mandag 23. juli 2012

Salme 28,6-9

  6 Velsigna er Herren,
          for han høyrer mi bøn!
        
   
 7 Herren er mitt vern og mitt skjold,
          mitt hjarte sette si lit til han, og eg fekk hjelp.
          Hjartet jubla, med song vil eg prisa han.
        
   
 8 Herren er eit vern for sitt folk,
          ei tilflukt som bergar den han har salva.
        
   
 9 Frels ditt folk og velsigna din eigedom!
          Ver du deira hyrding
          og ber dei alltid!

 v.6: Representerer eit vendepunkt i salma. Klage blir vendt til lovsong. Mange salmer har eit slikt vendepunkt. Salmisten har bore fram bøna si, så får han svar, og responderer med å velsigna Herren. 

David velsignar Herren. Å velsigna betyr rett og slett å tala vel om, eller tala vel til nokon. Når me betrur Herren at me set pris på han, velsignar me han. Andre omsettingar har valt "lova vere Herren". Det er eitt og det same. Uttrykket som er brukt på hebraisk kan omsetjast på begge måtar. 

Han velsignar Herren fordi han er blitt bønhøyrt. Kontakten mellom han og Gud er gjenoppretta, og det er ein lovsong verd.  

v.7: er eit sterkt og fint personleg vitnemål. Det går att overalt i Salmane at Gud vernar folket sitt, og når dette går frå teori til erfaring, blir me glade, og me prisar Gud med song. 

I vers 7 utvidar David det som han har erfart til å vera ei sanning som gjeld for alle som trur. Han bergar den han har salva. I GT var det kongen, øvstepresten og profeten som var salva. I NT er alle truande salva av Den heilage ande. I 1.Korintarbrev 1, 21 les me "Men den som grunnfester både oss og dykk i Kristus, og som har salva oss, det er Gud", og i 1. Johannesbrev 2,20: "Men de er alle salva av Den heilage og kjenner sanninga." 

v.9 er ei fin bøn å be. Den frelsa det er snakk om her er utfriing av all type naud og fare. Det treng me å be om for kristne. Ofte er dei i ein utsett posisjon, som me har snakka om før. Når Herren velsignar vert det som er lite, stort. Brødunderet lærer oss alt om dette. Me treng at Herren velsignar orda og liva våre slik at det vert til mat for mange. 

Til slutt ber han om at Gud skal vera hyrding for folket sitt og bera det framover. Det er ei bøn om nærvær, leiing og det å gå framover i Guds kraft. Slik kan me be for kvarandre. 



 

 

Ingen kommentarer: