tirsdag 13. januar 2015

Salme 44,21-27



Det jødiske folk på veg i diaspora


v.21-23: Igjen ser me at det er ikkje synd eller ulydnad som har ført vanskar over Israel denne gongen. Nei, snarare tvert om, det er deira rettferd som har gjort det vanskeleg for dei. Alt som har skjedd, har skjedd for Herrens namn skuld, les me. Det er altså snakk om forfølging.

v.24 er ei bøn om at Herren skal reisa seg og aksjonera. Salmisten insinuerer at Gud søv og at han må sjå til å vakna og ikkje støyta folket bort for alltid. Han vil at lagnaden skal snu, at dei skal få koma attende til Jerusalem, til templet, til Gud sjølv og finna balansen i livet attende, få det rett og godt.

Men det vil seg ikkje. Vers 25 er eit spørsmål om kvifor Gud løyner andletet sitt, og kvifor han gløymer den naud folket er i. Vel, Gud gjer nok ikkje det. Men han tek seg ofte god tid. Det synte han også på israelittane i Egypt. Først etter 400 år med slaveri, greip han inn og fridde dei ut.

v.26 er ei skildring av korleis folket har det. Dei søkk stadig djupare, og kjenner seg pressa mot jorda. Det er ganske ille, og dei har ingen kraft til å reisa seg og berga seg sjølv.

v.27: Difor ber salmisten om at Gud i si miskunn skal fria dei ut, ja, for si miskunns skuld, som det står i King James-oversettinga. Det er ein sterk appell. Salmisten seier til Gud: det handlar ikkje berre om oss og vårt vel, men om det ryktet som di miskunn skal ha mellom menneska. For det er jo slik at når Gud svarer bønene våre og friar oss ut av stor naud, får hans namn ære og hans hjartelag blir rost og kjent for andre.

Ingen kommentarer: