onsdag 5. mars 2014

Salme 40,2-4

2 Eg venta og vona på Herren.
          Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.
         
   
 3 Han drog meg opp or den tynande grav,
          opp av den djupe gjørma.
          Han sette mine føter på fjell
          og gjorde mine steg faste.
         
   
 4 Han la ein ny song i min munn,
          ein lovsong til vår Gud.
          Mange skal sjå det og ottast
          og setja si lit til Herren.


David var komen ut i litt av ei hengemyr. Han fortel oss ikkje kva det var, men me veit jo at livet hans var dramatisk nok, med mange års flukt frå kong Saul, livstrugande sjukdom, alvorleg personleg synd, ektekspasproblem, og svære familieproblem. Støtt og stadig mangla han fotfeste og kontroll. 

v. 2
I slike situasjonar hadde han ofte berre ein ting å gjera: Å venta og vona på Herren. Truande har gjennom alle tider erfart at ein må det. Å be til Gud er ikkje å skru på ein knapp. Han svarer i rette tid, og det er sjeldan med ein gong. Men Gud er ikkje passiv i liva våre medan me ventar. Tvert om. I slike tider er me i Guds spesialskule, og han gjer forunderlege ting med oss då:  han lærer oss å tru utan å sjå, og å elska han for den han er, og ikkje for det han gjer. Medan me ventar på det skal skje som me ønskjer og lengtar etter, gjer Gud dei største under i liva våre utan at me tenkjer så mykje over det. Men saka er: Gud er aldri passiv i ditt liv.

Det er mange tynande graver her i verda. Det kan vera eit økonomisk uføre, eit rusproblem, ei psykisk liding, ein funksjonshemming, ein dødeleg sjukdom, eit syndig livsforhold du ikkje kjem deg ut or, ein konflikt du ikkje ønskjer og ikkje handterar, problem i ekteskapet, det kan vera krig, forfølging og flukt. Då er alt i oppløysing. Desse tynande gravene gjer oss redde og avmektige. 

v.3
Bodskapen i dag er: Han som sto opp frå grava 1 påskedag, vil dra alle sine vener opp av alle slags tynande graver når dei ber han om det. 

Peter gjekk på vatnet. Det gjekk bra så lenge han såg på Jesus. Men så tok han augo bort og såg på bølgjene. Då vart trua trekt ut av han, og han sokk ned i djupet. Hadde Jesus kontroll? Naturlegvis. "Herre, frels!" ropte Peter, og straks var Jesus borte hos han , bøygde seg ned og drog han opp. 

"Herre, frels!" er eit godt bønerop. Måtte alle syndarar koma i ein situasjon der dei må ropa til Herren om frelse. Då er Jesus hos dei og frelser dei ut av synda og gjer dei til Guds barn av nåde. 

Og alle som har opplevd frelse, bør gjera Peterbøna til si eiga daglege bøn på vegne av alle ufrelste: "Herre, frels!" Kanskje det skal vera vår bøn i den fastetida som me no går inn i. 

David opplevde Guds forløysande inngrep. Situasjonen endra seg mirakuløst og han fekk fast grunn under beina. Det er fantastisk: Gud frelser alle som ikkje kan frelsa seg sjølv, alle som ropar, ventar og vonar. Men det er ein bodskap i historia om Peter som me må få med oss: Hald blikket fast på Jesus, for så lenge du gjer det, går du på vatnet, og du slepp desse nedturane som elles kjem. 

v.4
David vart berga, og han kunne gå vidare med faste steg. Då steig humøret og lovsongen kom tilbake med større kraft enn før, ja, så pass at det vart ei åndeleg vekking rundt han.

Her er det ein sterk bodskap: Når Guds barn lovar og prisar Herren, kjem Herren nær, og folk rundt oss begynnar å ottast Gud og dei spring til han for å bli hans barn dei også. Er det så enkelt? Ja, så enkelt er det.

Og så ein ting til: David lova og prisa Herren etter at han hadde fått fast grunn under føtene. Det ligg ein sterk bodskap i Bibelen og den er slik: Gud skal lovast og prisast uansett, uansett om du sit til livet i uløyselege problem. Kva skjer då? Då erfarer du Guds nærvær midt i problema, og brått ser du at dei problema som du har er ingenting mot kor stor, mektig og god Gud er. Gud er mykje, mykje større enn alle våre problem, og når me lovar og prisar han, oppdagar me at det handlar ikkje om våre problem i det heile tatt her i livet. DET HANDLAR BERRE OM GUD.  Så har me i lovsongen fått ein herleg medisin mot sjølvopptattheiten.

DU HAR ALDRI NOKON GOD GRUNN TIL IKKJE Å LOVA OG TAKKA HERREN!
 

Ingen kommentarer: