onsdag 7. juli 2021

Salme 91,9-16

v.9 repeterer for så vidt vers 1.

v. 10 er ein kraftig lovnad om Herrens vern som alle kristne kan halda fram for han i tider då det er skummelt. 

             
v.11-12 lærer oss om kva funksjon englane har i liva våre. Dei er under Guds kommando, og har som oppgåve å verna oss på alle våre vegar. Uansett kor me er, er Guds englar med oss. Dei ber oss på hendene slik at me ikkje snublar i hindringane som djevelen og hans englar kvar dag er travelt oppteken med å setja opp for oss.  

v. 13 lærer oss at Gud har plassert oss over dei vonde maktene slik at me kan trakka på dei overvinna dei når dei set inn på oss, eller når me set inn på dei. Minnar oss om Jesu ord i Lukas 10,18-19: "Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trakka på ormar og skorpionar og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk."

v.14 set opp eit vilkår for berging: me må halda oss til Gud, han som vernar dei som kjenner hans namn. Å kjenna Gud og Guds Son er det evige livet, seier Jesus i Johannes 17,3. Og det greske ordet for å kjenna, ginosko, betyr å kjenna slik som ektefeller kjenner kvarandre. Det er svært personleg.         

v.15-16  Det me har lese så langt i denne salma tyder ikkje at kristne blir skjerma for vanskar. Nei, les me her i vers 15, vanskar kjem på, men Herren er for det første med oss, han svarar oss når me ber, og til slutt frir han oss ut frå alt dette som skremmer oss. Og han går lenger enn å fria oss ut: Han gjev oss ære. Det er meir enn me kan fatta. Men det synest å vera ei lov: Gud ærar dei som ærar han.  
Korleis gjev han sine folk ære: Ved å metta dei med eit langt liv. Og det er ein lovnad me kan halda opp for Gud om me kjem i ein livstrugande situasjon. Men eit langt liv kan også tyda eit evig liv, eit evig liv i himmelen der me ser Jesus, han som er vår frelse.  
Men å sjå Guds frelse kan også å skjøna i djupet av sitt hjarta at det som Jesus gjorde for oss på krossen var nok til å frelsa meg og alle menneske, at han ved å døy for syndene mine, stå opp til mi rettferd og ved tru og dåp flytta inn i mitt liv, har gjort meg rein og rettferdig, himmelen verdig.  

          
   

Ingen kommentarer: