fredag 4. oktober 2013

Salme 37,7-11

 7 ד Ver still for Herren og vent på han!
          Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,
          den som set i verk vonde planar!
        
   
 8 ה Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!
          Bli ikkje arg, det fører til det vonde.
        
   
 9 For valdsmenn skal ryddast ut,
          men dei som ventar på Herren, skal arva landet.
        
   
10 ו Om ei lita stund er den lovlause borte.
          Ser du etter han der han var, er han ikkje der.
        
   
11 Men dei hjelpelause skal arva landet
          og gleda seg over varig fred.


Vers 7: Å venta på at noko godt skal skje, er ikkje lett. Me vil helst ha ting løyst her og no. Men Gud har betre tid. Han let oss gjerne stå i problema våre ei stund, og så utfordrar han oss til å venta. Å venta på Gud er eit aspekt ved det å tru på han. Det kan vera veldig utfordrande. Men når tida er inne, skjer det under, og Gud får stor ære. 

Dei vonde menneska, dei som ikkje reknar med Gud, men som mel si eiga kake på bekostning av andre, ventar aldri på noko som helst. Dei tek saka i eigne hender og "ordnar opp" på sitt vis utan å skjegla korkje til høgre eller venstre.  Men dei har skaffa seg ein mektig motstandar i Gud, og til slutt går dei under. Den "lovlause", den som ikkje bryr seg om Guds ord og vilje, går under, dei vert ikkje meir å sjå (vers 10)

Difor skal ikkje nokon bli sinte på gudlause som har suksess, men heller tykkja synd i dei. Blir me sinte og tillet oss å dyrka sinnet, blir me fort vonde, og då går me på same vegen som dei me kritiserer, og endar opp på same trasige plassen som dei (vers 8).

"Valdsmannen skal ryddast ut," les me. Det er godt å vita i våre dagar då valden flamma opp over alt, ikkje minst gjennom oppblomstringa av islamistiske rørsler og mafiagrupper. Desse skal ikkje sigra. Dei utfordrar Gud, og det er nederlagets veg. 

Det er dei som ventar på Herren som skal sigra og arva landet. "Landet" er menneska som bur i landet. Det er dei me skal arva. Dei er røva av djevelen, men tilhøyrer oss, og dersom me ventar på at Gud skal gripa inn og senda oss vekking, vil me erfara at så skjer.  Det at me ventar på Gud, er den trua som løyser ut hans aksjon. 

Utan Han kan me ingenting gjera. Me er hjelpelause i oss sjølve, kan ikkje skapa vekking eller noko av varig åndeleg verdi. Men Gud kan, og han gjer det når me erkjenner hjelpeløysa og koplar oss til han som har den rette hjelp å gje. 

Ein dag skal me gleda oss over "varig fred". Det skjer når Jesus kjem attende. Det ventar me også på. Når kjem han? Når evangeliet er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag. 

Det å venta på Herren er difor ikkje ein passiv sak. Me ventar AKTIVT på Jesus ved at me gjer alt me kan for å bringa hans nåde og kjærleik ut til alle avkrokar og verdshjørner.

Ingen kommentarer: