tirsdag 6. juli 2021

Salme 91,1-8

 Vers 1-2. Kven er det som finn skjul hos Den Høgste, og ly i skuggen frå Den Veldige? Det er den som har trur på Herren Jesus, enkelt og greitt. Han er vår faste borg som med sin eigen kropp dekker oss mot Guds vreide, og mot alt og alle som vil gå laus på oss. 

v.3. Fuglefangaren er djevelen. Han legg ut sine snarer for å fanga oss. Men Herren veit kor dei er, og fører oss utanom dei. Men har me trossa hans ord, og likevel hamna i ei av djevelens snarer, set han i gong ein mektig redningsaksjon og frir oss frå dei. Ære til Jesus!

v.4. For nokre år sidan stod det ei vipe på plenen vår og passa på to av ungane sine som gjekk og leita etter makk. Då kom det eit ufyseleg regnvær, og vipemor løfta vengjene sine, og dei to små kom bort og pressa seg godt inn under mora sine vengjer der det var varmt og tørt. Mora tok av for været. Det er mykje lærdom i dette. Me er Guds barn, og han gjev oss fridom til å bevega oss rundt omkring. Men ikkje ver for sein med å søkja vern hos Gud i bøn når uværet bryt laust. Det er alltid plass for deg under vengjene hans, og han er van med å ta støyten for dei han elskar. 

v.5-7.  Når me er hos Gud med liva våre, tek han bort frykten vår slik at me kan kjenna oss trygge både natt og dag. For eit privilegium. Jo visst er det ting å vera redd for, jo visst flyg vantrua sine piler gjennom lufta, jo visst spreier djevelens løgner seg som ein pest i samfunnet og mørklegg menneskehjarto, jo visst er det plagsamt å vera vitne til alt dette,  men det skremmer oss ikkje fordi me lener oss mot Gud og høyrer hjarteslaga hans, og ingenting kan få oss til å forlata han. Hans kjærleik og hans gode ord er vår største rikdom, og djevelen vil aldri få makt over oss så lenge me held oss til Han. 

v.8 Djevelen kan forresten ikkje på eiga hand gjennomføra åtaka sine. Han må alliera seg med mennesker som har lytta til hans bedrageriske ord. Difor verkar det på oss som om åtaka kjem frå mennesker, men i røynda er det ikkje ein kamp mot kjøt og blod, skriv Paulus i Efesarbrevet 6, men mot makter og autoritetar, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Men sjølv om eit menneske let seg bruka av djevelen i å føra klagemål mot Guds barn, eller på anna vis påføra dei smerter og problem, vil det alltid stå ansvarleg for sine gjerningar, og til slutt får dei sin dom. 


Ingen kommentarer: