onsdag 17. desember 2014

Salme 43

Salme 42 og 43 høyrer saman. I mange bibelutgåver utgjer dei èi salme.
I vers 1 ber salmisten Gud om hjelp i ein konflikt eller i ein rettsprosess, at han må bli fridd frå menneske som fer med svik og vondskap, dvs frå menneske som heilt bevisst prøver å skada han.
Kristne som vert forfølgde for trua si opplever dette heile tida. Men det kan skje einkvar. Når folk føler interessene sine truga, kan dei bli vonde og svikefulle. Me har grunn til å be om å bli verna mot slike, og til å be om å ikkje bli slik sjølv. Å bli bevart frå svik og vondskap er viktigare enn å bli bevart mot svik og vondskap.

v.2: Salmisten veit at Gud passar på han. Dette er ein nedfelt sanning i Guds ord. Difor forstår han ikkje det som skjer med han, at han overleten til fiendar må gå og sørgja. Det er utfordrande for oss når røyndomen og Guds ord ikkje stemmer overeins.

v3-4: Men i staden for å døma Gud, ber salmisten om Guds lys. Er det noko han ikkje ser? Ei sanning han ikkje har fått med seg? Slik må me kristne be når me ikkje forstår kva som skjer med oss. Og så ber salmisten om å bli ført attende til Jerusalem, til Guds bustadar, ja, heim til Far i himmelen. Alle elska barn lengtar heim. Slik også med oss som er fødde av Guds kjærleik. Me lengtar heim til Gud der alt er godt, der me for all æve er utanfor all fare. Men me lengtar også til hans kyrkje, til fellesskapet med dei som elskar Gud vår Far. Fellesskapet med slike er himmel på jord.

Ingen kommentarer: