fredag 6. mars 2020

Salme 80,1-3

v.2. Asaf startar med å be Herren om å lytta. Ikkje berre registrera at han ber, men lytta på den måten at han faktisk gjer det Asaf ber han om å gjera.

Det er fint å starta bøna med å be Herren om å lytta. Og så er det viktig å vita at Herren lyttar til dei som lyttar til han. Dette går begge vegar.

Asaf ber om at  Herren som er  er Israels gjetar, og som tronar over kjerubane, skal stå stråla fram. Han ber om at Gud skal openberra herlegdomen sin, og kasta sitt lys utover menneska. Då vert det vekking og åndeleg liv i nasjonane.

I Johannes 10 les me om at Jesus er "den gode gjetaren", altså den Gud som talar, og er omtala i GT.
"Josef" er eit uttrykk for Israels folk. Her er ein parallellisme. Herren er Israels gjetar, og han fører Josef.  Jesus seier om seg sjølv i Johannes 7 at han er  verdas lys. Guds herlegdom vert openberra gjennom Jesus og av Jesus.

Herren fører Israelsfolket kollektivt. Slik vil han også føra og leia kyrkja kollektivt. Me er veldig opptekne av at Gud skal leia oss som individ. Dette er ikkje fråverande i Bibelen. Men enno meir vanleg er det at Gud leier folket sitt kollektivt gjennom dei han har kalla til å vera leiarar for kyrkja si.

Kjerubar er veldige englar som står Herren nært og som vernar pakta. Herren tronar på dei. Dei mektigaste englane er underordna Gud. Det er ingen grunn for noko menneske å tru at me ikkje er underordna Gud, for DET er me, alle som ein.

v.3 er eit underleg vers. Asaf ber Herren om å vekka si kraft for Efraim, Benjamin og Manasse, som her må representera alle dei 12 stammene, og koma dei til hjelp.

Asaf ber her om at Gud skal setja inn si kraft i den håplause situasjonen som folket er i. Når me skal flytta på steinar som veg mange tonn, er det ikkje nok med menneskekraft, me må ha hydrauliske krefter og store maskinar for å få jobben gjort. Slik var det for Israel i den gamle pakts tid, og slik er det enno meir for oss som lever i den nye pakts tid. Oppdraget er så stort at me er hjelpelause utan Andens kraft, og denne krafta kom til kyrkja på pinsedagen og er tilgjengeleg for oss no som då. Men det er Herren som styrer denne krafta, ikkje me. Me må be: Herre, set inn krafta di slik at dei store og gode tinga skjer, og slik at me ikkje slit oss ut på ting som me ikkje rår med.

v.4 er eit omkvede i denne salma. Asaf ber om at folket må bli ført attende. Og me må spørja: Ført attende til kva? Til Herren sjølv. Denne salma er skriven før eksilet, så her er det ikkje snakk om å bli ført attende til landet, men til Gud. Folket i den gamle pakt hadde minst like lett som me har det å rota seg bort frå Gud. Støtt og stadig var dei på avvegar. Heile GT vitnar om det. Og Asaf ber om at Gud skal føra dei attende til seg, og lat andletet sitt lysa over dei, eit uttrykk som er henta frå Den aronittiske velsigninga i 4.Mosebok 6, og som betyr godkjenning og fellesskap. Når Herren godkjenner oss og tek oss inn i sitt fellesskap, då er me frelste. Slik er det for oss i dag, og slik var det for Israels barn på den tida også.

Og enno ein gong er det eit kollektivt perspektiv. Det er snakk om "oss", ikkje meg. Asaf hadde truleg hadde vore frelst heile tida, og det er veldig interessant at han i sine bøner identifiserer seg med resten av gjengen. Me finn det same att hos Daniels bok kap 9. Det var noko Jesusaktig med desse folka.


Ingen kommentarer: