lørdag 14. juli 2012

Salme 26,1-5

   Gjev meg min rett, Herre!
          For eg har gått fram utan skuld.
          Eg set mi lit til Herren og vaklar ikkje.
     
   
 2 Prøv meg, Herre, gransk meg nøye,
          prøv hjarte og nyrer som med eld!
     
   
 3 For di miskunn har eg hatt for auge,
          eg har ferdast i di sanning.
     
   
 4 Eg set meg ikkje med løgnarar
          og går ikkje inn til falske folk.
     
   
 5 Eg hatar forsamlinga av valdsmenn
          og sit ikkje saman med lovlause.

Det er ein artig tekst me skal sjå på i dag, ein tekst som skapar hovudbry for oss evangeliske kristne som er oppdregne til å ikkje skryta av oss sjølve, men å slå oss for brystet og sei: "Gud, ver meg syndaren nådig."  Men David har ikkje den oppsedinga. Han levde før pietismen. Derimot fortel han Gud om alt han meiner er bra i livet hans og som bør telja til hans fordel. Er David vorte ein sjølvgod fariseisk hyklar? Vel, lat oss ikkje forhasta oss med ein slik konklusjon. Det ville neppe vore naturleg for oss å uttrykka oss slik som han gjer, ikkje nødvendigvis fordi me er så mykje meir audmjuke og sanne enn David, men fordi me er styrt av  jantelova som forbyr oss å anerkjenna noko som helst hos oss sjølve, og som klårt og greit nektar oss å framheva nokon dei gode eigenskapane som me meiner me måtte ha. På David si tid var ikkje jantelova oppfunnen. Då anerkjende dei gode sider hos seg sjølv, og dømte dei dårlege, medan me opplever oss syndige dersom me finn noko godt hos oss sjølve.

I vers 1 ber han om å "få sin rett". David er tydlegvis blitt anklaga for noko som han visste at han ikkje hadde gjort, og han ber difor om at uskulda hans må koma for ein dag, at retten skal sigra. 


Han forventar å bli bønhøyrt fordi han har ei fast tru, og den som ber med tru, skal få. Det er regelen når ein har med Gud å gjera.


I vers 2 innviterer David Gud til å granska han på innsida. Det er ei vågal bøn, men David ber om dette i visse om at Gud berre vil finna reine og gode motiv der inne i sjelsdjupet. Han elskar Gud og er ikkje gudfryktig på utsida, men på innsida. Difor er han sikker på at han vil tola ei skikkeleg eldprøve, dvs. han var viljug til å ta den smerten som ein slik test måtte medføra. Det er jo litt beundringsverdig det, då.


v.3: David har Guds miskunn for auga. King James brukar "lovingkindness" her, og det synest eg er eit vakkert ord. For den som trur er Guds kjærlege og snille vesen det viktigaste i livet, og det er det slike menneske fokuserer og tenkjer på dagen lang. Det skaper mykje godt i folk å tenkja slik på Gud. 

Å ferdast i Guds sanning betyr å leva i harmoni med hans ord i Bibelen. For David betydde det å leva i harmoni med dei 5 Mosebøkene, for det var den einste delen av Bibelen som var skriven på hans tid.


v.4 talar nærast for seg sjølv. David veit at "lågt lag øyder gode seder." Salme 1,1 kling med her. Den seier at dersom du vel å vanka i feil miljø, kan du koma bort frå Gud og missa den lukka berre han kan gje oss. Det som i den norske Bibelen er omsett med "løgnarar", er i King James omsett med "forgjengelege avgudsdyrkarar," og på tysk "gudlause" eller "uhelbredelege" folk, menneske som er komne så langt i sitt opprør mot Gud at dei ikkje har nokon veg tilbake.

v.5: Det er mange valdsmenn i verda. Dei set djupe og vonde spor etter seg. I Noreg er det ikkje så vanskeleg å halda seg borte frå tungt kriminelle miljø. Men mange andre plassar er det annleis, særleg der det er knapt med ressursar og underskot på moralsk og åndeleg liv. Der veks slike miljø fram som paddehattar, og folk blir meir eller mindre tvinga til å gå med dei.  Det er svært skadeleg for sjela. David held seg unna. Seinare i livet fall det i hans lodd å tukta desse menneska. Det klarte han og vart ein mønsterkonge.

Lovlause menneske er ikkje folk som primært bryt lovene, men folk som ikkje godkjenner dei. Ein kristen kan koma til å bryta Guds lover, synda mot dei. Men då innrømmer dei syndene sine for Gud. Men dei lovlause har ein annan rettsoppfatning enn Gud, og dei får ikkje dårleg samvit om dei bryt lovene hans, og har dermed ingen grunn for å innrømma noko som helst. Til dømes: dersom du tenkjer det er rett å hemna seg, då gjer du det utan å få dårleg samvit. Dersom du meiner det er rett å ta abort, då gjer du det utan i etterkant å innrømma at du har gjort noko gale. Me kunne nemnt mange ting i denne samanhengen. 















Ingen kommentarer: