakt kjent for dei. Kva pakt er det? Det er den nye pakt, den som han oppretta med oss gjennom Jesus, den som handlar om at han vil tilgje oss syndene våre og skriva lovene sine inn i hjarto våre slik at me følgjer dei med glede, Jeremia 31,31-34.

Gud har fortruleg samfunn med sine barn. Høve mellom ein kristen og Gud er til dei grader TOSIDIG. Det er ikkje berre me som betrur oss til HAN, men han betrur seg til OSS. Det var dette Gud ville med oss då han skapte oss, ha eit tosidig fortruleg høve, nokon å kunna snakka fornuftig meg, nokon å dela sine planar med, nokon å diskutera med, nokon som kunne koma med innspel. Bøn er KOMMUNIKASJON, ikkje monolog. Ein trent bedar er ein del av Guds råd.



Ingen kommentarer: