Viser innlegg med etiketten den rettferdige. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten den rettferdige. Vis alle innlegg

onsdag 9. oktober 2013

Salme 37,21-24

21 ל Den urettferdige låner og gjev ikkje att,
          den rettferdige er miskunnsam og gåvmild.
        
   
22 Dei Herren velsignar, skal arva landet,
          dei han forbannar, skal ryddast ut.
        
   
23 מ Herren gjer mannens steg faste
          og gleder seg over hans veg.
        
   
24 Om han fell, går han ikkje over ende,
          for Herren held hans hand.


v.21 Dette verset seier ikkje noko om låning, men om korleis den urettferdige skil seg frå den rettferdige. Den urettferdige prøver å suga til seg ting, medan den rettferdige gjev frå seg ting. Det å vera gåvmild er naturleg for den rettferdige, fordi han/ho kjenner Gud, har han inni seg, og Gud er alle gode gåvers gjevar. 

v.22 Herren velsignar dei rettferdige. Ingen blir fattige av å gje. Det har Gud garantert. Og i tillegg skal dei arva landet. Alt tilhøyrer Herren, og hans barn er arvingar til alt. I Romarbrevet 8 står det at dei som trur på Jesus er hans medarvingar, og kan med rette gjera krav på alt Jesus har krav på, og han har som skapar, frelsar og konge krav på alle menneske. 
Underforstått er det dei urettferdige som blir forbanna. Slike menneske har ikkje noko framtid. Dei blir rydda ut. Det er Guds dom over dei urettferdige.

v.23  "Mannen" som her er nemnt er den rettferdige. Den som held seg til Gud og hans bod, vil gå med faste steg mot dei mål som Gud har sett for han. Koplar me dette verset saman med misjonsbefalinga, ser me grunnen til at Herren gleder seg over ein slik mann. Han går der han skal, til dei fortapte med evangeliet. 

v.24 er nydeleg. For alle kristne fell. Men dei blir ikkje liggande. Herren held eit godt tak i dei og reiser dei opp att når dei snublar og går over ende. Det er betryggande kunnskap.


mandag 7. oktober 2013

Salme 37,12-17

12 ז Den urettferdige legg vonde planar mot den rettferdige
          og skjer tenner mot han.
         
   
13 Herren ler av han,
          for han ser at hans dag skal koma.
         
   
14 ח Dei lovlause dreg sverdet og spenner bogen.
          Dei vil fella den hjelpelause og fattige,
          slakta ned den som går på rett veg.
         
   
15 Sverdet skal råka deira eige hjarte,
          og bogane skal brytast sund.
         
   
16 ט Det vesle den rettferdige eig,
          er betre enn den store rikdomen til dei urettferdige.
         
   
17 For armane på dei urettferdige skal brytast,
          men Herren held oppe dei rettferdige.


v. 12: Grunnen til at dette skjer, må jo vera at "den rettferdige", den som går med Gud og hevdar  Guds ords autoritet,  gjer seg gjeldande  i samfunnet på ein måte som er uønska for den som ikkje går med Gud og fornektar Guds ords autoritet. Frimodige kristne vekker sterke reaksjonar i Guds fiendar som ergrar seg grøne og skjer tenner av irritasjon mot dei, og heilt automatisk legg dei planar om å stoppa dei på eit vis.

v.13: Herren berre ler av motstandarane sine. Dei er støv, men forstår det ikkje sjølv. Dagane deira blir få. Snart er det ute med dei. Å kjempa mot Gud er heilt fåfengt. Ein maur kan ikkje stoppa eit tog.

v.14 Likevel går dei lovlause til kamp mot den hjelpelause og fattige. Å vera "lovlaus" er, som eg vel har vore borti tidlegare, å forkasta og å  kjempa mot Guds lov. Det er interessant at "dei som går på rett veg" også vert beskrivne som "hjelpelause og fattige."  Korleis skal me forstå dette? Vel, i mange samfunn er det slik at det er umogeleg å bli rik utan å vera korrupt. Dei som lever rett, kan ikkje driva med snusk, og blir dermed mellom "dei fattige". Dernest er det slik i mange land at kristne ikkje har tilgang til dei mest lukerative yrkene. Dei vert haldne utanfor av religiøse grunnar. I Pakistan er dette svært tydeleg. Likeeins i India der dei kristne i hovudsak er å finna innafor dei kastelause, dei såkalla dalitane. Desse blir fattige fordi dei alltid er undertrykte av resten av befolkninga. 

v.15 repeterer ein kjent tanke frå tidlegare salmer: dei vonde vil bli råka av sin eigen vondskap. Utanfor samfunnet med Gud gjeld gjengjeldinga si lov.

v.16: Den rettferdige eig lite (jmf v.12), men det er betre å eiga lite og vera rettferdig, enn å eiga mykje og leva feil. Det må vel vera det som er poenget her, vil eg tru. Den som lever rett, har samfunn med Gud og er rik på framtid og håp,  men den som lever feil, er utan framtid og håp. 

v.17: Arm står her for kraft. Krafta til dei urettferdige skal brytast av Gud. Dei skal ikkje bli ståande med makta. Men dei rettferdige blir haldne oppe av Gud, og vil ha stor innflyting på samfunnsutviklinga.