søndag 18. juli 2021

Salme 93

v.1. Salme 93 er ei Herre-kongesalme. Her kjem universalismen klårt til uttrykk, Gud er den suverene kongen over heile jorda, ingen over, ingen ved sida, ingen ein gong i nærleiken i stordom og makt, og alle makter og herredøme, alle folkegrupper og enkeltpersonar står under Han, og er ansvarlege innfor han i eitt og alt. I sin stordom befestar Herren jorda slik at ho stor fast og ikkje kan rokkast. 

v.2. Guds truna står fast til evig tid. Ingenting av det som er skapt står fast til evig tid, berre Gud og dei menneska som har kopla seg til han og som av den grunn tilhøyrer han. 

v.3. Elvane står her som representantar for heile skaparverket, dei som med sitt livgjevande vatn har halde menneska i live gjennom tusenvis av år, og som har skapt mektige kulturar som den egyptiske, den babylonske, den kinesiske og induskulturen i dagens Pakistan. Desse elvane forkynner at Skaparen står over alt det skapte, og det er Han som skal ærast, ikkje skaparverket. 

v.4. Og Gud er ikkje berre til å beundra, han er ikkje berre til å hylla og anerkjenna, han er til å stola på. Det han har sagt er sant, og lovboda hans er pålitelege. Det går rett og slett bra for dei som held desse boda, og tilsvarande dårleg for dei som bryt dei. 

Å halda Herrens bod er ikkje lett i ei verd der det finst sterke krefter som bil motarbeida dei, snakka dei ned og gjera dei til latter. Difor treng alle som vil leva rett den kristne fellesskapen, kyrkjelyden, Herrens eige hus i verda. Saman står me så mykje sterkare enn kvar for oss. 

Kyrkja skal aldri opphøyra å eksistera fordi ho tilhøyrer Gud. Ho skal stå gjennom alle tider, og alle menneske må skunda seg å bli ein del av det som gjennom åra har vakse seg til verdas største internasjonale rørsle.  

Ingen kommentarer: