tirsdag 17. mars 2020

Salme 81:1-7

 Denne salma er også skriven av Asaf som var korleiar i Davids tabernakel. Der var det lovsong 24/7, 1200 songarar jobba døgnet på tamp, 300 på kvart skift. I tillegg kom lovsongsbandet med pauker, harper og blåsarar. Dette var himmel på jord. Det forstår me ut frå dei små glimta som Bibelen gjev oss av himmelen. 

Har du nokon gong tenkt over kvifor Gud skapte deg? Kvifor du eksisterer? Svaret er enkelt: For at du skal lova, prisa og æra han som skapte himmel og jord, universet med sine myriadar av galaksar, soler og planetar, jorda med sine tusen på tusen av ulike artar og variantar av levande vesen. Gud er så stor, mektig, god og vakker at hadde me sett han, ville me ha dånt. DENNE Gud er det som yndar å kalla oss sine barn, og som for Jesu skuld dag for dag tilgjev oss all vår skuld, og den er stor. 

Difor er det god meining i å bryta ut i jubel for Gud, vår styrke, og ropa av glede for han, slik me les i vers 2. Å lova og æra Gud er noko som me kan bestemma oss for å gjera. Du treng ikkje vera inspirert eller motivert. Nei, du gjer det fordi det er rett, fordi Gud fortener det og fordi det sømer seg, og ikkje minst: fordi du er skapt til det, det er din eigenart, og hadde ikkje synda påverka deg, ville du har gjort det heile tida heilt automatisk, for då hadde det ikkje vore noko sjukt i deg, og du hadde gått rett i din hensikt, slik som ein hest automatisk begynner å beita på ei frodig eng når han vert sleppt ut på henne.  

Men no må me ofte bestemma oss. Slik er det med oss no. Men når me tek tak og bryt ut i jubel, då merkar me det: Gud, vår Far, er på vår side og han er vår absolutte styrke. 

Kva er styrken til eit lite barn? Foreldrene, ikkje sant? Dei er barnets absolutte styrke. Og no forstår du kva eg meinar med dette her.

I vers 3 ser at me at lovsongen ikkje berre er ein sak for den enkelte av oss. Nei, me lovar og prisar Gud i fellesskap.  Gud elskar fellesskapet, han elskar familien sin, kyrkja si, og han elskar at me elskar kvarandre, og han gjev oss fagra songar som me kan synga til han saman. Og når sant skal seiast: DET er den primære hensikten med kyrkjelyden, å gje Gud ære i fellesskap med ord og tonar frå himmelen. 

Paulus skriv i Efesarbrevet 1 at me er frelst for å vera til lov og pris for han. Misjonsoppdraget er svært avgrensa og kortvarig. Det er Herrens medisin mot synda og djevelen sine herjingar i menneskeslekta, og varer til Jesus kjem att, og så er det slutt, men lovsongen, den varer i all æva. 

Så blir bandet med handtromme, lyre og harpe kopla inn. Gud elskar ein rikdom av musikkuttrykk, og han vil gjerne at kyrkjelydane skal ha eit stort og fyldig band. Jo meir av det gode på dette området, jo betre. Og så blir me så inderleg glade når me held på med dette, ja, me blir bedne om å ropa av glede. 

Ut frå vers 4 ser det ut som om horn er blitt brukt to dagar i månaden, ved nymåne og fullmåne, som begge var dagar for feiring av Gud som har ordna alt så vel for oss, også tidsrekninga. 

I vers 5-6 ser me at det å lova Gud var ei forskrift gjeven av Gud sjølv. Med tanke på det, er det underleg at mange kristne i dag opplever det å lovsynga  Gud som ein framand og fjern ting. Det lærer oss at mange kristne lever langt frå Gud, for jo nærare du kjem Gud, jo meir blir du grepen av den atmosfære av glede, lukke  og song som er rundt han. Er du ein lovlydig kristen, så lovar og ærar du Gud dagen lang. 

Og i dag blir Gud heidra på 3500 språk verda over. Ikkje rart Asaf i si profetiske ånd høyrde språk han ikkje kjende. 
         
Vers 7 handlar om Israel som vart fridd ut frå slaveriet i Egypt. Det må ha vore enormt for dei. Ikkje berre at dei fekk fridomen sin, men dei vart også organisert som ein nasjon. 
Slik er det med oss i dag også. Jesus Kristus har fridd oss ut frå djevelens makt og frå slaveriet under synda. Me treng ikkje lenger bera på syndene våre, for dei har Jesus teke bort, og me treng heller ikkje bera korga, dvs oppfylla lova, for den har Jesus oppfylt på våre vegne. 
   

Ingen kommentarer: