mandag 19. juli 2021

Salme 94,1-11

v.1-2. Det første me lærer om Gud her er at han er "hemnens Gud"! Kristne i våre dagar slit med å få dette til å høva med bilete av ein Gud som ein som frelser, tilgjev og syner miskunn, og som krev av oss at me skal tilgje skuldnarane våre og elska fiendane våre. 

Men Gud er Gud, og han har andre fullmakter enn det me menneske har, og han er ein gud som har rett til å stilla folk til ansvar og hemna urett, vondskap og skadeverk. Hemn er dom. Dom handlar altså om at den som utøver skade på andre må betala tilbake anten ved å bøta skaden, eller ved sjølv å bli påført skade. Dette er Guds embete, ikkje vårt, og han utøver embetet gjennom domstolane som har ei delegert domsmakt. Men den endelege domen over menneskeætta kjem han til å fella sjølv ved enden av tida, og salmisten ber om at det skal skje, at han skal dømma jorda og gje dei hovmodige det dei fortener. Hovmodige menneske er dei som hevar seg over Gud og kvarmann, og som ikkje vil bøya seg korkje for den eine eller den andre. Slike får ingen nåde hos Gud, det gjer berre dei audmjuke. 

v.3-7 skildrar kraftfulle, vondskapsfulle og sjølvsikre ateistar som forfølgjer kristne, og  herjar med sårbare menneske som enkjer og farlause, og som er sikre på at dei aldri må stå til ansvar for det dei gjer. 

v.8-11. Men der tek dei inderleg feil. Salmisten kallar dei dårar. Ein dåre er ein innbilsk person som ignorerer Gud, og det er med respekt å melda det dummaste eit menneske kan gjera, det er dårskap. Skulle han som har planta øyret og forma auget ikkje høyra og sjå? Skulle han som tuktar folka og som er opphavet til all kunnskap ikkje kunna refsa? Sanninga er: Herren ikkje berre høyrer og ser, men han er ein tankelesar av rang, han kjenner menneska sine tankar, og han veit at dei er tomme. Vers 11 stikk djupt, og kan brukast som ei overskrift over alt som heiter menneskeskapte religionar og ideologiar, alle tankar folk gjer seg om korleis verda er skrudd saman, korleis alt fungerer, korleis alt starta, kva som er rett og galt og kva som er meininga med livet. ALT menneske tenkjer ut om dette er tomt og innhaldslaust. Det manglar substans og sanning. Dette er også omtalt av Paulus i 1.Korintarbrev 1 der apostelen skriv at Gud gjennom forkynninga av evangeliet, og ved å frelsa dei som står lågt i samfunnet menneskeleg tala,  har synt at visdomen til dei vise her i verda er den reine dårskapen som ikkje har kraft til å løfta ei sjel opp av syndas pøl. Tvert om. 

Ingen kommentarer: