mandag 23. mars 2020

Salme 82

Aldri i mitt liv har eg høyrt nokon tala over denne salma. Men det kan forresten seiast om dei fleste skriftavsnitta i Bibelen. Men det er jo både dumt og sørgeleg, for alt Guds ord må jo opp på talarstolen dersom me skal tenkja sant og sunt og kunne tru og leva deretter. 

vers 1. Samfunnet sine store leiarar blir her kalla gudar. Det betyr ikkje noko anna enn at dei har stor makt. 
Men det dei som regel ikkje tenkjer på er at dei har denne makta si frå Gud, og at Gud stiller dei til ansvar for korleis dei utøver denne makta.  Men så opplever dei at Gud ein dag står fram mellom dei og held dom. Det betyr ikkje noko anna enn at ein modig profet eller forkynnar av Guds ord modig står fram og forkynner for dei korleis Gud vurderer det dei held på med. Å forkynna Guds dom er å forkynna Guds ord, korkje meir eller mindre. 
Det er vår plikt som kristne å forkynna Guds dom. Det er ikkje vår plikt eller rett å døma, det står til Gud, men det er vår plikt å framføra Guds vurderingar av korleis eit leiarskap vert utøvd.

Og kva er det profeten har sett?
Han har sett at samfunnsleiarane tilgode ser dei rike og mektige på bekostning av dei fattige og svake. 

Verda er full av korrupte leiarar og korrupte samfunn. Men det er få kristne forkynnarar som påtalar dette her. Dei held seg unna gudane. 

Men han som skreiv Salme 82 må ha hatt masse mot. Han gjekk rett til "gudane"og spurde på Herrens vegner kor lengde dei ville dømma urett og halda med dei skuldige, underforstått dei rike. 

Det er verd å merka seg også i dag at dei rike utøver langt større brotsverk enn dei fattige, men dei fattige vert langt oftare fengsla og straffa. 

Og no kjem me til eit viktig punkt: Styresmaktene i eit samfunn har eit primært guddommeleg kall å passa på at dei fattige, svake og underprivilegerte blir tatt godt vare på, at det finst lover som sikrar desse sine rettar, og Gud forventar at samfunnsleiarane ser til at dei har vern i lova og at dei får naudsynt rettshjelp når dei treng det.  Og det gjeld ikkje berre dei som er nemnt i denne salma, men også flyktningar og innvandrarar. Gud aksepterer rett og slett ikkje at me gjer livet surt for dei, og me kan vel utan å overdriva det minste at desse folka har fått det stadig surare i Noreg dei siste åra, og politikarane våre har per i dag ein politikk som går i retning av å sveltefora dei ut av landet. 

Men her må me som elskar Gud og hans ord berre stilla opp og fortelja våre overordna at Gud ikkje akseptera det som no skjer, han aksepterer ikkje at dei innvandrarane som er her skal leva under tronge og fattigslege kår, at dei ikkje får jobba for å kunna brødfø seg, han aksepterer ikkje at familiar vert splitta slik me ser så ofte no, Gud er ein familiegud, han aksepterer heller ikkje at det er så strenge krav til familiegjenforeining at det i praksis blir heilt umogeleg for nokon å sjå sine kjære att i dette livet utan å reisa attende til heimlandet og utsetja seg for stor, stor fare. Gud aksepterer ikkje at me er harde med desse menneska, og så får me seia som sant er: Ingen leiarar er så store at dei bør tulla med Gud. 

Nokre leiarar får nemninga lovlause. Det er ikkje dei som ikkje klarar å leva opp til Guds lov, det klarar ingen av oss, men dei som ikkje bryr seg om kva Guds lov seier og med det avset Gud som Gud. Knapt nokon vil bli dømt så strengt som desse. 

Eg har gjennom åra blitt kjent med mange innvandrarar, og har slost for dei etter evne. Det som skjer med desse folka i møte med overmakta er at grunnvollen vert borte under beina på dei, og dei blir kjemperedde. Det er eit mirakel ofte at dei ikkje mister forstanden sin. Dei veit ingenting, forstår ingenting og vandra i mørker. Ingen menneske på jord skal ha det slik. Det er det vår oppgåve å fortelja styresmaktene, dei som har påteke seg guderollen. 

Dei styrande har fått ein høg status, og eit stort ansvar. Men dei er berre menneske dei også, og dei skal døy. 

Og i Hebrearbrevet les me: Det er eit menneske sin lodd ein gong å døy for så å bli dømt. Dømt av Gud. Ingen kan lura seg unna dette oppgjeret, for "alle folka er Guds eigedom." 

Underlege scenar vil utspilla seg når Gud dømer, og strengast vert domen over dei som har hatt alle dei privilegier me kan tenkja oss at eit menneske kan ha i livet, og som så har vore med å ta alle privilegier frå andre som heilt frå starten av har vore dårlegare stilt enn dei. 

Når me ser urett utfalda seg, så la oss be med Asaf: "Reis deg Gud og hald dom over jorda, for alle folka er din eigedom."
          
   
 

Ingen kommentarer: