mandag 7. oktober 2013

Salme 37,12-17

12 ז Den urettferdige legg vonde planar mot den rettferdige
          og skjer tenner mot han.
         
   
13 Herren ler av han,
          for han ser at hans dag skal koma.
         
   
14 ח Dei lovlause dreg sverdet og spenner bogen.
          Dei vil fella den hjelpelause og fattige,
          slakta ned den som går på rett veg.
         
   
15 Sverdet skal råka deira eige hjarte,
          og bogane skal brytast sund.
         
   
16 ט Det vesle den rettferdige eig,
          er betre enn den store rikdomen til dei urettferdige.
         
   
17 For armane på dei urettferdige skal brytast,
          men Herren held oppe dei rettferdige.


v. 12: Grunnen til at dette skjer, må jo vera at "den rettferdige", den som går med Gud og hevdar  Guds ords autoritet,  gjer seg gjeldande  i samfunnet på ein måte som er uønska for den som ikkje går med Gud og fornektar Guds ords autoritet. Frimodige kristne vekker sterke reaksjonar i Guds fiendar som ergrar seg grøne og skjer tenner av irritasjon mot dei, og heilt automatisk legg dei planar om å stoppa dei på eit vis.

v.13: Herren berre ler av motstandarane sine. Dei er støv, men forstår det ikkje sjølv. Dagane deira blir få. Snart er det ute med dei. Å kjempa mot Gud er heilt fåfengt. Ein maur kan ikkje stoppa eit tog.

v.14 Likevel går dei lovlause til kamp mot den hjelpelause og fattige. Å vera "lovlaus" er, som eg vel har vore borti tidlegare, å forkasta og å  kjempa mot Guds lov. Det er interessant at "dei som går på rett veg" også vert beskrivne som "hjelpelause og fattige."  Korleis skal me forstå dette? Vel, i mange samfunn er det slik at det er umogeleg å bli rik utan å vera korrupt. Dei som lever rett, kan ikkje driva med snusk, og blir dermed mellom "dei fattige". Dernest er det slik i mange land at kristne ikkje har tilgang til dei mest lukerative yrkene. Dei vert haldne utanfor av religiøse grunnar. I Pakistan er dette svært tydeleg. Likeeins i India der dei kristne i hovudsak er å finna innafor dei kastelause, dei såkalla dalitane. Desse blir fattige fordi dei alltid er undertrykte av resten av befolkninga. 

v.15 repeterer ein kjent tanke frå tidlegare salmer: dei vonde vil bli råka av sin eigen vondskap. Utanfor samfunnet med Gud gjeld gjengjeldinga si lov.

v.16: Den rettferdige eig lite (jmf v.12), men det er betre å eiga lite og vera rettferdig, enn å eiga mykje og leva feil. Det må vel vera det som er poenget her, vil eg tru. Den som lever rett, har samfunn med Gud og er rik på framtid og håp,  men den som lever feil, er utan framtid og håp. 

v.17: Arm står her for kraft. Krafta til dei urettferdige skal brytast av Gud. Dei skal ikkje bli ståande med makta. Men dei rettferdige blir haldne oppe av Gud, og vil ha stor innflyting på samfunnsutviklinga.

 

 

Ingen kommentarer: