fredag 6. juli 2012

Salme 24, 7-10

 7 «Lyft dykkar hovud, de portar,
          ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
          så kongen, den herlege, kan koma inn!»
        
   
 8 «Kven er då kongen, den herlege?»
          « Herren, sterk og mektig,
           Herren, mektig i strid.»
        
   
 9 «Lyft dykkar hovud, de portar,
          ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
          så kongen, den herlege, kan koma inn!»
        
   
10 «Kven er han då, kongen, den herlege?»
          « Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.»

I dag er me komne til det siste avsnittet i denne salma, eit avsnitt med ei sterk profetisk ånd i seg.

Kongen er Messias, den som er salva. Det er Han som rid inn. Kven er så denne Messias? Han er Herren. GT teiknar altså eit klårt bilete for oss at den komande frelsarkongen skulle vera både Gud og menneske, synleg og avgrensa konge og evig, uendeleg Gud. Dette er Jesus. Det er berre han som er slik. Og slik måtte han vera for å kunna frelsa oss.

Først skal me sjå på avsnittet ut frå eit misjonsperspektiv. Jesus kjem til oss gjennom Guds ord forkynt i Andens kraft. Når han melder seg, må me opna opp for han og ikkje stenga han ute. Han er kongen over heile jorda (v.1), og har rett til å regjera over alle menneske. Når han seier før himmelfarten at han har fått all makt i himmel og på jord, er det dette han meiner: Han har retten til all makt i alle menneskes liv. Rett og makt er det same ordet på gresk: exousia. Det som skjer er altså at når evangeliet blir forkynt, kjem Jesus  til oss menneske for å få sin rett, sin exousia, og når han har fått sin rett, blir det til vår frelse.

I dag inntar Jesus by etter by, folk etter folk, menneske etter menneske. Der evangeliet blir forkynt i Andens kraft, der bankar Jesus på. Han vil inn for å råda og velsigna, begge deler.

Me ser og  høyrer om enkeltpersonar som opnar for Jesus og slepp han inn. Det blir stor forandring. Men det skjer også at heile lokalsamfunn opnar for Jesus. Ikkje så mykje hos oss i våre dagar (men det har hendt før, ikkje minst under Haugevekkinga. I ei bygd i Sogn var det berre lensmannen og presten til slutt som ikkje var omvendt til Gud). Men slike ting har skjedd mange stader opp gjennom historia, og det skjer i dag. Eitt døme er det plaga Karenfolket i Burma der alle kom i laupet av 1800-talet. Ein av deira eigne profetar hadde sagt at Y`wa (Gud), som dei ein gong hadde svike, skulle koma tilbake til dei gjennom ein "kvit bror" som skulle ha med seg "Y`wa si tapte bok", og då den engelske baptistmisjonæren Adoniram Judson og hans medarbeidarar dukka opp i 1817, visste karenane kva det handla om. Dei "opna dørane" sine og ønskte Jesus velkomen inn i liv og samfunn. Dei hadde venta så lenge på dette underet, og endeleg skjedde det. Jesus kom til dei gjennom "den kvite broren" som hadde med seg "den tapte boka".

I Nagaland og Mizoram, to små delstatar i nordaust-India har det i førre hundreåret vore store og gjennomgripande vekkingar. 90% av befolkninga er no kristne, og dei sender ut misjonærar i fleng både til andre delstatar i India og til andre land. (Kjelder: Don Richardson: "Forberedt for evigheten.! Prokla-Media 1991 og Operation World  YWAM 2010). Kong Jesus, Herren, kom til dei og gjesta dei på overnaturleg vis. Mark Dupont fortalde oss ein gong at det i Nagaland synte seg ein lysande kross på himmelen i lang tid, med det resultat at folket kollektiv kom til Kristus. 

Me syng: "Kom hellig Ånd med skapermakt, opprett hva synd har ødelagt." Det er ei ufatteleg god bøn. Me treng i Noreg så sårt besøk av den overnaturlege Gud. Me treng at Han stig ned til oss og byr oss opna dørane slik at han kan koma inn og herska over liva våre, og me ber han: "Kom til oss og ta din rette plass som konge i liva våre!" Og me ropar til kvarandre: "Opna portane dine, slepp kongen inn og gje han ære og nyt hans gåver!"

Misjonsperspektivet går saman med det eskjatologiske perspektivet, men det får me koma attende til i morgon.

Ingen kommentarer: