lørdag 14. mars 2020

Salme 80:9-12

Israel blir her samanlikna med ein vinstokk som Herren tok med opp frå Egypt og planta i Kanaans land. 
Dette er eit interessant bilete. Jesus seier om seg sjølv til disiplane sine: "Eg er det sanne vintreet, de er greinene." 
Dette er viktig å forstå: Det sanne Israel i dag er alle som trur på Jesus og som er innplanta i han, og som lever i samfunn med han. 

Gud rydda plass for Israel slik at folket slo rot i Kanaans land. At han rydda plass betyr at han dreiv ut dei folkeslaga som var der frå før. Ikkje tilfeldig, fordrivinga var ein dom over desse folka fordi dei hadde fylt sine synders mål. Og då kan me spørja: Kva synder låg dei under for? Det er særleg èi synd som her må nemnast: Dei ofra små barn til guden Molok. Det verkar som om drap av små barn diskvalifiserer eit folk og tek framtida frå det. Og dette er meir enn ein tankekross for oss i dag som har ei abortlov som tillet ofring av 14000 ufødde babyar kvart einaste år. I dette har me med Gud å gjera. 

Gud er ein gud som ryddar plass for folket sitt, og i dag ryddar han plass for si kristne kyrkje i alle land og nasjonar. Det skjer ikkje ved geografisk fordriving, men ved at kyrkja reiser ut og kallar folk i alle nasjonar til omvending, tru og fellesskap. Slik veks Guds rike fram i verda, kyrkja slår rot i stadig fleire folkeslag, og alle andre gudar må vika for Jesus Kristus, han som Bibelen kallar Herren over herrane, og Kongen over kongane på jorda. 

Særleg vil eg her løfta fram Hmongfolket i Vietnam. På midten av 1980-talet var det ingen av dei som kjende Jesus, og dei stod utanfor Guds rike. I dag er over 300 000 av dei truande kristne, og det er blitt planta 5000 kyrkjer mellom dei på litt over 30 år. Hmongane som kjem til tru, snur seg straks bort frå fedredyrking og buddhisme, og blir heilhjarta disiplar av Jesus, og alle vitnar dei om han, dei skriv av og studerer Guds ord, og alle er involvert i kyrkjeplanting. 

Kristne aukar i tal over heile verda, kvar dag kan me rekna med at rundt 100 000 nye menneske kjem til tru, dei fleste i Afrika og Kina. Den eine vinstokken som ein gong vart planta i Kanaans land, har blitt til ein enorm vingard som i dag er å finna i alle land. 

Og den opprinneleg vinstokken lever. Evangeliet om Jesus blir trudd av stadig fleire jødar i Israel, og organisajonen "One for Israel" melder om 30 000 Jesustruande jødar i jødane sitt heimland, og talet veks frå dag til dag, ikkje minst gjennom media. Videoane "One for Israel" legg ut på YouTube har hatt ein eventyrleg effekt, mange ser og lyttar og oppdagar at Jesus Kristus er deira eigen Messias, at det som Pilatus skreiv på ein plakat over krossen er sant: "Jesus frå Nasaret, kongen over jødane."  Igjen strekker grinene frå vinrankane seg utover mot havet, og renninga mot Storelva, dvs. Eufrat. 

          

          
   

Ingen kommentarer: