fredag 26. desember 2014

Salme 44,9-20


Dette avsnittet er skikkeleg klage. Ikkje berre klage TIL Gud, men meir ein klage OVER Gud. Israelittane hadde litt erfaring med å gå ut i krig utan Guds støtte. Det kan me lesa om både i 4.Mosebok og i Josvas bok kap 7 og andre plassar. Det gjekk forferdeleg gale kvar gong. Dei leid alltid nederlag. Det same skjer med oss i dag. Når me går i vår eige kraft utanfor Guds plan. går det alltid gale med oss. Det endar med nederlag. Prøver menneske å kombinera kristen teneste med personleg synd, fell dei i djevelens snare. Då nyttar det ikkje å klaga på Gud. Nei, ein må klaga over seg sjølv og sjå på fiaskoen som eit kall til å venda om og få det vonde ut av livet sitt. 

Slik var det også for israelittane. Dei tapte mot fienden når dei levde i opprør mot Gud og hans lover, for då gjekk ikkje Herren ut saman med dei i krig (v.10). De måttei vika tilbake for fienden (V.11), vart slakta ned og måtte flykta i alle retningar (v.12). Israel kom på billisalg (v.13), og  folket måtte tola spott og hån frå nabofolka (v.14), mista respekt og vart til eit ordtak, ein gjeng som andre forakta og rista på hovudet av. 

Men det nederlaget som det er tale om her har tydelegvis ikkje sin grunn i synd. Salmisten skriv i vers 18 at "Alt dette har kome over oss endå vi ikkje har gløymt deg og ikkje svike di pakt". Dei har heller ikkje snudd ryggen til Gud, og dei har ikkje vike av frå Guds veg (v.19).  Likevel har lide alvorleg skade, blitt fordrivne frå landet og dekka med dødsskugge. 

Det er slike erfaringar som får salmisten til å klaga PÅ Gud. Er det noko lys her då? Ja, han klagar PÅ Gud TIL Gud. Det er rett. Når Gud blir uforståeleg, må me som truande menneske gå til HAN med klagemåla våre. For hos han er det hjelp å få. Kva er så Guds svar til denne salmisten? Det finn me i Salme 23: "Om eg må gå gjennom dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for vondt, for DU er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg." 

Truande menneske vert altså ført av Gud gjennom mørke skuggar for å erfara hans nærvær på ein måte som ein ikkje kan erfara nokon andre plassar. Dette må du berre VITA om du skal ha noko nytte av det når det står på som verst.  

I denne salma representerer forfattaren Kristus som tok folket si skam på seg (v.16). Då han gjekk inn i si liding, vart han håna og spotta av alle. Me ser det så tydeleg då han vert hudstsroken av dei romerska soldatane og fekk ei tornekrone tredd ned over hovudet og dei "hylla" han som kongen over jødane, slo han i andletet og spytta på han, og me ser det då han heng på krossen og folk seier til han: "Frels deg sjølv, så skal me tru på deg." 


Ingen kommentarer: