onsdag 18. mars 2020

Salme 81:8

Israelsfolket ropa til Gud då dei var i trengsle. Verset syner nok til tida i Egypt då dei var farao sine slavar. Då ropa dei til Gud, og Gud sende ein utfriar til dei, Moses, som førte dei ut av Egypt og forma ein nasjon av dei, den første frie nasjon i historia, den første nasjon som var etablert på lov og rett og ikkje på rå makt. 

Det er gjerne slik med oss menneske. Så lenge alt går med, trur me at me har oss sjølve å takka for medgangen. Men det skal  lite til før me forstår at me er sårbare og skjøre, og då er det mange som begynner å tenkja på Gud og ropa til han om hjelp, og Gud er god. Folk som aldri har brydd seg om han før, får akkurat den hjelp dei treng når dei ropar til han i desperasjon, dei blir fridd ut. Men kanskje ikkje straks. Israel var 400 år i Egypt før utfriinga kom, og dei sukka fælt under dei påkjenningane farao utsette dei for. 

Men då tida var inne, dukka Moses opp i liva deira, og dei valde å følgja han, og vart fridd ut frå fangenskapen med store under og teikn. 

Når Jesus Kristus dukkar opp i livet ditt, må du velja å følgja han. Han er den einaste som kan fri deg ut frå Guds dom over dine synder, og frå slaveriet under djevelens makt og herredøme.

På Sinai fekk Israel den lova som skulle konstituera dei som ein nasjon, og som dei skulle leva etter. Det var ei skremande erfaring. Det skjedde med lyn og torden, og skrekken tok dei. Det var ei prøvingstid. Då også ropa dei til Gud, trengde på han, og fekk hjelp. 

Ved Meriba var prøvinga ei anna. Dei var tørste og mangla vatn. Ville dei stola på Gud i ei slik tid? Dei gjorde ikkje det. I staden for å søka Gud, gjekk dei til Moses og kravde at han skulle løysa problemet for dei. Og Gud hjalp han. Det strøymde vatn ut frå fjellet då han slo på det med staven sin. Men folket strauk til eksamen. Det står at dei sette Herren på prøve, og når me set Herren på prøve, har me ikkje bestått vår eigen. 

Kva betyr det at Gud prøver oss? Han utset oss for påkjenningar for å avsløra kor me er svake slik at han kan styrka det. Gud prøver oss aldri i vond hensikt, men berre i god hensikt. Det skal du vita du som akkurat no opplever at det begynnar å bli nok, og som lurer på om du kan takla stort meir. Herren er hos deg i prøvinga, han vaker over deg, styrker deg og let deg ikkje få meir enn du skal klara det, sjølv om det ikkje følest slik. 

Freisting og prøving er to heilt ulike ting. Freistinga kjem frå djevelen medan prøvinga kjem frå Gud. Freistingar opplevest forlokkande, men har det med seg at ho fører oss alltid bort frå Gud. Når djevelen freistar, spelar han på at det er bra for oss å vera uavhengige av Gud, vera autonome, som det så fint heiter og gjera våre eigne vurderingar av kva som er rett og galt, medan han i røynda forfører oss til å tenkja som han om saker og ting. Prøvingar derimot opplevest skremmande og farlege, men fører oss alltid nærare Gud, rett og slett fordi me kjenner oss hjelpelause og avhengige av hans hjelp.

Vel, ikkje alltid. Her må eg innrømma at ei prøving kan også bli ei freisting, ei freisting til å gje opp Gud, hans truskap og omsorg. Vanskane dine tårnar seg så høgt opp, over så lang tid, at du begynner å mistru Gud, om han finst eller om han bryr seg. Det var nok dette som skjedde i Meriba med Israelsfolket. 

Korleis kan du så overvinna ei slik freisting? Ved å takka og lova Gud så ofte du kan uansett omstendighet, uansett om han svarer på bøn eller ikkje, takka han for at han er den han seier han er, takka han for at du eksisterer, at han elskar deg så enormt høgt at han gav deg Sonen sin, at Jesus betalte for alle dine synder på krossen, at han stod opp frå dei døde og lever i dag, at han er hos deg og lever i deg og saman med deg. Og dette skal du ikkje gjera berre fordi det er bra for deg, men fordi det er rett. Det er ei lov i Jakob dette, som me las.   

Så ikkje fortvil om livet ditt er vanskeleg. Det er ein prøve som Gud gjev deg for å frelsa sjela di, og føra deg trygt fram mot målet han har sett for deg, eit mål du berre kan nå ved at du kjenner deg hjelpelaust avhengig av Gud, for å vera kristen handlar om å leva i tru, og å tru er å vera avhengig.   

Og så ein dag, i Guds time er prøvetida slutt, og då er du transformert, då liknar du langt meir på Jesus enn før dei heile starta. Så opp med motet. Dette skal bli bra. 

          
   

Ingen kommentarer: